fredag 29. august 2014

Forviklingar

I går havna eg nesten hos psykologen.

Det var torsdag, og eg var ferdig på skulen. Eg hadde ein avtale med min besøksvenn, og gikk mot eldresenteret der ho bur. Der må man ringe på for å komme inn, og eg trykte på knappen og venta. På innsida stod det ei dame, som hasta bort for å låse meg inn.

"Er det Sigrun?" spurte ho. Det var Sigrun (OBS: Ikkje ekte navn) eg skulle besøke, så dette kunne eg bekrefte. Damen tok meg i handa, presenterte seg som Sissel, eg mumla fram eit lite "Anna", og ho bad meg sette meg ned i ein stol rett innanfor inngangsdøra. Ho skulle berre på do en rask tur, fortalte ho, så kom ho tilbake.

Eg venta pliktskyldigst på stolen, bladde litt i en avis og synest det var litt rart at denne Sissel visste at eg skulle til Sigrun, men tenkte ho kanskje hadde noko viktig info til meg. Ho kom tilbake, og viste meg inn på eit rom rett ved sidan av.

"Vil du ha noko, kaffi eller te?" spurte ho, og eg tenkte at litt kaffi kunne vel smake, freidig som eg er. Så eg takka ja til litt kaffi, satte meg ned i sofaen, og fekk servert ein kopp i ekspressfart. "Kva med deg, kven er du for ein?" måtte eg spørre, då eg framleis var litt i villrede på kvifor eg var der og kven ho var.

"Eg er kaffidrikker, eg!" svarte Sissel muntert, og forsvann ut av rommet med kaffikanna. Dette gav meg egentlig ikkje noko meir svar på kven ho var, sjølv om ho var utruleg blid mot meg. Ho kom inn att. Eg måtte bare spørre igjen, eg. "Ehh javel. Men korleis visste du at eg skulle besøke Sigrun?"

Sissel stoppa litt opp. "Er det ikkje.. Er det ikkje du som er Sigrun?" Dette kunne eg avkrefte. Eg skulle besøke Sigrun, eg var nok dessverre ikkje Sigrun. "Var det derfor du sa Anna! Eg trudde det var etternavnet du sa, eg!" sa ho.

Det viste seg at denne trivelige damen var ein psykolog, og jobba mykje med pasienter som var hørselshemma. Eg kom til bygget akkurat i det den andre Sigrun skulle komt, og passa i alder og kjønn, så då hadde ho komt springande for å sleppe meg inn. Mange hørselshemma ringer på, men kan ikkje heilt høyre kva svaret er, så difor var ho ekstra påpasselig med å sluse inn pasientane sine.

Vi måtte bare le begge to, og då det viste seg av min besøksvenn Sigrun var sjuk, returnerte eg nokre minutt etterpå. Den hyggelige psykologen venta enno, den andre Sigrun hadde ikkje dukka opp. "Kanskje eg skal ta denne timen likevel" sa eg. "Kva skal vi snakke om i dag?" Ho bare lo av meg.

mandag 11. august 2014

Besøksvenn

Rett etter nyttår var eg ferdig på Hulen som PR-ansvarleg. To fantastiske år med frivillig arbeid, av og til uoverkommelige mengder, men for det meste vanvittig kjekt, og veldig givande.
Så då det slutt, og plutselig var "fritid" ein reell ting.

Så kva skulle eg finne på då? Inspirert av to Facebook-veninner, meldte eg meg opp som besøksvenn på Røde Kors. Og litt kursing seinare (Bl.a. eit førstehjelpskurs, som eg er veldig glad for at eg har, introduksjon til Røde Kors og eit krisekurs) fekk eg utdelt ein venn. :)

Tur med min besøksvenn. Bilde er lagt ut med hennas tillatelse :)





















Som besøksvenn avtaler du besøk ein gang i veka (Eller annakvar veke, men då gjerne litt lengre besøk). For min del, vil min venn at vi går på tur. Ho sit i rullestol, og kjem seg ikkje mykje ut. Det er utruleg kor mykje dette betyr for ho, sjølv om det tar berre ein times tid i veka for meg.

Vi drar ut, set oss på café, drikk kaffi og et kake, ser på folk, ruslar rundt i byen og det er berre koselig. Eg får også trent armmusklar når eg dyttar rullestolen rundtom, så kjem til å bli megasterk!

Alt i alt, så er dette ein frivillig tjeneste som betyr så utruleg mykje for dei ensomme som ikkje har så mange rundt seg. Eg får alltid høyre kor utruleg godt ho synest det er å komme ut, og kor stor pris ho set på turane våre. Så vil gjerne oppfordre dei som har ein ledig time i veka: Det er fullstendig ufarlig, det er i nærheten av der du bur, og det er utruleg koselig. Dessutan vil det garantert vere ein som får eit stort lyspunkt i kvardagen av nettopp deg. Og det er jo ein veldig fin ting. :)

lørdag 9. august 2014

Halv åtte og det som verre er

For dei som følger med på den fantastiske serien Archer, så har de nok fått med dykk at i sesong 4 ("Archer Vice") gir Cheryl ut ein countryplate under artistnavnet Cherlene. Denne lagde dei også i virkeligheten, og den er blant mine favorittplater (Sjekk den ut på Spotify!).

Ein av sangane, "Cherlene's Broken Hearts & Auto Parts" (Link til Youtube her) starter med "Ain't been the best of years so far", og denne veka kunne eg så lett synge noko lignande: Ain't been the best of weeks so far..

For i blant går alt på halv åtte, og uansett kva eg foretok meg, så slutta det liksom aldri med nedturane! La meg rolig fortelle:

- Forrige laurdag starta eg friskt med å bli så snydens på Piña Colada at eg gikk heim fra byen før klokka var 1 pga var dårleg. Kjøpte burger før eg dro heim, og hugsa at eg spiste nesten heile. Kan dog ikkje hugse at eg like gjerne kasta den opp att. På møblementet mitt. Fulle-Anna hadde i tillegg prøvd å skjule fadesen med å legge ein tom chipspose over. "There I fixed it". FML.

- Øyvind er vekkreist heile veka. FML.

- Lagde middag, fekk en enorm foodbaby. Var seriøst i tvil på om eg var a) gravid, b) meir sulten eller c) sjukt mett. Gikk for B, og åt enda meir. Døde nesten. FML.

- Oppdaga at ferie betyr dessverre at kondisen synker. Kraftig. Ein joggetur på tirsdag holdt på å drepe både meg og min kollega Ingvild. FML.

- Den mest irriterande tingen som skjedde, var at eg glemte at eg hadde ein legetime. Dette kunne vert OK, ein rein forglemmelse, men denne timen fekk eg tildelt i mai, altså for tre måneder sidan. Dessutan er det andre gang på under ein måned at eg misser ein legetime. Det samme skjedde då eg var heime i Breim og skulle sjekke ein infeksjon på auget på sjukehuset i Førde. Då trudde eg det var fredag timen var, og oppdaga fredag morgon at det var feil, for eg skulle vert der onsdag. Så nok ein gang må eg betale for ein legetime eg ikkje har møtt opp på pga er i svime, og mest truleg i tillegg bestille ein ny time for å rette opp i fadesen. FML.

- Skulle lage middag, og klinke til med ein posesaus. Denne åpna eg så knallhardt at heile posen med saus blei sølt over heile komfyren. FML.

- Gikk fra jobb, og venta på bussen. Det er sommerruter, så bussane går ca en gang per fullmåne. Då det omsider kom ein buss, hoppa eg på denne. Dessverre hadde eg i ein akutt talldysleksi blanda buss nr 12 og buss nr 18. Nummer atten går ein omveg og tar lengre tid, men i rett retning tilslutt, nummer tolv går totalt andre vegen. Fekk angst og trudde sjåføren var dritafull som køyrte feil veg. Hoppa av på første stoppet, og såg buss nummer 4, som eg pleier å ta, rulle avgårde fra busstoppet på andre sida av vegen.  Denne rakk eg ikkje, men skundta meg til Oasen der den har neste stopp, bare for å misse den på nytt. Denne tabben kunne blitt forbigått i stillhet, hadde det ikkje vert for at min kollega Ida tok fire-bussen, og fekk med seg alt. Ho lo då dro avgårde. Med ho ombord. FML.

- Knuste to kopper på jobb. FML.

- Har komt inn på Høgskulen i Bergen på barnehagelærar, og fekk beskjed om at eg måtte ordne studieplanen før 12. august. Studentweb der ein fikser slikt, er ganske tøysete, og skjønte ikkje heilt nettsida. Riktig antall studiepoeng var umogleg å fikse, og det gikk ikkje å legge til fag slik at Lånekassa ville bli glad. Venta nokre dager for å sjå om det ordna seg, det kom ingen endring, sendte ein bekymra e-post, og fekk beskjed om at det var bare å godkjenne planen slik den var, det var heilt i orden og alt var OK. Så mykje styr for ingenting. FML.

- Vann ingenting på vinlotteriet på jobb. Tok lodd for 50kr. FML.

- Har framleis ikkje lov til å gå med briller på grunn av augeinfeksjon som eg var til legen i Førde med. Det har vert strålande sol i det siste, så eg har myst i fleire veker. FML.

- Og for å toppe det heile, så skulle eg kjøpe nokre solbriller fra Nelly.com pga 25% på svarte Ray Bans som eg har superlyst på. Så la alt i handlevogna, og skulle sende inn bestillinga. Fekk då beskjed om at eg var registrert fra før av, og kunne få tilsendt nytt passord så eg kunne logge meg inn.
Supersweet det tenkte eg, så fekk logga meg inn, og sendt bestillinga. Dessverre viste nettsida ikkje leveringadresse før bestillinga var betalt og registrert. Sendte då sporenstreks e-post til kundeservice med info om at adressa var feil, og at eg no hadde retta denne til riktig e-postadresse, så om dei kunne vere så snille å sende dei til min nye?
Fekk svar at bestillinga var registrert på Lyder Sagens, og alt var OK. Takka hjertlig, og fekk til svar fra ein ny person fra Nelly at dette var feil info; Bestillinga var registrert på min gamle adresse, men dei skulle sende den til meg på nytt når den kom i retur til dei. Vanligvis tok dei 149 kr for dette, men denne gangen skulle det gå bra sidan eg hadde fått info om at alt var i orden. Takka igjen hjertlig for dette, og fekk enda ein ny e-post, fra enda ein ny person om at dette var feil info igjen: Pakken ville komme i retur til Nelly, og dei ville då sette pengane tilbake på min konto.
Sendte e-post for å bekrefte at eg hadde skjønt det rett, og fekk svar (Fra enda ein ny person) om at dette stemte, men dei kunne trøste meg med at brillene var til salgs på nettsida enno - no til full pris. Tusen takk for det. FML.

- I stad tok eg meg ein joggetur. Det endte med at eg måtte gå 90% av turen, fordi eg ikkje var i stand til å jogge raskare enn din bestemor med rullator kan klare når ho går baklengs i ei rulletrapp. Beina var faktisk laga av bly. Eg vart ikkje overraska over dette, for å sei det slik. FML.

Så sånn går no dagane. Eg må bare le av dette, det er så latterlig heile greia at absolutt alt går på tverke. En ulykke kommer sjeldent alene, og denne veka har vert heilt vill.

Håpar det er juleferie snart! :)