tirsdag 30. juli 2013

Tankar bak/foran/under eit skrivebord

Yo yo yo!

Eg har snart vert litt over 3 veker i ny jobb, og så langt har det gått smooooth. Det er lavsesong (Heldigvis?), og dermed lærer eg ting litt og litt. Har enno ikkje dreve FotoKnudsen til konkurs, men året er ungt som ein seier. Hi hi. Neida!

Men eg har forsømt blogging litt. Når eg ikkje har en milliard dyr eg kan bombardere Facebook/Twitter/Instagram/blogg med, blir det liksom litt roligare. I staden blir det bading, maling og grilling. For eg har kjøpt meg stolar på Fretex. Og maling. Oooooh yes!

I staden kan eg fortelle om det som har komt til meg undervegs, gjennom å gjengi en drøss med notater eg har lagra på mobilen, av forståelige og uforståelige grunner:

Viss ein seier "Cocks taste good", så hørest det ut som "Tolv måneder" på estlandsk. True story (overhørt på bar).

Søndag 11. mai 2013, kl 03:16:
River i
En vacker drøm
Eg vil flytte hit
Og lære barna og svømme
Ja

Ikkje eingang om eg fekk ein million kroner, ville eg klart å nynne ringetonen eg har hatt på mobilen i over to år. Men høyrer eg antydning til den, våkner villdyret i meg. JAHALLOJA?

My feet have a stinking problem. Men seriøst. Kan avlive kattungar med den lukta. SORRY!

Shit, ønsker med Tintin sin intro som musikkfil på telefonen! Det hadde gjort dagligvarehandel ca 1000 ganger meir spennande!

Burde ikkje alle køyrt litt racerbil?

Kva om ein bytta ut eit og anna lys i tunnellane med diskolys? Spesielt på strekker der mange bilister sovnar pga kjedsomhet?

Roskilde-sjekkut-liste:
Linkoban
Chelsea Light Moving
Dead Can Dance
Black Rebel Motorcykle Club
Frank Fairfield
Harlem Shake loooool
The Lumineers

Topp 3 ting eg vil gjere før eg dør:
1) Stagedive
2) Nach med Trond Giske
3) Ta traktorlappen

Dyre-styret:
Alligator-André
Tissemaur-Tina
Ekorn-Espen
Ape-Anna
Måke-Magnus
Lama-Linn
Esel-Elisabeth
Ku-Kaja
Hyene-Hanna

TOLO: Tits Out Legs Open (Nikoline WTF?)

"Er livet egentlig verdt å leve lengre?" tenkte eg før eg nesten snubla ned trappa, med hendene fulle av to store poser med skitne kle. Dødsforakten forsvann like fort som den var komme, og eg klamra meg til rekkverket og hyperventilerte "HERREGUD EG OVERLEVDE!"

Hugs: 8. mai 2015:
- Kjøpe nok GIN OG TONIC
- SIGRARETTEr
- Princess Leia-stripper (kake)(darth vader-theme)

YOLOTATTOVERING

SWAG

Nok mystisk importøl

Sombrero til alle

Grelle Solbriller

Kamferdrops og bridgeblanding på borda

I LOVE bananas! (Arve, september 2012)
I HATE fish. (Star Wars Holiday Special, februar 2013)

Har du gruff i tuten? - Nicolai

Herregård.

Du stirrer tomt ut i lufta når jeg prøver å kommunisere ting

What's a 'door nut', Alana?

Kill Fuck Marry:
Du har valget mellom tre likeverdige alternativ. Velg kven du skal drepe, ligge med og gifte deg med.
For eksempel:
Jim Morrison, Jimi Hendrix og John Lennon
Margareth Thatcher, Simon Cowell og Gordon Ramsey
Carrie Bradshaw, Miranda Hobbs og Samantha Jones
Etc etc etc

I blant virker det som om folk tror "manerer" er en øy i Stillehavet.. -Finn Bjelke

Dagens kveldstur var nok ein gang prega av livets store bedømmelsar

www.5secondfilms.com

Min baby dro avsted, så eg røyker g! (Grafitti i Lille Øvregaten sommaren 2012)

Festivalarmband
Frstivalbar

FISTIVAL
LEIKESTUE

Prøvde å samle alt eg ville sei, det rakk knapt å fylle kanten på ein post it-lapp.

kockspotting.blogspot.no

Hadde skilpadder hatt skorpionhale og hjul, så hadde dei vert universets fsrligsdt dyr!

Når en er full, tror en ofte folk er nakne. -Dan

G C E A
Ukulele
C er mørk.

Jeg har fått gin tonic på brillene mine. -Marianne I.

Rein, dachs, tapir!

Ride away on the Pony of Awesome! -Knut

Det beste med vodka, er at du blir så tynn, fordi du spyr det opp igjen! -Silje

Jeg håper han har gjort noe morsomt med tissen! -Marianne I
Famous last words, Isaksen! -Marianne C

En dag vart eg bært

Ubbsv 303,34 Wil

Sweeish Hose Mafia

søndag 14. juli 2013

Ikkje fåkk med kjærligheten

I helga var eg for første gang på evighetar saman med to heilt fantastiske menn som eg gikk på barneskule med. Det vart såklart mimring, både over kor grusomme barn kan vere (eg var jo badass gangsta criminal, det hadde eg jo glemt!), forhold som gikk og ikkje gikk, og kvar alle har endt opp.

Ein av dei to hadde eg ein gang sendt kjærlighetsbrev til, ein eller annan gang på barneskulen. Eg hadde spurt om vi skulle bli ilag. Dette stressa han så masse, at alle fann ut av det tilslutt. Eg grein og var kjempelei meg over å ha fått hjertet bretta ut på den måten, og herrefred så pinlig det var! Blei faktisk litt flau berre ved tanken.

Er det rart folk blir stressa kva kjærleik angår? Satt og funderte på om ikkje vi bør slutte å ta kjærligheten så vanvittig alvorlig. Gå tilbake til lappesending, "Har eg sjans på deg? Ja, nei, kanskje, sett kryss.". Prøve og feile, og sjå korleis det går.

Funkar det, så la det stå til. Funkar det ikkje, vel, blås, då er det prøvd, neste! Kan vi innføre lappesystem no? Eg har eit par lappar eg skulle ha kasta avgårde.

tirsdag 9. juli 2013

Galskapen lenge leve!

Dag 12: Mangelen på sivilisasjon gjer sitt inntog! I dag tok eg meg i å synge ein sang som lød omtrent slik: I love bananas, I love bananas, I love em!, til melodien av Andrea Bochelli sin "Time to say goodbye."

Neida, det går bra, altså! Det er framleis en del dagar igjen med avløysarliv, og eg trivest kjempegodt.

En del action er det også, såklart! I går starta det friskt med en drøss geiter på feil side av gjerdet. Dette er ikkje noko nytt; dei er en gjeng rebeller som tester grenser og gjerder, og som gjerne gir deg eit stang i låret om du ikkje mater dei fort nok med kjeks og tørre brød.


video

(Geitevideo not related. Det er fra Instagram. Geiter er rare. Og eg skjønnar ikkje heilt Instagramvideoane enda heilt! Håpar det funkar.)

Heldigvis er dei enkle sjeler, som kjem springande når eg rislar med plastposer fulle av deilige, tørre skiver og ei bøtte med kraftfôr. 

(HAHA, i det eg holdt på å skrive dette, ringte telefonen.

Roffe: Du, dei geitene dine..
Anna: Du kødde?
Roffe: Nei.
Anna: Kjem no.

Jadda.)


Men uansett!

Middagen stod i ovnen, og det var straks klart. Då ringte mobilen til mamma, og ho noterte ned på ein lapp. "Lause hestar. Krekjen. Ivrig." Eg sjekka mobilen, og der var det tre ubesvarte anrop, og ei melding med "Lause hestar på Krekjen!". Ivrig (Shettis, 15+ år(?)) og Sølvjo (Fjording, 3 år) hadde altså beslutta å leike litt med livet på motorvegen. "Fjordingen hoppa nesten framfor en bil!" kunne Monica (Hestekyndig veninne) fortelle. Det var bare å hente kraftfôr, og hive meg og Odin i bilen og buuuurne avgårde til omtrentlig lokasjon.

Dessverre veit eg ikkje heilt kvar Krekjen er henne (lokalgeografi er eg elendig på), men litt telefonaktivitet seinare, hadde eg ihvertfall ein idé om kvar dei to lystige rømlingane hadde tatt vegen! Monica hadde hanka inn fjordingen, og levert han til en nabo, og han hadde relativt god kontroll på gutten som ikkje var særleg nøgd med å ha slutt på friheten.

Ivrig trava rundt enda, og var uvillig til å bli fanga, før eg rista litt med bøtta med kraftfôr (Løysinga på ALLE problem hos gårdsdyr). Gutten vart fanga, og levert til naboen, som tok begge med seg og leide dei til beitet (Som vist på bildet over). TAKK OG LOV for hestekyndige naboar som kan trå til! Roffe, Odin og meg fiksa gjerdet, og kunne omsider returnere til middagen.




Det slutta såklart ikkje der. Med Odin og Ulla springande laust rundt litt sånn før leggetid, var kattastrofen uunngåelig (HAH!). Stakkars lille Emmi var offeret, og då var det to dyr som stakk til skogs på kattejakt. Gawd.

Når eg omsider fekk hanka dei inn, var det nok. Rett til sengs, begge to! Og katta klarte Arve Stefar å lokke inn når alt var roa seg ned. Han såg nok at eg var litt bekymra der eg satt i lenestolen og Facebooka, og tok affære. Litt stor i halen, ellers i god form. Katten altså.










Litt fritid har eg likevel. Har lasta ned mange kule app's. Som f.eks. en du kan legge inn kleine ord og rammer. Lover å ikkje bruke den til noko fornuftig. Kun ufine ord og rare bilder.



+ at eg går med strikkejakke i JULI! JULI GODDAMMIT! Kjem til å lide av alvorlig D-vitamin-mangel, heile gjengen! Har fått emosveis på heile greia. Buhu.

søndag 7. juli 2013

SJUKT gøy på landet: Livet som ferie-bonde!


Yo yo yo! Dette er avløysar Sæthre, som rapporterer ca direkte frå Byrkjelo, Breim, Gloppen kommune, Nordfjord, Sogn og Fjordane! No har eg vert avløysar i over ei veke, og har omtrent lært meg korleis dette her gardslivet fungerer. Eg skal først og fremst aldri klage over dyr kjøttdeig igjen. Det er hardt arbeid å vere bonde, og hadde eg hatt melkekyr, slått og slikt i tillegg, hadde eg dødd trur eg.

Med ansvar for to hunder, to sauer, 14 geiter, fire okser, 13 kyr og seks kviger, samt en feit katt (Emmi/Lilly/Feitedorris), skal det godt gjerast å ha ein kjedelig dag! Og eg har hatt nok å gjere på. For å få tida til å gå når alle arbeidsoppgaver er gjort, har eg sørga for å knipsa litt undervegs, og kan fortelle litt om kva eg har gjort på sålangt.


Dyr gir heldigvis ganske blanke søren i kva du har på det. Dette gjer at eg kan moteblågge slik:


Antrekk på fritid (Kun døme, eg har fleire gensarar altså) og antrekk på jobb. Sistnevnte gensar er ca fjorten nummer for stor, har hull på magen (Dei kvite flekkane framme er huda mi.) og er full av snørr, bæsj og spytt. Spytt stammar frå dei fire oksene eg matar og steller morgon og kveld, og her er sjarmtrolla:


Øverst ser du frå høgre André og Knut, og nederst ser du Nicolai og Espen

Dei er oppkalla etter fire fabelaktige mannfolk eg er så heldig å kjenne. Navna sa seg i grunn sjølv: André er vanvittig frampå. Han liker å stikke tunga si bort i alt eg gjer, frå hender og kostar, til trillebårer og gensarar. Knut er den penaste av dei alle, og vart dermed oppkalla etter min ven Brosvik, som er ein kjekk kar fra samme fylke som meg (Det beste, seff). Knut Stut er i motsetning til Brosvik litt sjenert, og ryggar som regel når eg vil klappe han. Nicolai er ganske grei, men har igrunn ikkje nokon stor personlighet. Espen er den minste av stutane, og er veldig søt og kresen. Ikkje ulikt en Overskeid eg kjenner, som blir kalt snørrhvalp av imponerte gjester frå Hulen, og som er selektiv i kva han gidd ete.

André og Espen står ytterst, samt er litt frampå, og dermed har eg våga meg til å børste dei litt. Dei diggar det!

Okser sine hotspots for børsting:
- Halerot
- Hals
- Toppen av halsen

Tippar du får godt bruk for dette i dei neste åra dine, kjære lesar.

Over fjøset står tre staute karer på beite, nemlig desse tre:


Sidan eg gir navn til alt og alle vart også desse tre navngitt. Den brune sauen seinast idag (Meir om det seinare)! Geita heiter Eddi, og er oppkalt etter et bursdagsbarn med samme navn, som skreiv "Bring it on, Facebook!". "Jaha" tenkte eg, "Då blir det Eddi Geit da". Og det vart det! Hei Eddi!


To værer er her også. Fram til idag hadde eg bare kalt dei Winston & Churchill (Etter britisk politikk sin største sexbombe såklart), men utan å bestemme meg for kven som er kven. I dag var det likevel endring, og møt Winston, ein staselig, kvit sau:



Og her er Erik, oppkalt etter min superkule gamlesjef på Elite Foto! Det var nemlig nokon som hadde kødda med Facebook'en min, og endra bursdagsdatoen til 6. juli. Fekk endra det tilbake for nokre veker sidan, men systemet går tregt, og dermed fekk eg litt gratulasjonsmeldingar.

Ein av dei var fra Erik (Med eit spørsmål om det var bløff, så det var ikkje alle som stolar blindt på Facebook nemlig :), som gjerne ville ha ei okse oppkalla etter seg. Desverre har dei fått navn, men han fekk velge mellom ein brun og ein kvit sau. Det var brun, og dermed er denne grasklipparen/pinnekjøttmaskina frå no av Erik:


Geita Eddi er far til nokre flotte geitebarn, ni stykker sådan! Dei fire mødrene går på beite lengre borte i garden, og har eit telt laga av presenning og er VILLE etter tørt brød. Dei kunne gått over lik for litt tørt brød! Sa nokon tørt brød? Pass opp for geitene, dei kjem til å UVÆÆHKHJ



Geitemamma Svart-og-Kvit på bildet over. Har to matchande barn. Trur eg. Har aldri heilt klart å skjønne kva geitekilling som høyrer til kva geitemor. Som denne her. Er det dine barn? Ein av dei kvite geitene sine? Fuck knows!


TØRT BRØD SA DU?


Hundane, Ulla (I blå solbriller) og Odin (I svarte solbriller) er også eit kapittel for seg. Ulla pleier å stå i band, men det har vi valgt å oversjå, og ho spring no for det meste laust når eg er i fjøsen, i hagen eller på verandaren for å drikke fire kopper kaffi til frokost/lunsj.


I blant går vi tur, men for det meste får dei trim når dei flyg rundt og gjer ugagn. Då er begge i band; Ulla så ho ikkje skal stikke av, og Odin så han skal gidde å bli med.


Dei er igrunn blitt ganske lydige, Odin & Ulla, og tuslar fritt etter meg når eg jobbar på gården. Veldig deilig å kunne stole på at dei held seg i nærheten. Litt bonansa er det såklart i blant, når Ulla (2 år) oppdager en fugl. Ulla er nemlig semi-profesjonell fuglefanger, og har som mål å drepe flest mogleg av desse satans dustefuglane.

Ho kjem vanligvis på yrket sitt når det begynn å nærme seg leggetid. Då er det plutselig mange drittfugler som må gjennomgå, og ho fyk rundt som en rakett etter dei. Viss dei idiotiske fuglane VÅGER å sette seg på tak eller i tre, så kjeftar ho dei huda full. Og våre muntre og glade tilrop om å komme tilbake og henge med oss i staden for å springe etter fuglar? Ein semi-profesjonell fuglefangerhund er desverre døv på jobb, og kan ikkje returnere før nevnte dustefuglar har fått sin tilmålte mengde drittsinne kasta etter seg. SRY!

Antall fugler ho har kverka sålangt: 0
Antall døde mus ho har funne og trudd ho har drept: 1



Heldigvis er ho ikkje rakett heile tida. I blant koser vi så masse at ho bare ligg slik, halvveges under benken, heilt daud. En som er for gammal til å vere rakett derimot, er Odin (ca 8 år?).


Odin har skjønt dette med bil. Det er komfortabelt, han får sitte i baksetet og henge, og det går fort. I blant får vi høyre på musikk, og så kan han sjå ut vindauget. Det er faktisk så kjekt at han helst ikkje vil gå ut av bilen. Det er med skuffa blikk han ser på meg, og vil så gjerne bare køyre ei runde til. Bildet er frå ein slik tur, der han helst ville bli sittande.

(Han blir også kalt "Fartsdumpa" på folkemunne, fordi han ligg midt i vegen og ser dumt på deg utan å flytte seg ein millimeter når du køyrer forbi med bil. No fear.)

Det er derfor en meget lykkelig herremann som forhåpningsfullt stiller seg med bilen kvar gang vi går forbi den. Og i blant blir det jo tur, for eg må jo opp og sjekke dei 11 kyrne/kvigene som går på Verdens Største Beite.


Verdens Største Beite har av ein eller annan grunn en MOLDE-logo skrudd fast på grinda (Molde er ganske mange timer herifrå, nemlig. Her er det for øvrig Sogndal som gjeld! Stao no pao!). Eg har ikkje den ringaste idé om kvar denne kjem i frå, og har aldri fått nokon god forklaring. Men det gjer då beitet enkelt å kjenne att og beskrive, om ikkje anna!



Beitet er vanvittig stort, så iblant finn eg ikkje alle kyrne. Rekordlavmålet er 4 stykker (Men då var eg bare ein svipptur og hadde ikkje med kraftfôr eller noko). Dei går blant trea i skogen, bak busker og kratt, og spesielt i regnvær er det vrient å få auge på dei.


Komme då, kyra kyra kyra! Kom då! For slatan..





Litt kraftfôr i ei bøtte gjer heile jobben langt enklare. Her er det Roffe som har fått ein ny bestevenn, som fulgte etter med lange steg for å sikre seg i hverfall 50% av innholdet.



Men GAWD om dei kan bli innpåslitne. Kyra som stikker snuten fram på bildet har eg døpt Margareth Thatcher (Når eg først var inne på britiske polikarar), og ho har spesielt mangel på intimgrenser. Har eg bøtte med meg, er ho etter meg som ein klegg! "JA HALLO VAR DET HER DET VAR KRAFTFÔR Å FÅ? TOMT SA DU? LA MEG SJEKKE ÉIN GANG TIL PLIS TAKK!". Bildet er tatt på trygg avstand bak eit gjerde. Puh.



Denne avløysarjobben sa eg ja til før eg visste at det kolliderte med Roskilde. Heilt ærleg må eg innrømme at det ikkje fristar med gjørme, støvlar og teltliv, sjølv om eg blir litt misunnelig når eg ser bilder og videoar frå usaklige gjengar i usaklige campar som går på usaklige konsertar og drikk usaklig masse øl. Neste år, kanskje? Kanskje kanskje kanskje? Vi får sjå.

Så dermed sporta eg Roskilde-jakka mi så ofte eg kan blant kyrne, og later som det er litt festival her også! Igrunn er det mykje det samme:

Roskilde: Støvlar
Breim: Støvlar

Roskilde: Gjørme
Breim: Gjørme

Roskilde: Urinstøv
Breim: Møkk

Roskilde: Tvilsom hygiene
Breim: Hunder som spiser døde mus og slikkar deg i fjeset helst.

Roskilde: Billig Tuborg
Breim: En dunk rødvin










Beitet har mange kyr gåande, så eg slit med å kjenne dei igjen dei forskjellige. Navn er det bare Margareth som har fått, og ho kjenner eg kun igjen fordi ho er veldig nærmt meg. Éi anna som er lett å kjenne, er denne frøkna med hjerte i panna. Naturen, ass! Full av kjærleik!

Kjærleik var det også då eg oppdaga denne supertraktoren: 



Hallo der nye favoritt-køyretøy! Eit av mine mål i livet er faktisk å ta traktorlappen.

Mål i livet:
- Ta traktorlappen
- Nach med Trond Giske
- Stagedive
- ???




Det er ikkje berre kyr på Verdens Største Beite som treng tilsyn. Det går 8 kyr og storkoser seg eit steinkast unna huset mitt (Som ikkje er avbilda, altså!). 



Desse har eg ikkje tilbragt nok tid til å kjenne igjen dei forskjellige. Einaste unntaket er er som har ei kul på sida (Ein ufarlig ein altså, eg har sjekka og ringt), ho heiter Coolio (Kul på sida = Kula = Coolio). Og dermed får alle kyrne navn etter rap-artister og gangsterer, litt sånn etter kva eg kjem på. Miss Elliott, DrDre, den svarte kua heiter Eminem (lol), Tupac, etc. Forslag mottas med 1000 hjertlig takk!



Denne kyra (Samme som på forrige bildet) heitte idag Dr. Dre. Gangsta-badass kyr. I morgon heiter ho kanskje Dr S. Eller Finger'n. 






La oss ikkje glemme siste dyret oppi denne salige, herlige dyrehagen! Nemlig skjønne lille Emmi (Alias Lilly, Feitedorris, Tahlulla, Dråget etc etc etc)! Ho HATAR hundane, og snur gjerne i lufta når ho blir kasta ut for å tisse.



Likevel er det innimellom heilt greit å kose. Sjølv om ho for det meste foretrekk å ligge på golvet og deige seg. Med vekslande hell:


Bildet er tatt av mor, som kikka ut i gangen, kasta seg etter mobilen min og knipsa dette av Emmi liggande slik. "Ho er kome til riktig heim", meiner mamma. "Her er vi like uelegante heile gjengen!".


No nærmar vi oss slutten, gitt!



Syden-fararane (Som eg passar på gård & grunn for) fekk dette bildet i helsing frå meg. 26 grader, skreiv eg, sit i bikini og ser på den blå himmelen. Ikkje bli misunnelig på brunfargen min. Joda.

Runder av med dette bildet, som er eit dikt eg plutselig oppdaga i enden av kvitteringa. Butikken er Ica i Olden, og dette er visst ein fast greie. God sommar, da!