onsdag 19. november 2014

Lille Ludvig

Etter 3 månader som barnehagelærarstudent er det framleis en del att. Det er heldigvis vanvittig spennande fag, og ein heilt ny verden. Det blir som å sjå tilbake på eigen barndom, og prøve å finne ut om dette var noko du kan relatere deg til. Og det er det mykje av.

No leste eg nettopp at barn gir materielle ting liv. I eine pensumboka las eg ein kort historie om ein gut som slipper eit dropspapir ut av ein vindu, og som umiddelbart angrar, fordi no er jo dropspapiret heilt aleine i verden. Han svergar på at han skal redde dette, og han skal gjere dette før han dør.

Eg også gav mine materielle ting mykje liv. Små figurer kunne vere uerstattelige skatter, og dei kunne voktast med livet.

Ein av disse uerstattelige tinga eg hugsar spesielt godt, var ein liten blå bie-bamse på ein nøkkelring. Denne heitte Ludvig, og var kjempesøt. I ein sommerferie, eg hugsar ikkje kvar, tok vi ein skiheis opp til toppen av ein bakke. På veien opp falt Ludvig ned, og det var heilt krise! Men vi fant han etterpå, takk og lov.

Sidan forsvant han, og det gikk opp for meg at han mest truleg hadde blitt kasta på bålet ein gang min mor rydda rommet til lillebror Joakim. Rommet hans er og var eit kronisk bombenedslag. Tenk at Ludvig hadde blitt brent! Og det var han nok, mest sannsynlig. Joakim er ikkje ryddig av seg på ein flekk, og det var ein relativt liten bamse.

Eg vart kjempelei meg over dette tapet, men måtte bare ta meg saman. Eg gikk jo på barneskulen, i eit av dei siste åra der, og kunne ikkje grine over ein liten, blå bamse. Hallo liksom. Ein gang i gymtimen, mens vi var ute på idrettsplassen, måtte eg bare snu meg vekk og blinke hardt for å få vekk tårene. Tanken på den lille, blide, blå bie-bamsen som blei brent opp, blant rusk og ark var litt for mykje.

En så liten bamse, og så masse følelsar! Gutten med dropspapiret har min fulle sympati. Eg og Joakim ni-leita på rommet hans i dei påfølgande dagane etter Ludvig sin mystiske forsvinning, men det var resultatlaust. Han dukker opp i minnet mitt i blant (Det er første gang eg forteller dette vidare), og minner meg her kor viktig det er for barn å ha små skatter, og å respektere at noko som virkar uvesenlig for voksne, er gull for små barn. RIP Ludvig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar