torsdag 23. januar 2014

Haiku på norsk

Gårsdagen såg kjedelig ut. Det planlagte representantskapsmøtet på Hulen vart avlyst i siste liten på gunn av e-postkrøll, og dermed stod eg plutselig utan nokon form for planer. Sidan eg tydeligvis lider av ein slags FOMO (Fear Of Missing Out), var eg litt i beit for kva eg skulle finne på no. En heil onsdag utan nokon planar? OUTRAGEOUS! Herregud! Skal eg kjede meg, liksom!?

Heldigvis piska Apollon og AKKS opp med Rockebingo, og eg & Eirik tok turen for å sikre oss sjokolade/ukulele/kazoo og konsertbilletter til Hulen. Det gikk sjølvsagt åt skogen, sjølv om eg faktisk var éit lusent tall unna bingo (Fuck you 47)!



































Innimellom blei det diktlesing, som drunka i latter fra bingovertene, og derfor beslutta eg at eg skulle skrive eit eige dikt. Valget falt på haiku, ettersom det dukka opp eit vagt minne fra norsktimane på vidaregåande hadde hamra inn at det skulle vere 17 stavelsar.


BINGO-HAIKU:







































Dan fekk velge tema på Haiku nr 2 (Lys og øl), og dette mesterverket skred fram mellom bingobrett, penner og øl i vinduet på Apollon:

Øl- og lys-Haiku:
Gyllen drikke i blank kopp
gir gode minner
men du glemmer fort

Litt support på dette haiku-inga fekk eg også; Eirik bidro med stavelseskontroll, samt opplysningar fra Wikipedia som gjorde at mine første Haiku var feil på ca 15 forskjellige punkt:

Haiku-regler 101:
- 17 stavelser
- Første linje skal ha tilsvarande 5 stavelser, andre linje 7 og siste 5
- Det må vere element av natur og årstid
- Ikkje rim

Med desse nye køyrereglane friskt i sinn, satte vi i gang. Dan og Håvard kom også med sine innspel, og trur vi klarte å skrive ekte Haiku denne gang. Bare sjå, og ring Norsk Haiku-forening:

Kunst eller møkk-Haiku:
Humle i snøstorm
Fanga i kjøleskap
Mangler ikke mat

Lars von Trier-Haiku:
I sommarregn er
det meste flott om du er
sjukt kåt og viril

-Eirik, Dan, Håvard og Anna

mandag 13. januar 2014

Brød og vin og sirkus

Kanskje burde eg rømme med eit sirkus?

Klatre i manesjen og henge etter beina i en trapes

Og mens publikum holder pusten
SALTO MORTALE: Dødshoppet!
(Eit av mine favorittord i heile verden for øvrig)

Og avslutta nummeret med en flammeutblåsning og et glass vin.

OLÉ!


tirsdag 7. januar 2014

2014, ja hallo ja, der var du omsider

Mål for 2014:
- Kunne springe 1 kilometer samanhengande (I tilfelle Zombie-apokalupse)
- Klare "Hard"-level'en i Blooms 4 minst fem ganger
- Reise ein stad eg aldri har vert før

Stader eg aldri har vert, men som eg gjerne vil til:
- Tokyo
- Fillipinene
- India

Ting eg skal bruke enda meir i 2014:
- Raude leppestifter
- Glitterneglelakk
- Epler

Ting eg framleis lurer på:
- Smaker ulike kyr sin melk annleis?
- Korleis får hus på hjørnet sine gatenavn?
- Når skal eg nokonsinne lære meg ein heil sangtekst?