torsdag 28. mars 2013

Påskefabler


«Den som fann opp langrenn, skulle hatt seg en på trynet!» var min første tanke då vi ankom Utvikfjellet.

Even Hole Cup var i full driv, og unge jyplingar med altfor høg fart suste ned til rekordtider. Sjølv har eg bare deltatt én gang. Då havna eg på ein solid jumboplass i konkurranse mot lettvektarar med kondomdress og proft utstyr, og sverga at eg aldri aldri aldri skulle delta igjen. Eit løfte som eg har klart å halde. Ikkje at det er så vanskelig.

Kroppen var litt stiv, gårsdagens påskeaktivitet var riding på en fjordhest, hvis mål er pallplassering i Kentucky Derby. Det gikk i høgt gir heile vegen, men dei verste tryna skjedde for eigen maskin. Det var då eg gikk av for å leie hesten ned ein bratt bakke, som viste seg å vere full av is. Ho hadde brodder og langa avgårde, mens eg med glatte joggesko tilslutt måtte henge i manen og la meg bli ført ned. Full rulle eller ei, dei er i bunn og grunn både kloke og snille, desse dyra. Då eg trynte, stoppa ho opp med en gang og venta.




Men no var det friskusaktivitet nummer to, nemlig langrenn, som stod på agendaen. Med lånte skisko, staver, ski, bukse, superundertøy og lue, og ein mystisk smurning under skia, så var det berre å sette igang. Skiselskapet mitt bestod av tre skjønne småpiker, en mor og en meget ustyrlig dachs som etter sigende skal lyde navnet «Doffen».

Lysten til å klæsse ned langrennens far gikk fort over. Første tryn fikk eg etter 35 meter, då eit slags mislykka forsøk på skøyting gjorde at eg knakk over og landa på kanten av skien. Krabba ut i grøfta og erklærte høglydt at «No må vel påska snart vere over snart!», men fikk ikkje anerkjennende tilrop på denne erklæringa, og måtte murrande karre meg opp att og fortsette.

Og veit du! Før eg i grunn visste ordet av det, hadde vi sklidd, rent, skøyta, gått og staka oss opp til en støyl, og inn i eit lite skur/hytte, og det utan ein einaste klage eller knekte anklar/stavar! Her vart det så påskete at eg holdt på å krepere, berre sjå:

Kvikk lunsj? Check!
Kaffi kokt på ein gammal ovn? Check!
Appelsiner, boller med brunost og kakao? Check, check og check.




På veien ned gikk det raskt. I knallhard hockey ned dei brattaste parti, elegante unnasvingingar av turistar (Når du høyrer det som minner om dansk i sporet, tar du nok desverre dine forhandsregler) og ivrig staking på dei slakke partia, så må eg innrømme: Det var ganske gøy.

Nokre tankar gjorde eg meg opp over dette her norske fenomenet:

- Ramlar du i sporet? Stå over eit kast. Men det går bra. Vi er alle venner.

- Har du fått gnagsår? Hør på dei irriterande treningsvennane dine på Facebook som legg ut enda meir irriterande «motivasjonsbilder»: Pain is only weakness leaving the body. Skjerp deg, og gå på. Blod er tross alt noko du har meir enn nok av.

- Hilser nokon på deg, men du anar ikkje kven dei er? Hils tilbake. Dei aner nok ikkje kven du er heller, men du lignar kanskje på nokon dei kjenner, så smil og nikk.

God påske, da, botches!  

onsdag 6. mars 2013

SUPEROPPDATERING

SUPEROPPDATERING AV ALT SOM ER VERDT Å OPPDATERE SOM JOBB, PENGAR, DRIKKING, KJÆRLEIK, FERIE, MUSIKK, ETC:


KVIT FEBRUAR:
Lise, Silje & eg hadde kvit februar. Det er jo den vanskeligaste måneden. Reglane var som følger:
- Det er ikkje lov å drikke alkohol
- Men vi har to frikort
- Viss vi drikk fleire ganger enn desse frikorta, skuldar vi dei to andre en dunk vin

Eg lærte masse av kvit februar. Drikkemessig gikk det bra, pga hadde ca null pengar.

Sosialt var det ganske superkjipt.

Mine to kort vart spretta på vinsmaking med styret, samt Casiokidskonserten.

Min einaste sprekk var lørdagen butikken åpna igjen. Det var så full rulle at då sjefen stakk til meg to øl, var det ikkje tvil i mitt sinn kva denne lørdagen skulle brukast på! Nemlig ølsnylting og innflyttingsfest! Waddap!

Skuldar dermed Lise og Silje en dunk vin. Og har for første gang drukke alkoholfri øl ute.


HULEN:
Sit som PR-ansvarlig fram til januar 2014. Det blir best. Har allereie sett meg ut kven som skal ta over. Sjølv om det er lenge til! Jobben no er lettare enn før; Superflinke gruppeleiarar, flinke folk og erfaring hjelp virkelig på. Og så har eg kontroll på økonomien. Sånn ca ihvertfall. :)

Høgdepunkt framover i mars:

Laurdag 9. mars: Retrorocket!
Det klart beste laurdagskonseptet! Lav høgtidelighet, høg dansefaktor!

Torsdag 14. mars: Sykur
Islandsk elektronika. Untz untz untz på den bra måten!

Laurdag 16. mars: Razika
Bergens beste jenteband er snart voksne. På vei heim er eit fabelaktig album forøvrig!

Torsdag 21. mars: Grand Island
Eit band eg må høre meir på, men som lover så vanvittig bra!


JOBB OG PENGER:
I slutten av januar fekk vi beskjed om at lønna ville bli sein pga økonomiske problem. Streit nok det, det ville vel ordne seg. Men det gjorde det ikkje.

To veker ut i februar kom den overraskande beskjeden om at FotoKnudsen hadde gått konkurs, og vi stod plutselig utan jobb, heile gjengen.

Det varte riktignok ganske kort.

Elite Foto, eller Foto Invest slo til, og kjøpte opp alle butikkane, så fem dager etter konkurs, var vi oppe igjen.
Ikkje alle fekk jobben tilbake, vi blei kutta frå 3 til 2 heiltida, og no blir vi aleine på kveldstid. Vi har fått ny butikksjef, som heldigvis er dreven og flink, og eg skal jobbe færre, men lengre vakter. Chiiiiiiill!

Men kutt påvirkar alle, og eg må henge i skal eg tjene nok til livets tørre brød. Har difor meldt meg opp som barnehagevikar hos PVS, og gledar meg masse til å starte på det!

I mellomtida er alt litt i limbo: Lønn har eg ikkje fått sidan 1. januar, og lønnsgarantifondet som skal dekke det FotoKnudsen skuldar oss, blir klart tidligast i april. Lønn fra Elite dukkar opp kanskje litt før påske, så kjem til å få DEN kroppen av all havregrynet eg et! :)

Vi har også 30% på absolutt alle varer, og skal få enorme mengder varer i vekene framover. Ikkje alle butikkane blir drevne vidare, av dei gamle FotoKnudsen-butikkane er det berre Bystasjonen, Åsane og Lagunen som skal fortsette. Dermed blir det nokre veker med "opphørssalg", med en million varer som skal ut, før vi etterkvart blir Elite Foto.

No svarer vi bare med "Fotobutikken Bergen storsenter" når folk ringer, og veit ikkje heilt noko som helst fordi alle avtaler med reperatørar og slikt er utgått. "Kor lenge varer det? Veit ikkje. Kor tid skal de bli Elite? Veit ikkje. Kva varer får de? Veit ikkje. Vi veit faktisk ikkje. Sorry!"

Limbo er altså beskrivande, både for jobb, pengar og kva oversikt eg har over arbeidet på Hulen. Hjelpes.


FERIE:
Helga vart tilbragt på Geilo. Superstorm og solskinn, merkelig kombinasjon.

Men fellar vart tredd på skia, og sidan skitrekk var stilleståande, vandra vi opp bakken! Nansen og Amundsen-style, i hvertfall i en ti meters tid. Og derifra POW! ut i djupe knebøy, Norwegian style, telemarkski, og det var

MAAAAAAAAGISK !

Hadde glemt kor gøy dette var.

Taco, badestu og bading i snø var også en del av helga, som var veldig fortjent etter alt kaoset som hadde vert i dei to vekene før, med NAV, stengning, åpning etc.


MUSIKK:
Har ikkje lært meg fleire grep på Ukulele. Urutinert!

Topp fem sanger sånn nett no (Bare for å plage Lianes som hatar lister). Klikk på dei så sprett dei opp på Spotifyen din!

Taylor Swift - Enchanted
Den har bare slått rot i hjernen min, og den veks og veks og veks.

Nancy Sinatra - Summer Wine
At eg fann denne, var bare flaks. Hadde melodien og stemma i hodet, men teksten kunne eg på ingen måte. "Kan det vere Nancy Sinatra?" tenkte eg. Sang nr 1, 2 og 3 på topplista kunne eg, men den fjerde ringte ingen bjeller. Og så var det riktig! Ja!

Casiokids - Det haster!
Orgasme i øret. Når eg går ut døra, startar eg spillelista mi med denne. Perfekt.

Sweden - Hey C'mon
Heeeeeeey, caaammaaaan! Lystig og superfin!

Grand Island - Oh, you know me well
Då vi fikk inn bud på dette bandet, var det første sang eg hørte på av dei. Den har blitt spilt hyppig sidan!


KJÆRLIGHET:
I love ponies. I love corgies. I love Taylor Swift. I love sjokolade. I love Silje, og så vanvittig mange fleire fantastiske folk. I love eplemost, og bacon-dadler. I'm in love with your brother, what's his name? (Neida, det er eg ikkje).

Eg har funne ut kven eg skal gifte meg med, men det veit han ikkje sjølv. Får spørre pent en dag.

Og har også lært eit nytt triks: Har du kviser? Smør honning i ansiktet. La stå. Ta vekk når det passer seg. Nokon burde fortalt meg dette før! Har jo hud som en fjortis til tider! Honning, altså!


KANIN:
Dette er Tisseplutt. Han er Silje sin. Han er ganske grei, liker å springe rundt i leiligheten, ete gulerøtter og gjere kaninting. Han har eigen hashtag på Instagram. #tisseplutt. Silje har også eigen hashtag; #gangstasilje. Eg har ingen hashtag, men eg har Instagram, det er best :)

OK, det var alt! Hade!