lørdag 23. februar 2013

Ord på hjernen

Alle har hatt sanger på hjernen. Eg får av og til ord på hjernen. Ord som bare setter seg fast i frontallappen og gjentar seg sjølv til dei enten mister sin meining eller får status som "ord eg burde bruke i dikt". I går opplevde eg noko slikt, men denne gangen med en vits. Hørte den først av André, han alltid får meg til å le, så difor lo eg litt inni meg kvar gang eg hørte den for meg.

Er du klar?

"Something came in your mail."

"Oh? What?"

"Me. I ran out of tissues."

onsdag 20. februar 2013

Aldri meir kjedelig!

Gårsdagens rant mot alt eg ikkje liker fortjener såklart ein motblogg! Verden er ikkje berre full av tåpeligheter, men også fantastiske folk som legg ut bidrag som gjer Internett litt meir gøy :)

Her er tre nettstader de bør sjekke ut på kjedelige dager! Alle linkane åpnar seg i nye vindu/faner. :)

Texts From Dog: En mann får tekstmeldinger fra hunden sin. Disse legger han ut på nett. Ja, det er litt snodig. Og vanvittig morsomt!



















































Not Always Right: Etter fem år i butikk, har eg så vanvittig stor sympati med butikkmedarbeidarar. Alle burde hatt jobb på ein butikk eller servicestad ein eller annan gang i livet, bare for å skjønne korleis det er.

Har heldigvis ikkje opplevd dei verste opplevelsane med kunder; nokre dumme spørsmål, solide misforståelsar og fantastiske folk er det såklart, men ikkje så mykje kan toppe det desse opplever..





Disney Ladies from Last Night: Då eg var student, pleide eg å surfe innom Texts from Last Night på lesesalen i staden for å lese pensum. Resultatet var desperate forsøk på å kvele latteren, og enorme mengder tøysete tekstmeldingar til tilfeldige venner. Det er som en fantastisk morsom twitter; Korte historier som klarer å skape heilt sjuke bilder i hodet ditt!

Her har de tatt fylle-tekstmeldingane frå TFLN og satt det saman med Disney-prinsesser og Disney-karakterer. Resultatet? Priceless!







tirsdag 19. februar 2013

Your inspirational quotes has inspired me..


Pliiiiiis slutt med desse slatans greiene her, da. Dei er så vanvittig krampeaktige djupe og gir meg eit vanvittig behov for å 1) hive dei ned alle trappene mine og 2) grine en stille krampegråt. Er vanligvis tolerant som det held etter, men desse klarar eg ikkje. Bare sjå, og grin, og kjenn at inspirasjonen forsvinn som vann i eit dusjsluk.








Og når du finn det, skjær det ut og lev lykkelig!







Spesielt i bilulykker.






Liste over ting som blir strengt forbode når eg tek over som superdiktator:
- Dreads
- Rottehale
- Tommelring
- Tattovere navnet sitt
- Folk som snakker om seg sjølv i 3.-person
- Lommetørkle
- Å gå med stokk når du på ingen måte har behov for det
- Kjempelange-lange falske negler
- Inspirational quotes

Det er for dykkar eige beste. Heilt seriøst! Slutt med det! Øyeblikkelig!

mandag 11. februar 2013

Takk for no, FotoKnudsen!

Og bam, der var det heile over. Etter å ha jobba ganske nøyaktig fem år på FotoKnudsen, er det slutt. Underskuddet vart for stort, og profitten altfor lav. Så då står vi plutselig her, utan å heilt vite korleis vi skal ta det fatt no, eller kvar vegen går vidare.

Så no er jakta på ny jobb intensivisert, og det er kanskje enda skumlare no, utan det sikkerhetsnettet FotoKnudsen har vert. Det blir kjemperart å ikkje skulle gå jobb, å ikkje skulle tilbringe kveldane med Gro og Henriette og Jan og Cecilie og Peter og Lise, som er (hands down) verdens beste kollegaer. Ei heller stikke innom Galleriet, tøyse med Silje og Katinka og Eirik, og alle dei utallige deltidene som gjorde jobbekveldane heilt fantastiske! For en gjeng det er. Har enno til gode å møte ein FotoKnudsen-ansatt som eg ikkje likar, heile gjengen er fantastiske, skjønne, herlige, gode folk. Så dette er vanvittig trist, og en tung dag for alle.

Kva skal vi gjere no? Vi er kanskje ikkje heilt sikre enda, det er masse som ikkje er avklart enda, og masse som vi ikkje heilt ser omfanget av enda. Heldigvis er vi resurssterke folk. Vi skal nok klare oss.

Og heldige dei som får oss som som sine nye ansatte! Knall arbeidsmoral og alltid bra humør, service i høgsetet og ein stå-på-vilje som knappast kan beskrivast! Det kan eg skrive under på.

Eg kjem til å sakne dykk, alle saman. Smask !

torsdag 7. februar 2013