mandag 24. mars 2014

Wanderlust


Kjære verden,



Fredag kjøpte eg meg ein globus, og brukte så eit kvarter på å bare snurre, stirre og drømme.



Ta meg til Casablanca, og en pianobar, da vel.



Bahamas, er ikkje alt litt betre der?



Cuba, før notida tar deg, og du mister din uimotståelige sjarm.



Fillippinene, eg har aldri møtt deg, men vil gjerne bli kjent.



Kanskje Frankrike, Bordeaux for å drikke vin i så store kvanta at Glomma blir misunnelig, eller Marseille, og finne at franskmannen eg var så forelska i sommaran 2005.



India. Heile deg, rubbel og bit. Folk og fe.



Shanghai, eg kjem tilbake ein dag!



Panama, må berre finne Tigeren og Bjørnen, så drar vi for å drikke kaffi og vasse i kanalen.

mandag 17. mars 2014

Major Hangup: Deilige dansker og Svømmebasseng!

MØ - Don't Wanna Dance
Første danske kvinne på lista, og eit album eg har store planer om å lytte sønder og sammen.




Linkoban - Oh Oh
Do the thing with the hip! Denne dama fekk eg anbefalt i fjor, men har ikkje tatt meg tid til å lytte på ho før ho havna på ei ny musikk-liste på P3. Og då!




Svømmebasseng - Transit:
Danser litt i transit! Bandet med kanskje det raraste navnet på evigheter har denne utruleg sommarlige sangen:

mandag 10. mars 2014

Favorittsanger med sjølvsensur

Søndag tok eg min første tur opp Stoltzen for året, og hørte på ein god miks av Herreavdelingen, Tore og Einars Podkast i anlednings grunnlovsjubileumet 1814-2014 og musikk. Ein av sangane som kom, var Klovner i Kamp sin sang "Valsen".

Først då gikk opp for meg at Klovenene sensurerer seg sjølv ved hjelp av "Haha haha ha". Dette er fordi det er EGENTLIG meininga at ordet "musikk" skal rime med noko heilt anna, men dei avbryter seg før dei får sagt ufine ord! 

"Jeg skulle tatt deg med på et hotellrom og lagt deg på senga og satt på musikk
Han skulle tatt deg med på et hotellrom og lagt deg på senga og gitt deg litt hahahaha"

Det hadde eg ikkje tenkt over i det heile tatt før no, så då høyrte eg sangen to ganger på rappen, og tenkte over andre sanger eg visste om der det er meininga å vere ufin, men som blir sensurerte av seg sjølve.

Det er jo det samme som Monster Magnet gjer i sangen "Spacelord", og som Jokke & Valentinerene tyr til i deilige "Sola skinner".

Spacelord:
"And sing.. Space Lord Mother HUH!"

Jokke & Valentinerene:
"Og jeg var full av dritt, og du var drita full,
og det var kjærlighet ved første.. Na na na na!"

Så her. Dei 3 sangane eg kom på med innlagt sjølvsensur lina opp i form av nyttige YouTube-videoar:









Snakkes, motherf-- HAH

onsdag 5. mars 2014

Hopper, Edward

For ikkje så lenge siden leste eg ei bok av Frode Grytten, "Rom ved havet, rom i byen". Denne tok for seg den fiktive historia til 10 maleri av Edward Hopper. Det handla om kjærleik, ny og gammal, kommunikasjon og mangelen på den, og historiene er i likhet med maleri litt melankolske, enkle i forma og likevel komplisert ukomplisert.

Her en dag kom eg plutselig på denne boka, då eg venta på bussen på Oasen, og klokka var 22, det var mørkt ute og eg hadde berre musikk til selskap. Det var noko med heile arkitekturen som minte meg om maleria; store flater og få detaljer, og en forbigåande, dyster kjensle med det heile. Då eg kom heim, googla eg han, og oppdaga at det var mange fleire bilder eg likte.

For å ikkje glemme det, så samla eg opp eit par favoritter. Nokre kjente eg igjen fra boka, andre har eg falt for utan at eg kan hugse å ha sett dei før, og Nighthawks er jo viden kjent og parodiert (Såpass at eg nesten brukte ein versjon med ein Dr Who politiboks i bakgrunnen.. Nesten!).

New York Movie (1939)

Nighthawks (1942)

Room in New York (1940)

Summer Evening (1947)

Sunlight in Cafeteria (1958)

Ground Swell (1939)

New York Office (1962)

Hotel Lobby (1943)