mandag 30. juni 2014

Birdwatching

For nokre veker sidan passa eg katt. Han likte å sitte på branntrappa og sjå på fugler. Fuglane likte ikkje han. Det var skriking, nært-flying og generell ufin fugleoppførsel. Men Tristan hold stand, og blei værande.

I eit forsøkt på å finne ut av kva som var fascinasjonen, satte eg meg på trappa med Tristan for å utføre dei deltakande observasjon av kva fulgane styrte med som var så gøy:

Kl 22:28: Fugl lander med diger brødskrope i munnen. Lander på tak.

Kl 22:30: Måke jager annan måke. Rister på halsen når den lander på sitt tak. Tipper det er bestetaket.

Kl 22:31: Måken med brødskropa gulpar denne ned på høgkant. Globb globb globb. Borte.

Kl 22:34: Tristan er lei, og har gått inn for å klore på dørmatta til naboen. Eg legg merke til at føttene mine stinker.

Kl 22:35: Måkene sitt i ro.

Kl 22:35: Den eine flytta seg fra eitt tak til eit anna tak, ca 6 meter borte.

Kl 22:36: Måkene sitt i ro.

Kl 22:37: Det kom ei måke flygande. Dei 3 sittande måkene tok ingen notis. Tristan mjauer. Han også liker ikkje måker.

Kl 22:38: Tristan klatrer opp i fanget mitt. Vi avslutter måkejaktinga her. No: Kosetid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar