mandag 7. april 2014

Nocializing!

Kjære alle saman.

I dag vil eg vise dykk eit ord eg blir bare meir og meir glad i:

NOCIALIZING.

Dette minner om, men står i sterk kontrast til, det engelske ordet "Socializing". Det blir dessverre meir og meir aktuelt.

Urban Dictionary forklarer dette som følgande:

The act of being out in a social public setting (i.e. Restaurant, Cocktail Bar, Coffee shop) and only spending time on your mobile device; not the people with or around you.

Dette er eit fenomen som bare irriterer meg meir og meir. Det er så lite sosialt og så ufattelig uhøflig at eg faktisk held på å klikke. Kjære folk: Er de ute blant folk, så la mobilen ligge litt i ro, da. Facebook kan de oppdatere seinare. Instagram går ikkje nokon stad. Twitter går stadig framover, men du får nok med deg det mest interessanne likevel. Du kjem til å vere tom for strøm etter at du har sjekka alt dette likevel, så vent med det.

Sjølv prøver eg å vere flink på dette, og tar meg sjølv i det (Sjølv om eg av og til glipper altså). Er eg ute med nokon, så er det trivelig at dei faktisk gidd henge med meg. Då fortener dei at eg er tilstades, ikkje berre fysisk, men også mentalt.

Neste gang eg kniper nokon i å bruke meir tid på mobilen enn folka rundt der, vil nok fristelsen til å lett og ledig klapse mobilen ut av hendene deira vere stor. Leste om nokon som hadde ei korg dei samla inn mobiler og nettbrett før folk fekk komme inn i stua. Det er rett før eg henger opp ei korg, eg også. :)

Tough Love Teddy Out:



onsdag 2. april 2014

Shuffleboard FAQ

Ting eg kunne blogga om:

- Silje
- Tinder
- Framtida
- Fortida
- Ponnier


Ting eg bloggar om i staden:

- Shuffleboard


SHUFFLEBOARD FAQ:
Q: Er shuffleboard vanskelig?
A: Njaa. Litt. Ganske. Ikkje egentlig. Kanskje viss du er blind. Skal prøve i kveld!

Q: Kor mange poeng kan du max få i Shuffleboard?
A: Tja, ti? Tjue? Hundre?

Q: Kvar stammer Shuffleboard fra?
A: Eeh. Amerika. Eller Nederland.



Spørsmål og andre henvendelsar kan sendast til denneepostenerbaretøys@shuffleboard.net yo.