torsdag 5. juni 2014

Makeover

I går klipte eg håret! Det vart så styla og fiksa og glatt rett etterpå at eg vart heilt stressa! Såg ut som eg skulle ut og selge eigendommar, mangla bare buksedressen. Etter ein dusj i dag tidlig vart det betre; Litt mindre nyklippa, litt meir rufsete, litt meir Anna! Så no er eg supernøgd:





















I dag tidlig kom eg på nettsida med Hollywood Makeover, der du kan teste korleis du ser ut med diverse hårsveiser. Det var egentlig litt for seint for meg, men er såpass nøgd, at eg i staden tok bilde av ein litt tjukk katt, og køyrte makeover på den.

Enjoy:





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar