fredag 28. desember 2012

Clementine & Nerdpony: Dikt #2

Åndedraga stansar midlertidig
Skjelettet frå helvete

Gjennom lyspunkta stablar dobbeltgjengaren frå Moss seg framover,
til bensinstasjonen,
til rundkøyringa
og hotellet.

Forsiktig dansar vi forbi dørvakta
og kniser HALLELUJA i natta.

Clementine & Nerdpony: Dikt #1

Kvifor gløymer ingen at det burde skjedd?
Kvifor bruker vi kunstige lunger?

All mi laushud ristar livredd
over dommedagsprofetiane.

Likevel tenker du berre på morgondagen.