mandag 29. oktober 2012

Tenners gnissel

Eg går rundt med en følelse av at alt ikkje er heilt som det burde vere. En slags uforløst følelse, om at noko bør skje, noko har skjedd, og noko burde ikkje ha skjedd. Så er det krøll på tråden mellom meg og ei veninne, og eg veit ikkje kva eg kan gjere for å redde vennskapet. Eller om eg bør gjere meir, eller om eg bare skal vente (Og det gjer meg litt gal) eller bare. Dette blir vanvittig egosentrisk, så pinlig sjølvsentrert, og eg har vert ganske teit (Men ikkje SÅ teit, eller har eg gjort meg fortent til dette, eg klarar ikkje heilt bestemme meg og det er ikkje så enkelt å vite), men eg veit bare ikkje. Og det plager vettet av meg. Elefanter i rommet og ingen ser ut til å ha klart å få den ut derifra (Kva gjorde den i rommet i utgangspunktet? Skal den ikkje vere på savannen i Afrika og spise gaseller og trampe på løver?).

Veit du kva hovedstaden i Laos er? Eg aner ikkje. Men skulle ønske eg kunne svare på slikt på ståande fot. At eg hadde ein eller annan form for superkraft. Sykle på enhjulssykkel, snakke fransk, gå skikkelig ned i spagaten eller vere sabla flink til å fortelle kva hovedstaden i Laos, i Kenya og i Argentina heiter (Den siste trur eg at eg kan, Buenos Aires, yes?).

Viss du måtte velge mellom Argentina og Brazil, kvar ville du dratt? Det var en på Hulen som snakka om at Argentina var drømmeparadiset på jord. Snakkar dei spansk i Argentina? Trur eg må dra dit. Drikke vin, danse tango og ete biff heile dagen. Han som tattoverte hesten min var forresten ein argentinar. Han hadde kjempebart og vi klikka ikkje sånn kjempebra. Men no har eg ein konto som heiter "Tattovering!", så no er det på tide å spare som gal. Synd det er så mykje anna eg også vil ha. Ein ny mac (Sorry kjære svarte mac, men du er blitt snart 5 år, er litt i trassalderen og har, tross iherdig pynting med klistremerker, sett dine beidre dager), en ponni og en hund. Og kanskje en fulltidsjobb. Men det er ikkje lett med den vage utdanninga eg har. Skal du søke samordna opptak neste år? Søk noko fornuftig, herrefred. Lærar, lege, landmålar. Ingeniør, tannlege, fysioterapeut. Økonomi eller noko lurt.

Ville du overlevd en zombieapokalypse? Eg trur eg hadde dødd sånn innen fem minutt. Om eg då ikkje hadde vert heime og stått med en pinne og dytta ned alle zombiane som kom klatrandes.

Er visst tom for popcorn. Men eg har eit revolversmykke! Og det hjelp.

fredag 5. oktober 2012

TGIF!

Det går så FORT! Idag er siste dag heime, eg sit på kjøkkenet og hører på P3 og drikker kaffi og ler for meg sjølv. Det er fredag, og det er så masse bra her i verden!

Så her er det eg har ledd meg skakk av i løpet av frokosten idag! Dette er min humor! Det kan ingen ta fra meg!












Og såklart VERDENS BESTE SANG til slutt! TGIF!