torsdag 9. oktober 2014

Paraplybaletten




























Det forundrar meg kor uanstengt
vi alle dansar paraplybaletten.

Her i Bergen, der paraply blir ein naturleg 
kroppsdel, klarar alle å følge med i valsen

Vi møtes i trange smug, trippande over 
våt brustein, med paraplyen stolt heva

Og vi unngår kræsj, gang på gang.

Er du høgre enn meg, hevar du paraplyen lett, 
og eg lener paraplyen forsiktig til sida

Er du utan paraply (stakkars), løfter eg paraplyen, 
sånn at den i eit kort augeblink dekker oss 
begge og skjuler oss fra himmelen

Er det tak, slår vi den saman, og bærer han 
som eit nedslått sverd, klare til hogg!

Og om paraplyen skulle vrenge seg, er det 
ingen som ler

Vi ser i medynk at du kaster paraplyen i nærmaste bosspann.

For ein paraply som ikkje tåler Bergen, tåler ikkje livet.

Og skulle det slå til, og vinden rusker for hardt
i stae paraplyer, som nektar å bøye seg og 
som heller lar oss fly meter på meter i vindkasta

Og vi må gi opp kampen mot elementa og slå den saman

Så lar vi vinden og regnet ruske oss i ansiktet, og 
småløper til vår inngangsdør

I den fargerike byen, verdens beste by

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar