søndag 26. februar 2012

Teikne-søndag

Idag har eg fått vaffel. Og så blei det teikning!























onsdag 22. februar 2012

Cute: Overload




Eg klarte ikkje fleire enn 3, fordi då holdt eg på å dø av akutt diabetes!

Hade bra!

tirsdag 21. februar 2012

Super-Tirsdag (Med masse snikreklame & dødsfine bilder)!

Hei bloggen!

Haha, neida. Men hei.

Idag sa Illimar at eg hadde slikt eit spennande liv! Og så tenkte eg at "Ja, fy fasan!" "Ikkje rart du har blogg!" sa han. "Ja!" sa eg. "Det er jammen meg sant!"

For idag har eg gjort mykje spennande, skal de vite. Først våkna eg i ni-tida, og skrudde på radioen. "Miksteip" snakka om pussige kombinasjonar innanfor duettar, og så drakk eg kaffi og tygde i meg nokre brødskiver. I natt drømte eg at eg eigde en ganske stor hest, og den var litt rampete, men fordi eg var så streng når eg skulle renske hovane, blei den snill. Den var gul. Eg har lyst på ein gul hest.

Medan eg åt brødskiver, bestilte eg også tags til Razika-plakatane! For Møhlenpris-frøknene skal spille på Hulen 2. mars, og eg er vennlig innstilt (Sjekk snikreklamen, då! Håhå!).

Så dro eg på meg kåpa (Ikkje eskimo-jakka som tåler stiv kuling og tusen minusgrader, men den andre), og la i veg mot Verftet! Og veit de, de var jo faktisk SOL idag!!

!!!!!11

(Den skulle ha smilefjes, men eg har kødda det til med brushane i Photoshop, så ehehe. Det gikk ikkje.)


Og litt til !!!!!1. Så eg hadde på meg SOLBRILLER!

(Arkivbilete.)


Men desverre klarte eg ikkje å gå i sola, lol. For når eg først kom til ei gate der sola hadde klart å stikke seg fram, gikk eg alltid på feil side. Og sidan eg er Socially Awkward Penguin iblant, turte eg ikkje skifte side utelukkande for å gå i sola. Dessuten gikk det sikkert raskare å gå rett fram, så eh..

Uansett! Eg kom meg i hvertfall fram til Made (Snikreklame del II, sidan dei var så hyggelige), fekk med meg en drøss plakatar fra ein hyggelig ung dame, rulla dei saman til ein passe diger rull, lasta på meg, satte på hyggelig musikk (Hugsar ikkje kva i farta) og fekk plukka opp tags'a eg hadde bestilt tidlegare.

Espen har hatt dagvakt på Hulen idag, så fann ut at eg skulle ta turen innom. Mest fordi eg hadde skreve "Espen" på handa mi i går, men kunne ikkje hugse kvifor eg skulle hugse på han.

Eg fekk dødsmasse pengar fordi eg hadde betalt for karneval, og Espen avslørte at han er litt lat. Det kan forklare mykje, og gir mulighetar for følgande:

Yeeeeeah, dødsflinke i matte 2012!


Mvh Overskeid & Sæthre.


Vi fann eit bilde av kongen i mariusgensar (Espen blei royalist på flekken), og så fann vi det som ser ut til å bli våre nye leiketøy 1 og 2. Men herregud for eit valg: Stjerneforma eller blinkande?

Etter å ha hengt rundt litt, gikk eg til Apollon for å henge opp fleire Razika-plakatar og gå heimover for å lage middag. På vegen tenkte eg på mykje lurt, som f.eks.:
• At livet er for kort til å fjerne USB'ar safely, samt alltid vente på grønn mann
• At eg gikk midt i vegen pga er badass, bitches!
• At eg igrunn ikkje er så badass likevel, lol
• Og en gang teikna eg ei heilt absurd stamtavle for korleis avle fram ein prikkete hest med islandshest-gangartane, fjordhestmanen og enorm sprang-kapasitet
• At Bergen har mange fine fargar på husa sine
• Og at eg ikkje skal jobbe idag, gitt!

På vegen møtte eg også ein ruskete liten Jack Russel-terrier, den såg kjempetøff ut, og den tissa overalt! Og så jagde den duer utanfor Grieghallen!

Den grønne fuglen er ei due, hugsa nemlig ikkje korleis duer såg ut i farta, unntatt at dei er litt grønne rundt halsen. Og grå. Og så er den skikkelig sur, lol!


Den såg skikkelig glad ut! Hunden altså! Eg tenkte at vi burde bli vennar, for eg også synest det er gøy å springe gjennom dueflokkar!

Så begynte eg å tenke på kva hund eg kunne tenke meg, og fann igrunn ikkje ut så mykje. Jack Russel Terriar, Dachsar, Corgiar er jo alle dødsfine hundar, men dei er ganske små. Har igrunn lyst på en hund eg kan klappe litt jovialt på magen utan at den får åndenød fordi den er så liten.

Kanskje en Beagle hadde vert noko, og så likar eg jo kjempegodt pudlar, så lenge dei er nedklippa, då ser dei råfine ut. Eller en Bedlington Terrier, dei er litt same som pudlar. Fine med kort lugg (Sjå så fine da!).

Eventuelt nokre heilt andre. Nok om DET.

Då eg kom heim, kikka eg i frysaren. Og fann en PIZZA! Hohoho! Tusen takk, lillebror! Den blir for øvrig spart, pga frossenpizza er best dagen derpå. Nom nom nom.

No skal eg.. Lage fiskepinnar, trur eg!

OG DER HAR DU DAGEN MIN SÅ LANGT :D I kveld blir det styremøte på Hulen (<3), så det blir  enda meir spennande og hyggelig og interessant. Men det får eg skrive om i morgon. Eller kanskje ikkje. Høhø.

Les heller om Disney Ladies from Last Night. Eller om Texts from Bennett. Eller kanskje orginalen, Texts from Last Night. Mykje morsommare!

Haaaade braaaa!

søndag 12. februar 2012

Karma og slikt

Eg leste en gang i eit kinesisk horoskop, at 1987, det var harens år det, og haren er eit av dei dyra med mest lykke og flaks.

Kanskje det er derav begrepet "harefot" har utvikla seg, at alle vil ha ein del av denne lykka som haren sprer rundt seg, og som samlar seg opp i velbrukte potar etter ein lang vinter.

Men så tenkte eg, vidare sjølvsagt, ein er da ikkje hare for all tid

at ein gang så må dette jo ta slutt

for eg har jo hatt sjukt flaks, eg har jo hatt enorm lykke,

for på ståande (hare)fot kan eg jo berre nevne to ganger at eg virkelig har følt at universet køddar med meg, og at no er det faktisk slutt på all morro og glede

men til tross for dette landa eg jo

med beina ned

og øyrene opp

og hoppa vidare, rimelig ubeskymra, rimelig uskadd,

og det var 1) då pappa døde og 2) då eit tre-årig forhold tok brått slutt en vinterdag i 2012

Og TIL TROSS for alt dette

til tross for all denne død og fordervelse, sorg, tårer og leie opplevelsar

så har eg grått ferdig

eg har sørga nok, og fått det fort ut av systemet, fordi dette var jo ikkje noko som skulle vare (Og det visste harehjertet mitt langt nok innerst inne), at det ein gang skulle ta slutt

og faktisk var det ein enorm lettelse

ei etterlengta pause

då sjukepleiaren sa "han kjem til å dø i natt" og då eg fekk spørsmålet "elskar du meg egentlig?"

så visste eg jo svaret

og det var jo allereie tenkt men ikkje uttalt

Og kanskje det er der det ligg

djupt, innerst inne

så er det faktisk så utruleg personlig at det går nesten ikkje an å grave djupare

i mitt heller grunne hjerte

som likevel har så stor plass for alt eg igrunn ikkje skulle ønske kunne finne sin plass der

Men la gå

Eg har mine svakhetar

og styrker, men gudane veit kva

Og når nokon snakkar om karma

så teier eg stilt

For karma er visst som energi;

det tar aldri slutt, det skiftar berre fasong, frå ein versjon til ein annan

Så då pappa forlot verden, fekk kanskje noko anna hans liv, og då forholdet tok slutt, kunne energien samle seg og vende om

Og eg likar den tankegangen, den at ting aldri tar slutt

For igrunn er vi berre molekyrar, søte deg

og harer som meg & deg

har ingen grunn til å sitte stille

For ein gang er vi oppløyste og gløymt

Men det er heldigvis veldig

veldig

lenge til.


mandag 6. februar 2012

DJ Repeat

Live i P3-morgen sa det så fint idag, at når ho først likar ein sang, går den på repeat til ho er drittlei. DJ Repeat. Eg kjenner meg igjen! No er det desse 3 sangane som den musikalske delen av hjernebarken ikkje heilt klarar å fordøye ferdig, og vil gjerne høyre om igjen. Og om igjen. Og så bortetter.










Så eh ja. Det går litt på repeat, enn så lenge. :)

søndag 5. februar 2012

Boom, like that

Wham, og der!

Der satt eg plutselig aleine i leiligheten, og skjønte omtrent ikkje kva som hadde skjedd. Klokka var nesten to på natta, og ingen ville svare på mine telefonsamtaler. Mor plukka til slutt opp telefonen, og eg hulka inn kva som var skjedd, og fekk roa meg kraftig ned i løpet av den samtalen.

I grunn var det ikkje så veldig overraskande, forholdet hadde skranta lenge, og den gnisten som burde ha vert der, hadde nok dødd stille ut utan at vi hadde turt å fortelle den andre at den faktisk var død. Kanskje i redsel for kva som venta, redsel for bli såra, eller aller verst: Såre den andre.

Eg pustar lettare no, det gneg mindre i sjela, så eg har ingen tvil: Det var virkelig det riktige.

"I ended a relationship that wasn't meant to be -- something that deep down I knew all along, but disregarded for a number of reasons I'm still trying to understand." (Rohwen)

Det er kanskje ikkje så veldig mykje å sei. Faktisk. Rohwen sin setning summerer det opp så fint. Det var ikkje meininga at det skulle bli oss, og det er ikkje så mykje å gruble over. Så no.
Sjå framover.
Pust djupt.
Gi gass.