fredag 29. august 2014

Forviklingar

I går havna eg nesten hos psykologen.

Det var torsdag, og eg var ferdig på skulen. Eg hadde ein avtale med min besøksvenn, og gikk mot eldresenteret der ho bur. Der må man ringe på for å komme inn, og eg trykte på knappen og venta. På innsida stod det ei dame, som hasta bort for å låse meg inn.

"Er det Sigrun?" spurte ho. Det var Sigrun (OBS: Ikkje ekte navn) eg skulle besøke, så dette kunne eg bekrefte. Damen tok meg i handa, presenterte seg som Sissel, eg mumla fram eit lite "Anna", og ho bad meg sette meg ned i ein stol rett innanfor inngangsdøra. Ho skulle berre på do en rask tur, fortalte ho, så kom ho tilbake.

Eg venta pliktskyldigst på stolen, bladde litt i en avis og synest det var litt rart at denne Sissel visste at eg skulle til Sigrun, men tenkte ho kanskje hadde noko viktig info til meg. Ho kom tilbake, og viste meg inn på eit rom rett ved sidan av.

"Vil du ha noko, kaffi eller te?" spurte ho, og eg tenkte at litt kaffi kunne vel smake, freidig som eg er. Så eg takka ja til litt kaffi, satte meg ned i sofaen, og fekk servert ein kopp i ekspressfart. "Kva med deg, kven er du for ein?" måtte eg spørre, då eg framleis var litt i villrede på kvifor eg var der og kven ho var.

"Eg er kaffidrikker, eg!" svarte Sissel muntert, og forsvann ut av rommet med kaffikanna. Dette gav meg egentlig ikkje noko meir svar på kven ho var, sjølv om ho var utruleg blid mot meg. Ho kom inn att. Eg måtte bare spørre igjen, eg. "Ehh javel. Men korleis visste du at eg skulle besøke Sigrun?"

Sissel stoppa litt opp. "Er det ikkje.. Er det ikkje du som er Sigrun?" Dette kunne eg avkrefte. Eg skulle besøke Sigrun, eg var nok dessverre ikkje Sigrun. "Var det derfor du sa Anna! Eg trudde det var etternavnet du sa, eg!" sa ho.

Det viste seg at denne trivelige damen var ein psykolog, og jobba mykje med pasienter som var hørselshemma. Eg kom til bygget akkurat i det den andre Sigrun skulle komt, og passa i alder og kjønn, så då hadde ho komt springande for å sleppe meg inn. Mange hørselshemma ringer på, men kan ikkje heilt høyre kva svaret er, så difor var ho ekstra påpasselig med å sluse inn pasientane sine.

Vi måtte bare le begge to, og då det viste seg av min besøksvenn Sigrun var sjuk, returnerte eg nokre minutt etterpå. Den hyggelige psykologen venta enno, den andre Sigrun hadde ikkje dukka opp. "Kanskje eg skal ta denne timen likevel" sa eg. "Kva skal vi snakke om i dag?" Ho bare lo av meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar