tirsdag 24. september 2013

Solbriller til besvær

Tidlig i dag frigjorde eg plass i ansiktet. Då fekk mine fine briller komme tilbake i boksen sin, og dei blei erstatta med litt for svake linser. Minnet om ein værvarsling full av sol, sol og atter sol, gjorde at eg forutsjåande nok putta eit par solbriller i veska. Og det var flaks. No hadde eg ikkje sjekka varselet, så eg kunne blitt gjort til skamme over denne optimismen så seint i september, men sola var der når arbeidsdagen var over.

På veg heim satt eg på bussen med Ida og såg på solbrillene. "Eg klarar ikkje heilt bestemme meg", sa eg "Veit ikkje om dei er fine eller om dei ikkje kler meg i det heile." Vi blei enige om at det var den typen solbriller som både ser kjempebra ut og kjemperare ut. Takk og farvel og vi sjåast på Festplassen, før eg gikk så mykje i sola som eg bare kunne, på vei heim for å trykke i meg en bolle havregryn og rosiner.

Utanfor Kode 3 var det en godt voksen mann som kom i mot meg. Like ved sidan av Astrup og Munch, med rød løpar og Lille Lungårdsvann, rett i mot meg på fortauet. Han hadde ansiktspryd han også, og desse såg tilforlaterlig ut som mine, bare at dei var svarte og hadde gjennomsiktige glass. Eg såg rett på han, og gav han eit veldig, veldig sakte nikk, så sakte at eg er usikker på om det var eit nikk eller bevegelsane mine som gjorde det. I det han gikk forbi, slo det meg:

Tenk, her hadde vi nesten samme briller! Eg på 26 og han på nokon-og-femti ca! Kven er kulast? Kven kom på dette først? Og er eg kul som etterlignar han, eller er han kul som etterligner meg? Er vi begge teite? Og tenk om vi har ein djupare forbindelse, som f.eks. at vi er soulmates, og at vi begge liker kvitvin og dinosaurer, og kanskje han har hatt en ponnigård, men vi vil aldri, aldri finne ut av det, fordi det kun er brillene som samler oss, og det er for lite påskot til å bli venner! Ikkje noko meir, det hadde bare vert rart, men tenk om vi var to alen av samme stykke; Søsken med stor aldersforskjell, som begge liker rare briller og som går raskt. Magiske brille-twins!

Det var i grunn merkelig for fort dette eskalerte inne i hjernen min. Heime surra dette i hodet mitt, og eg har nettopp fullført bollen med havregryn. I stad prøvde eg brillene igjen. Tok dei på meg foran speilet, og gav meg sjølv ein lang, hard kikk. Konklusjonen kom i grunn relativt raskt. Desse solbrillene er superkule, men eg har eit altfor bredt ansikt til å kle dei.

Så no får eg gi dei vekk til nokon som kan gi dei ein trygg heim i eit litt smalare ansikt:
Solbriller, opprinnelig H&M gies bort. Kjøpt på Fretex utan speil tilgjengelig, men med guiding av ei jente på ca 10 år som eg blei bestfriend med.
OBS: Kan medføre fare for treffing av soulmates og ivrig blogging!


mandag 16. september 2013

Brustein og regn og livet og jobb og sånt (og en katt!)

For tida funderer eg så jævlig over livet mitt! I går natt låg eg og tenkte og tenkte og tenkte. Tidligare i forrige veke var mamma var på besøk, og eg tok meg sjølv i å preike non-stop om livet over en middag. Stakkar fikk nesten ikkje komme til, men det var bare så masse som skulle ut. Er dette en slags gryande haustdepresjon? 26-årskrise? Eller bare en rastløshet som har satt seg i hodet?

Det blir mørkare og mørkare på kvelden, og det fristar meir og meir å sette på John Olav Nilsen & Gjengen, og huske tilbake til første semester i Bergen. Då trur eg faktisk ikkje eg såg dagslys, men bare lyset fra gatelysene. Enten fra vinduet, ute i gata på veg nokon stad eller gjennom vinduet på ein bar. Brustein og regn, og Hulen og ExPhil. No er halvparten flytta, vi er voksne og gjer andre ting enn å drikke oss kjempefull på ein heilt vanleg tirsdag og drikke kaffi mens vi lata som vi leste pensum.

På laurdag som var no jobba eg som hovedansvarlig på Hulen. I baren slo eg av ein prat med to unge, hyggelige bartenderar, men følte meg hauggammal då dei snakka om akademisk skriving og kva tekstar dei hadde valgt. Tekstar? Alfa, beta? Dette husker eg ingenting av. Ingenting.

I stad gikk eg tur rundt Store Lungårdsvann, og hørte en podkast av Herreavdelingen. Yan Friis skremte bikkja si så en gutt på skateboard ramla i buskene, og Finn fikk forslag om jobb fra en ikkje-navngitt jobbside. Geofysiker? Løsningsarkitekt? Bioingeniør? Kanskje det var det eg skulle blitt? Eller?

Hadde jobben på Hulen vert betalt, hadde eg faktisk ALDRI slutta. Det er heilt fantastisk trivelig, og så fantastisk gøy å vere med på alt fra laging av heimeside, sosiale medier, design, tekst, promotering på ulike plattformer, plakater, annonser og forhandlingar på korleis dette skal gjerast, og kor pengane skal plasserast. Herrefred for en herlig gjeng eg jobbar med, og så masse gøyt vi får til!

Men uansett kor gøy dette er, så er det vanskelig å få dette til å betale husleia. Og skal eg finne ein jobb der dette er betalt, så aner eg ikkje heilt kvar eg skal starte. Dessverre! Eg har ein bachelor i retorikk og medievitenskap, men blir slått i støvlane av jyplingar frå BI som har spesialisert seg på markedsføring. Eg kan skrive taler, men har ikkje stor politisk interesse. Eg kan lage plakater, men har ikkje heilt kapasiteten til å få det til å bli skikkelig stilig.

Så kvar skal eg starte? Det er så masse eg vil, så masse eg vil prøve og så mykje som skal stemme! Skal eg studere meir? Kva då i såfall? Ta en master og pedagogikk og bli lektor? Kan ein bli lektor med retorikk og medievitenskap? For vidaregåande medium- og kommunikasjon kanskje? Skal eg heller bli førskulelærar?  Likte jo kjempegodt å vere vikar, men der risikerer du jo relativt ustabile arbeidsforhold.. Skal eg bli i Bergen, eller må eg til Cuba, Japan, India? Prøve meg på Shanghai, Berlin eller kanskje ramle innom Gøteborg for å sjekke at det ikkje er sorger over meg der.

For rastløsheten har tatt meg, og eg snurrar rundt meg sjølv. Slår meg ikkje heilt til ro med noko, har alltid litt dårleg samvittighet for noko eg burde gjort, planlegg ting og har plutselig ingen fri på kveldane likevel (Hallo hadde eg ikkje fri etter klokka fire likevel?), og når eg har fri, som no, veit eg plutselig ikkje heilt kvar eg skal gjere av meg (Så då går eg tur og hører Herreavdelingen. Eller sakner Lars Saabye Christensen og Bernard Hvals forsnakkelser; Ei bok eg ønska aldri slutta. "Når jeg går, tenker jeg mindre".).

Eg skal ikkje klage (Det fører ingenstads), og eg burde i hvertfall ikkje klage (Så difor prøver eg å la vere, men no har haustdepresjonen tatt meg, såeh). Ser venner av meg som leiter etter jobb, med master innabords, og som ikkje finn noko. Det skal ikkje vere enkelt, men eg veit i hvertfall ein ting: Eg skal ikkje jobbe som dette resten av livet. Aw hell no. Folk er så sjukt forskjellige. Fra dei som ikkje ytrar eit ord som takk når vi har stått på hodet for å få til noko, til dei som er supertakknemlig for at vi på kundesenteret faktisk prøvde.

I blant saknar eg butikklivet. Dei som kom dit, tok sjeldent kontakt fordi dei hadde eit problem med noko. Dei kom dit av interesse, nysgjerrighet, for å lære noko nytt, spørre, grave, teste ut, kritisere, høyre om noko eller sjekke kva som er mogleg. Dei aller, aller fleste var hyggelige, og etterkvart hadde eg relativt stålkontroll på det aller meste, og kunne

Men samtidig saknar eg ikkje det ustabile livet der, med rush når du minst ventar det, maskiner som piper & unger som griner, ståing heile dagen, kveldsjobbing, nedskjæringar som gjorde at vi plutselig bare var éin på jobb kveldstid, merke at Bystasjonen som kjøpesenter er langt forbi sine glansdager og aldri helgefri. Det er en formidabel luksus at FREDAG = HELG, og det er kanskje bare en omstilling som skal til. Så eg burde holde kjeften min, men føler at eg stanger hodet litt i veggen likevel, og aner ikkje i kva ende eg skal starte.

Poenget mitt i alt det her? Det har eg mista, for femten linjer sidan. SRY.

Så her er eit bilde av meg & Emmi som avslutning (Fra vår beste side: en litt lav, froskeaktiv vinkel, med magen ut, dobbelhaka fram og munnen ned) :