fredag 24. mai 2013

Ord på hjernen, del to


"How do you spot a blind man in a nudist colony?

It's not hard."

Tusen takk, lame pun raccoon!





















(PS: Her er ein blogg med fleire Lame Pun Raccoons. Les, lær, og imponer på fest! Gawd!)

torsdag 23. mai 2013

Magazinet: MGP-bingo, drukning og verdens mest talentfulle modell


Denne gangen prøver eg meg på eit slags magasin. Ein samling av nyheter, kultur, sport (kødda) og andre gøye ting eg har sett rundt om! (PS: Alle linker skal åpne seg i nye vindu, så du kan lese dei etter du er ferdig med dette innlegget!)

Jacky Jean spiller på Hulen i morgon, eg skal lett ta turen! Eg var veldig usikker på kva det var, men denne videoen overbeviste meg om at dette er musikk eg kan elske:

 


Meir musikk;

EUROVISION SONG CONTEST!

Forrige laurdag hadde eg, Helga, Eirik og Tina ein heilt fantastisk MGP-bingo! Det førte til ekstatisk roping om "VINDMASKIN!!!" "MODULERING!!!" og "DET DER MÅ DA VERE EN TRANSVESITT!!!" i retning tv'en. Meget vakkert!

Slik spiller du MGP-bingo:

Kvar deltaker treng eit ark og noko å skrive med. Ein lager eit bingobrett, og blir einige om det skal vere 4x4 ruter eller 5x5 ruter.

I desse velg ein sjølv kva som skal stå i der. For å hjelpe, er det her ei super-hjelpsom liste over kva som kan vere gøy å fylle inn:

- Vokalrunking
- Enslig spotlight med artist i
- Artist med navn du ikkje klarar å uttale
- Filming i slow motion eller super-speeda opp
- Løfting av person
- Akrobatikk
- Artist spiller instrument sjølv
- Likhet med annan kjendis
- Nødrim
- Breakdance
- Looks foran talent
- Blunking/slengkyss
- Rekvisittbruk
- Peace-teikn
- Duett mann&dame
- Solbriller
- Lårkort eller kortare kjole
- Vindmaskin
- Vertane snakkar i kor
- Tekniske problem/feil
- Hatt
- Modulering
- Publikum med flagg malt i ansiktet
- Overvektig vokalist
- Nokon på scena faller til kne
- Sleip mann med utringing
- Verten skiftar kle
- Dårleg engelskuttale
- Pyro/konfetti
- Silikonpuppar
- Transvesitt
- Sang på eiget språk
- Paljetter
- Etnisk instrument
- Falsk blondine
- Tidligare Sovjetunion-land har trist sang
- Vulgær instrumentbruk
- Umorsomme vertar/dommarar
- Ekstatiske 12-poengsmottakarar
- Mann i bar overkropp
- Nokon syng falskt
- Lyshow som gir fare for epilepsi-anfall
- Mandig dame
- Instrumental-solo
- Sang som minner om annan sang
- Bilder av natur
- Skyline
- Barbeinte sangarar
- Mikrofonstativ får gjennomgå

Reglane er som på bingo: Skjer det noko på tv'en som er relevant til dei rutene du sjølv har valgt ut, krysser du av. Får du fire eller fem på rekke, er det å rope bingo, og alle må drikke. De velger sjølv om det er bare vannrett og loddrett eller på skrå. Førstemann som kan krysse av samtlige punkt, har såklart vunne! Premien? En billett til neste års MGP.

Det er ikkje alle som har skjønt kva Eurovision Song Contest går ut på. Buzzfeed har ein heilt fantastisk artikkel, som prøver å forklare ikkje-europerar kva dette her går ut på. Les den, og nikk anerkjennande!

































Her er det på sin plass å slenge inn Ukrainas bidrag frå 2007, med mannen som inspirerte Gaga. Klassisk, klassisk, klassisk MGP!






Frå tøysete musikk til noko langt meir seriøst. Sånn heilt seriøst. Som en person som ELSKAR å bade, og ikkje nøler så altfor lenge før eg stuper uti (Hell yes, eg & brødre + diverse slekningar har jo bada kvar julaften i snart 5 år på rad, så vannskrekk kan ingen beskylde oss for å lide av), vart eg litt satt ut av en statusoppdatering delt på Facebook fra ein Sigurd Fylling Mæle. Han redda ein ung gutt fra å drunke, og det skremmande er at når ein person virkelig sliter, og virkelig held på å drukne, ser det oftes veldig uskyldig ut.

For drukning ser ikkje ut som drukning; Veiving med armane og skriking som du gjerne ser på film, er bare på film, og temmelig langt i frå virkeligheten. Vanligvis dupper ein drunkande person bare litt over overfalten, med munnen så vidt over, og armer og bein opptatt med å halde personen flytande. Nokon skriking og veiving med armar har ein dermed ikkje kapasitet til, fordi kroppen er bare innstilt på éin ting: Å halde seg flytande. Mæle la med ein link, som du, enten du er badeløve eller bare stikker tærne nedi, kan godt lese over, for det skal så lite til å redde nokon, men kan vere umogleg å sjå når du ikkje veit kva du ser etter. Les lista, og legg deg det på minnet.

Drowning dosen't look like drowning


Det går ikkje an å runde av utan å gjere det heile LITT meir muntert! Har du f.eks. møtt på THE MOST TALENTED MODEL IN THE WORLD? Mr Ahmed Angel er nemlig nettopp det. Denne relativt ukjente hottien kan i følge sin Facebook fem språk, der to av dei er fransk, og nei - Han leiker ikkje modell. Hold fast hatten, og la blikket gli leikent over denne samlinga av relativt grisedeilige portrett av en mann.. Som også er en planet!

Sjekk ut kor deilig det kan gjerast her.







































Rawr.

Og for deg som har snart bursdag (17. august, folkens, 17. august! Det er jo berre mindre enn 3 måneder til!) , kan du glede deg over denne samlinga med dyr som har bursdag! HURRA på forskot/etterskot på deg!



















Hade braaaaaaa!

onsdag 22. mai 2013

Hubba Bubba-liv

La meg rolig innrømme det, først som sist. Eg har eit ganske enkelt liv. Eit hubba-bubba-liv. Trur eg sjølv, i hvertfall. Eg er 25 år, jobbar litt i butikk, litt i barnehage. Mest som PR-ansvarlig på Hulen. Har altfor mange dinosaurfigurar og ponnifigurar ståande i bokhylla, solbriller i alle verdens farger (og garantert ein neglelakk som matcher) og kanskje eit tresifra antall øredobber.

Når det ikkje er jobbetid, så likar eg å drikke Wrong Island Ice Tea, dra på konsertar (Men i ærlighetens navn; Det er ofte litt kjedelig, spesielt viss eg ikkje kan danse) og henge rundt. Henge rundt? Det er kanskje verdens minst nøyaktige uttrykk, og dekker det ukredible som ein ikkje kan skrive på CV'en under "Interesser og hobbyer", men som likevel er det som tar mest av fritida di. Men hallo. Store deler av min fritid består jo nettopp av å sjå film & tv-seriar (På Netflix no som TV'en vart gitt bort på Finn.no), spille Ludo på ipad'en, bade når det er vær til det, surfe på Imgur, drikke kaffi med venner og øl på kvelden. Facebook'ing, Instagramme om uviktige ting, og tru eg er morosam på Twitter. Eg elskar leikar, alt frå drikkeleikar til quiz, terningspill, kortspill og Den Forsvunne Diamant.

Eg har ein klistermerkesamling femåringar ville gått over lik for (En tote-bag full). Av og til er det enorme mengder nabbi-perler som blir til ugler, dinosaurer og enhjørningar strødd utover heile leiligheten min. Eg har altfor mange bøker som eg er halvveges i. Det er for masse bra litteratur der ute, og eg er for lite flink til å ta meg tid til å lese. Så no er eg halvveges The Rum Diary, Shantaram (Snart eitt-års-jubileum med den, sjølv om den er heilt fantastisk) & en novellesamlinger av Roald Dahl. Og i bokhylla, bak dinosaurane, står det fleire bøker enn eg tørr innrømme og ventar på at eg skal åpne dei for første gang.

Kommunikasjonen min består for det meste av Snapchat. Middag med poteter har eg ikkje lagd sidan oktober. Når eg gjer tabber, kan eg le så eg griner, sjølv om eg er heilt aleine (Sist med en grov feilvurdering av plass til navn på eit dørskilt eg lagde). Eg klarer meg vanvittig godt i mitt eige selskap, og kan vere oppe til langt på natt, kun med Herreavdelingen, Radioresepsjonen og Taylor Swift til selskap. Når eg ser triste ting, griner eg på 1-2-3, sjølv om det bare er en reklame for eit flyselskap, ein glad hund eller ein feelgood-film av verste sort. Eg er ikkje redd for noko, unntatt snegler. I hvertfall trur eg det.

Livet mitt er igrunn fyllt med uviktighetar. Frivillig arbeid for utestader, nach der alle har solbriller og drikker opp alkoholen min. My Little Pony på mobilen, og katter eg kan klappe, slå hjul i tide og utide (eksibisjonisten i meg, vettø), danse rundt til Razika, danse rundt på kontoret på Hulen, danse mellom lydbord og lyspult før åpningstid. Innrømme at Katy Perry, Razika, Taylor Swift og Beyoncé er mine favorittartister på grunn av sin deilige lystighet, og innrømme at eg faktisk aldri har hørt på Sonic Youth og andre cred-band og artister eg burde kjenne til. Gå med rød leppestift så mykje som eg tør, sjølv om eg innimellom trur eg ser ut som en gammel dame/øst-europeisk gledespike.

Ikkje alle er slik, og det er kanskje like greit. Ein kompis meinte eg hadde for skarp personlighet til å nokonsinne vere noko for hans bror, ein tilfeldig fyr på byen meinte eg "peacocka" når eg tok av meg jakka på en uteplass (Og det var virkelig, virkelig ikkje meininga at det skulle vere en greie at "her tar eg av meg jakka, folkens!", virkelig!), og eg trur sjølv eg har sjukt SWAG når eg går min bestemte gange rundtom i byen. I blant blir eg flau over meg sjølv, og prøver å jekke meg ned (Gjerne etter at eg har sagt noko eg sjølv hører var dust), men det betyr ikkje at eg stopper. Har nok irritert på meg ganske mange undervegs min karriere som Anna. Beklager.

Men alt i alt, så håpar eg at dette betyr at eg tør vere meg sjølv, at eg bryr meg langt mindre om kva folk seier, synest og meiner enn før. For eg lover deg, skrap vekk nok lag, så skal du nok sjå at eg tek deg på alvor, at eg er redd for å såre folk, at eg vil henge etter knea i trapeser for deg viss det trengst. At eg jobbar alt eg kan, fordi eg har en leilighet eg vil beholde, rekningar som må betalast og vin som må kjøpast inn. At når noko går ikkje heilt som det skal, tar eg det inn over meg, og prøver å gjere det betre neste gang. At eg er redd for at alt skal forsvinne, for ingenting varer jo evig. Og at eg gjer det eg har lovd, sjølv om eg ikkje alltid er like rask til å få det gjort.

Det er kanskje ikkje så fryktelig rart og uforståelig at eg kan framstå som heilt vanvittig useriøs, fjasete og tøysete. Trykka situasjonar gjer meg ukomfortabel, og eg vil gjerne lette stemninga med litt tøys og fjas, sleivete kommentarar eller merkelige ansiktsuttrykk. Og denne evnen til å aldri oppføre meg spesielt alvorleg viser kanskje en ganske stor endring hos meg, frå å vere sjukt sjenert som barn, til no å ikkje vere spesielt redd for å snakke i store forsamlingar. Frå å samle mors iForm-blader under senga med ei liste over repetisjonar eg måtte ta for å få slanke armar, til å bare hive på meg bikini (Etter å ha sjekka at det ikkje er urovekkande mengder hår på rare stader), og bare tenke "DEAL WITH IT!" mens eg innrømmer at eg spiste en pose chips til kveldsmat dagen før.

Offentlig har eg jo eit ønske om å framstå som semiprofesjonell stuntkvinne, superhelt og skurk, megabadass, vinkjenner og dinosaur-ekspert, karatekid og halvt sjimpanse/halvt veddeløpshest, standup-komiker og sjarmerande. Og då er det å bare fortsette det uviktige hubba-bubba-livet eg er så voldsomt glad i. For eg blir oppriktig glad når folk forærer meg legofigurer, ponnifigurer og ting dei fann på loppemarked berekna for barn, med glitter og farger, som dei tenkte "Dette ville Anna elska!", eg blir oppriktig glad når nokon setter på Katy Perry til ære for meg, eller når nokon kjøper sjokolade til meg sjølv om eg sa det ikkje var nødvendig fordi eg egentlig ikkje hadde lyst på (løgn), fordi då betyr det at dei kjenner meg altfor godt!

For eg er supertøff, og eg er kjemperedd. Eg er useriøs, og eg tar deg på blodig alvor. Eg leikar, men eg følger med på det viktige som skjer. Eg tenker, og er heilt tanketom. Mest av førstnevnte.

Det er altfor mange kjedelige onsdager foran dykk. La det vere litt TGIF (Thank God It's Friday, verdens bestes følelse !) heile veka. For eg har det i grunn heilt fantastisk kjempebra akkurat her og no! YOLO botches! No shame.