lørdag 29. september 2012

Alle gode ting

Sortert både alfabetisk og etter alder: Anna (25), Joakim (22) og Roffe (18), saman med seg sjølv som førsteklassing.




onsdag 26. september 2012

A, B eller C? Eposet fortset!

Og det majestetiske eposet om mitt opphold i Breim fortsetter. Avbilda nedanfor: Breimsvatnet. I det eg tok dette bildet, fekk eg forresten ein nær-iPhone-døden-opplevelse! Steinen eg stod på for å få best mogleg bilete viste seg å vere glatt som bare det!




I det foten min begynte å skli i retning Breimsvatnet, segla iPhone-livet i revy forbi augene mine. Det var litt for kaldt i vatnet til at eg hadde lyst å bade (Sol til tross), og eg såg ikkje for meg at telefonen heller ville sette stor pris på dette. Heldigvis klarte eg å sprette inn att til land, og kunne trygt køyre mor og Arves nyerverva Renault Kangoo heimatt. Phew.

Overnevnte Kangoo brukte vi også då eg og mor var på Sandane en tur idag. Så skulle ho på jobb, og eg fekk beskjed om å hente ho når ho var ferdig. Men sidan jobben ligg knappe 2 kilometer unna huset vårt, tenkte eg at det var like greit å sette bilen igjen, så eg slapp å køyre fram og tilbake. Først måtte eg bare heim og hente litt selskap, i form av desse to firbeinte krabatane, som fekk bruke Kangooens meget romslige bagasjerom som reisebur:

Når ein har to slike glade vofsar på lån, så får "pack leader" og "gå pent" og slikt komme litt i andre rekke. Oppdragelsen kan dei få av nokon andre. Dette er fra venstre Odin (6) og Ulla (1), nabobikkjer, kronisk glade og veldig vakre. Begge to er krysningar av alt mogleg, Ulla er 50% flat og 25% Cocker Spaniel og Border Collie, Odins opphav er nok meir uviss. Han er forsåvidt født på gården der han bur, og har omsider blitt så rolig at han kan rusle rundt laust utan å stikke av på nye og spennande eventyr.

På kveldstur med dyra dukker det stadig opp nye og spennande valg.

I går (Forgårs) var eg og Ulla på tur, og testa ut kva vi synest var best av følgande:
a) Stjålne plommer
b) Litt sure epler (Også stjelt)
c) Villbringebær som er litt overmodne
d) Markjordbær som er litt rød på eine sida

Eg synest plommene stakk av med seieren, Ulla synest (Naturlig nok) sauebæsj smakar best.


I kveld derimot var det andre ting som stod på trappene. På vår veg møtte vi
a) En mann
b) Ei dame
Så vi prøvde å avgjøre kva vi foretrakk, kva som lukta best og kva vi helst ville hoppe på.

Eg meiner menn er det beste valget her, Odin stemte for damer, medan Ulla (Naturlig nok) synest sauebæsj var best. Som vanlig.






Avslutter med følgende:

På NRK Sogn og Fjordane høyrte eg nokon som dreiv og snakka om ein video med eit par ordførarar i, som opptrådde så herlig sjølvironisk, og denne videoen var så morsoam, laga av studentar, og det skulle ikkje vere måte på.

En kompis av meg la ut denne på Facebook. Oppglødd klikka eg på den; Videoar av vanligvis stive folk som opptrer tøysete? Det måtte da vere bra?

Litt for seint innsåg eg at toppkommentaren sa følgande: "Klarer ikke se denne med ironisk distanse, må ha fysisk distanse for å komme meg gjennom. Ligger i skrivende stund under pulten i fosterstilling og skjelver. Sorry.". Då var det allereie for seint.

Det verste er at den hadde vert herlig om enkelte av dei som opptrådde, hadde lagt litt sjela si i dette. Då hadde kanskje ikkje følgande tittel vert like passande:
Verdens kanskje mest pinlige video, folkens. Værsågod.





For å hente oss inn att etter alt dette; Eit bilde av Tom Hanks som pyntar ein bil!

Og i morgon? Stryn Calling. Godnatt.



søndag 23. september 2012

Breim sweet Breim

Haustferien kom brått, men så har heile september flydd avgårde i en stor, stressa blur. Er det 22 september allerede? Var det ikkje nettopp august? Oktober neste?

Altså, ikkje sånn å forstå at eg har stressa meg sjølv heilt ut, men så vart det plutselig en blast from past som vart en greie igjen og veninner som ikkje hadde det så greitt, og Hulen-messig mykje med oppdatering av alt fra mailinglister til sms til ansattregister, organisering av møter over ein lav sko, purring, tilbakemeldingar, plakatopphengingsrunder i siste liten for å redde meg unna dårleg samvittighet og jubel over gode resultat frå alt fra skribenter til designarar. Eg har ein heilt fantastisk dyktig gjeng i pr-gruppa mi, herrefred for en gjeng nydelige folk!

Har jo også passa Feitedorris fordi eigaren hadde litt dårleg tid. Plutselig var det eg som hadde for få timar i døgnet. Det er ingen god følelse å bare forlate ho i 11-tida på dagen, komme tilbake rundt fire og så rett på jobb, før det var heim og klokka var blitt ni og du var igrunn mest gira på å bare dandere deg på sofaen og ta det megachill. Og dyret? Ho har vert aleine heime nesten heile dagen, så ho rasar rundt på golvet i en forbløffande fart størrelsen til tross, og har så masse energi som skulle vert brukt opp, sikkert en del bebreidelsar å komme med, samt pels som trengst litt kløing og tenner som treng ei hand å bite seg godt fast i. Au. Ein blir så glad i slike pelsballar, etter at ho var sendt vidare, så var eg en bekymra mor plutselig, som sendte melding og spurte om ho hadde det fint. Det har ho, naturligvis, Siri og Christoffer kjem til å skjemme vekk den lille urokråka :)

Å vere pr-ansvarlig for Hulen har kanskje vert som forventa; Folk sa det kom til å ta mykje tid, og dei har himla rett! Mest i starten merkar eg, kanskje fordi eg no skal gjere alt aleine. Hadde jo Are som støttehjul då eg begynte opplæringa i desember, før eg vart sendt ut på sykkelstien, godt rusta for alle utfordringar som kunne tenke seg å dukke opp rundt neste sving. Håpar eg blir en god lærar for neste pr-ansvarlig. Med eller utan hjelm, blinklys og bremseklosser, og kanskje en vag forståelse av trafikkreglar.

I hvertfall!

Ferien er her, og eg har heile to veker utan så mykje som en avtale spikra. Hoi! Så i natt pakka eg (promillepakking er best), har enno ikkje heilt oversikt på kva eg har med og kva eg har glemt. Det vart en kjapp pakking i dag tidlig, for eg hadde jo glemt elementære ting som å tømme kjøleskapet heilt, kaste søppel og ta oppvasken.

Dette førte til at klokka plutselig var ti på åtte, og eg treiv på meg sko og jakke i en rasandes fart, tok min tung-lette koffert (Under 20 kilo, men tung nok til å frambringe lavmelte "ughææh") i éi hand, hipstersekken på ryggen og en bosspose i den andre, og dundra ned trappene mens eg messa "Eg veit det er lydt her i huset, men eg MÅ rekke buss!". Rakk den, kjøpte studentbillett (Og fekk såklart dårleg samvittighet, samt litt angst kvar gang bussen stoppa på merkelige stader. Er det kontroll no liksom? Eg har ikkje studentkort, kan du tru. Vil dei spør etter det? Kan eg late som eg ikkje skjønner? Kan eg fake? Kva fag skal eg sei eg tar? MEVI102 mediehistorie og RET206 visuell retorikk? Seems legit? Må eg i såfall betale mellomlegget?) og seig ned i setet.

Radioresepsjonen på repeat heile vegen, litt spying og soving, og så. BREIM.

Så lang kan eg melde følgande:
- Det er framleis ganske mange dyr på sommarferie. Snart må dei tilbake til garden. Challenge Accepted, trur eg, for plutselig var det en fjording midt i vegbana, saman med tre små ponniar, og seinare på bussturen var to kyr som heilt klart hadde rusla seg ein tur på eigenhand.

- Heime var det ingen ponniar, dei er på ferie enda. Håpar dei kjem heim snart, eg vil ri.

- Har derimot møtt igjen Odin, min tante og onkels lystige bastard, som var overlykkelig over å sjå meg! Eg vart såklart overlykkelig over å sjå han igjen også! BFF!

- Vart venn med ei geit som stod i band

- Har sykla ned en trapp på en offroad-sykkel, det var kjempelett pga demparar

- Klarte også å skade leggen på nevnte sykkel. Dette er ingen kul historie, men var fordi eg bråbremsa litt for kraftig, og klarte å slå pedalen inn i leggen. To kutt, og masse blod. Oi.

- Trudde eg skulle på rehab, men endte opp med å komme dansane inn i stua med en pizzadeig, en kjøttdeig, en boks mais og en dunk kvitvin i hendene no i kveld. Well hello there. Joakim meiner eg og alkohol er som barn og godteri. Var visst samme entusiasme.

- Tok med speilrefleksen, med éit objektiv (Sigma 30mm f/1.4 for dei spesielt interesserte;), éit minnekort og ingen lader. Det skal holde hardt..

Det blei altså en del bilder, fram til minnekortet var fullt. Et utvalg av dei eg likte best følger:












Har også funne tre firkløvarar! Men kva skal man gjere med dei? Ete dei? Gi dei til næraste kløver-spiser? Presse dei i ei bok og gå ei runde rundt huset? Halde pusten i tretti sekund og så stå på hodet? Dra ut éit og éit blad, prestekrage-style? Lukke øynene, tenke på noko fint og kaste den avgårde?

Godnatt. Helsing Anna, Breim, september 2012.

onsdag 19. september 2012

EG HAR IKKJE TID

Neida, har all verdens tid. Men er utålmodig sjel, da.

Så her er 5 YouTube-videoar på mindre enn 20 sekund. Så rekk du sjå dei på eit minutt :)

1: More cowbell!





2: DISAPPOINTED!

 


3: Afraid of technology?





4: Drunk, old man:



5: Jakob! Skjerpings!




HADE BRA!

tirsdag 18. september 2012

Statusoppdatering: TV-serier, dr Vodka og avdøde filmapper

I dette regnværet er det fort gjort å pådra seg ein haustdepresjon. Idag har det heldigvis vert Baileysmandag, og tenkte å la meg inspirere av stilen vi drar på med når eg skriv dette! Baileysblogging her altså! Kult og fett, som kidsa seier!

Baileysmandag er, for dei som ikkje kjenner konseptet, følgandes:
Litt før stengetid mandag (Ikkje kvar mandag, det skulle tatt seg ut, men eit par utvalgte mandagar sånn innimellom) setter vi på kaffi, teller kassene, stenger butikken og loggar oss ut. Men eg & ASSO (Anna Sitt Sensur-Organ) blir igjen, heller Baileys i solide mengder i kaffien og setter oss ned for å skrive mail til eit stabilt, men varierande utvalg av flotte mennesker, for det meste tidligare kollegaer.

Med Baileysmandag medfører det stort ansvar. Vi skal jo både fortelle siste nytt, og også skrive ein personlig helsing til dei vi skriv til.

Kan begynne med kortnytt:

- Beskymrar meg over om Mac'en kjem til å overleve over nyttår. Har backup-harddisken kronisk kobla til, og opplever oftere og oftere at program funkar ikkje fullt så bra som før. No har MacGyver rukke å runde godt og vel 4 år, og er ein av få gjenlevande svarte MacBook'ane rundtom. Set såklart enormt stor pris på denne vakre herremannen som har fulgt meg i så mange år, men må innrømme at en tynnare og kjappare modellar fristar.. Sorry, buddy!

- Var på Phonofestivalen på lørdag! Kakkmaddafakka stod på timeplanen, og eg og Silje dansa oss edru og svett. Det vart mykje albatrossing, obskøne bevegelsar og eit par Dance Dares. Vi vart bare avslørt én gang. Kakkmaddafakkarane leverte, og eg vart ca dødsforelska i dei tre korguttane, som dansa pent i takt iført lyse skjorter, som dei (I motsetning til bandet) behold på under heile konserten. You're so cool! You're the COOOLEST!

- Torsdag blir det enda fleire konsertar; Sirkus Eliassen kjem til byen. Eg gleder meg, tar med meg Fjasefjes og gjer meg klar for å synge hjem te dæ så høgt eg kan.

- Fredag står også musikk på timeplanen! Polkabjørn og Kleine Heine speler på Hulen, men eg har plass på Slagsmålsklubben! Virkelig eit sjukt vanskelig valg, får springe fra ein plass til den andre og håpe eg får sett litt av Polkabjørn :)

- Dessutan spelar Rival Sons på Hulen i oktober. LÆTT den konserten eg gledar meg mest til! Hjelpes!

- Har, apropo musikk, plutselig fått en vill hunger etter ny musikk. En merkelig sult som har oppstått, der dei gamle travarane (Er jo som kjent både DJ Trash og DJ Repeat; Hørte Gangnam Style fem ganger på rad da eg kom heim fra byen en gang. Vart eg lei nei, not even close!) ikkje lengre gjer nytten, og det er nye ting som frister. Eller ny og ny, da. Har aldri vert spesielt musikkinteressert, så har med andre ord, enorme, enorme, enorme mengder musikk som står på "Bør høre på"-lista. No? White Stripes. Ca fem år for seint. Heh.

- Så leitar eg innimellom etter en ny jobb. Ikkje sånn å forstå at eg er lei Fotoknudsen, men ønsker meg en fulltidsjobb. Og kor begynner man? Eg har jo en temmelig ukurant utdannelse (Medium og kommunikasjon på vidaregåande, fotolinje på folkehøgskulen, eit halvt år russisk og en bachelorgrad i retorikk og medievitenskap. Kvar tar det deg? Fuck knows!), så det blir jo jobbejakt merka "Ymse". Så definert og fint! Haha!

- Har gjenoppdaga Grey's Anatomy. Sesong 8 no. Det er så gøøøy!

- Held også på med Mad Men. Og 30 rock. Men er insane dårleg på å følge med på tv-seriar. INSANE dårlig. Når begynte eg på Mad Men? Januar? Kor langt er eg komt? Litt inn i 3. sesong. Trur eg. Eg hugsar faktisk ikkje heilt. Ehe.

- Det er kanskje bra at eg er så dårleg på å følge med på TV-seriar. Då blir eg ikkje hekta på ting.

- Eg såg Dexter ei jul, da. Lagde perlesmykker foran peisen og såg sesong 1 ei heil natt, og det var SJUKT spennande. Cliffhangers 4 the win.

- Har også Breaking Bad sesong 1 på dvd. Fann den på Fretex. Når skal eg rekke å sjå den? Fuck knows!

- Mitt og Silje sitt nye motto er for øvrig "Take off your pants and JIGGLE DANCE!". Vi skjønner kvifor vi alltid må dele rom når vi er på tur, og kvifor alle synest det er så gøy å henge med oss.

- Vi har også en felles kjærleik for Spongebob Squarepants! Fekk plutselig for meg at eg skulle sjå det en dag, og det var megagøy! Really??? Reeeeeeaaaaallyyy??? REAAAAALLYYYYY???? Silje hadde heldigvis mange sesongar liggande på sin super-harddisk, så vi har sett eit par episodar og ete snop nokre søndagar, pga det er BEST!

- Har Feitedorris enda.

- Hadde også brødrebesøk i helga. Fredag kveld fekk eg telefon "Hei Anna, vi kjem til Bergen i morgon, vi! Skal hente en sykkel!" "Jaha," svarte eg, "Skal de overnatte?" "Jaaa, siden du tilbyr det, kan vi vel gjerne det!" sa dei. Så då vart det spontanbesøk. Det er jo hyggelig, da! Men fekk sett dei ganske lite pga hadde billett til Phonofestivalen, og forlot dei på vors. Snakkes, liksom!

- Men det gjer ingenting. Lørdag reiser eg heim til Breim, og blir der litt framover! Skal bli supermegachill. Må bare få unna masse PR-greier, sørge for at plakatane har ein deadline og all tekst er klar for slipping og slikt! Har ikkje vert heime sidan før 17.-mai, så det skal bli HEILT ok+!

- Då kan eg leike med ponniar!

- Og Odin!

- Og nabokidsa! Løpe om kapp og sykle og spele Wii og sånt.

- Har også så støvete DVD-spelar at Roffe kunne skrive navnet sitt på den. Heeh!

- Joakim var også så bakfull lørdag at han knapt klarte å ete pizza. LOL fail!

- YOLO

- Med mindre du er Feitedorris.

- Skal også bli maddafukkah badass gangsta saman med Silje. Keepin' it realz, lizm!

- Eg har sett Batman på kino! Hipster-Robin er min nye drømmemann!

- Eg vil også sjå Ted! Den ser megaazm ut.

Nok kortnytt! No skal eg heller fortelle om korleis ein kan bli kvitt haustdepresjon:

Haustdepresjon oppstår når ein er så bleik at leveren nesten synest, og da det i desse tider der det er meldt regn, regn og atter regn, samt stabile 10 grader i hvertfall ut neste veke, er det med andre ord ingen grunn til begeistring.

Dette er det mange løysingar på, men anbefalt behandingsmetode er å oppsøke næraste Vinmonopol, og fylle opp medisinskapet med lyseblå resepter frå Dr Vodka, sjukesøster Gin, ergoterapeut Whisky og overlege Tequila.

(Må avbryte denne vitenskapelige avhandlinga med å melde at SILJE ER SINGEL! HO LIKER IKKJE TURER I SKOG OG MARK, MEN LIKER Å TRENE OM MORGONEN, FORETREKK COUNTRY TRASH OG WRONG ISLAND ICE TEA OG POPCORN FORAN HOUSE MUSIC, OG BØR IKKJE DANSE FORAN SMÅ BARN!)

Hjelper ikkje dette, så oppsøk psykolog Jägermeister og assistentlege Rødvin, og sørg for å ha en avtale med herr Paracet, fru Appelsinjuice og frøken Inside-Burger påfølgande dag.

Silje vil igjen avbryte med å melde 3 ting ho liker:
- Ryan Gosling
- Skjegg
- Enhjørninger og jordbæris

Eg vil også avbryte med tre ting eg liker:
- Hipster-Robin
- Kaffi og havregryn til frokost
- Nyspissa fargeblyantar

Til bursdagen min fekk eg verdens beste bok: The Indie Rock Coloring Book! HERREGUD den er så kul! Skal legge ut bilder en dag eg har tatt bilder. Hah.

Eg likar også Robot Chicken Star Wars!
Viss du ser denne filmen, så er dialogen på slutten av sketsjen som startar 1:25 en av mine favorittdialoger NOKONSINNE!
http://www.youtube.com/watch?v=DWwgdRc3qdA&feature=relmfu

Kva skal eg gjere med Mac'en forresten?

Feitedorris er usedvanlig snill idag. Besøket i helga har slitt ho totalt ut. Ikkje rart det, med så mange nye folk ho skal halde oversikten over! Ho har faktisk nesten ikkje prøvd å drepe meg idag, engang!

Viss det fortsett å regne slik, så skal eg finne fram kanoen. Den er det plass til 3 personar og ei kasse øl, vil eg estimere.

Har også lyst å sjå

OI DER AVSLUTTA MAC'EN MIN SAFARI SÅNN UTAN VIDARE, takk og lov for autosave sjølv i Bloggredigeringsprogrammet!

LOL MAC Y U SO FUNNY

SKRU AV PROGRAM SPORADISK

DIN PRACTICAL JOKER DU MAC

eg hatar deg

Så no må eg bruke Safari.

Chrome bare dør når eg prøvar å bruke den.

Ikkje noko galt med Safari, men saknar å trykke eple+T og skrive det eg lurte på, fordi adresselinja også er søkemotor, det er jo GENIALT herregud!

Men Chrome veit du.

Eg skal åpne ei ny side

Og BAM

"Å nei!" står det, og så viser det ein filmappe med ansikt, men i staden for auger er det kryss og en munn med tunga ut og så står det "Opplever du dette ofte? Klikk her!"

Så eg klikkar der

Og Chrome bare "Å nei!" og viser den forbanna avdøde filmappa igjen

Og så får eg lasta inn sida på nytt

Og det har absolutt ingen svar, men bare noko tøys om brannmur

Og så står det "Var dette nyttig?" og eg klikker på den for å seie

"NEI!"

Og Chrome bare "Å nei!" og der er den satans døde filmappa igjen

Takk og lov den er død

Ellers hadde eg sletta den

OG IKKJE ENGANG PÅ VANLIG SLETTING MED "TØM PAPIRKURV"

MEN PÅ DEN HARDCORE "SLETT ALT FOR EVIG OG ALLTID MUWHAHA"-SLETTINGA

For tenk at!

Så hardcore er eg, lol.

YOLO, men mappene dør når eg vil. Og dei dør hardt. Bruce Willis-style!

Så, kvar var eg før eg avbrøyt med sjølv med ranting og whining om gammal mac?

No er eg sulten. Har lyst på brødskiver med avokado og tomat. Det er faktisk BEST!

Og eg har lyst å sjå Kon Tiki! Etter å ha lest Twitterkontoen til godeste Herman Watzinger, iaffal.

https://twitter.com/HermanWatzinger <- Han er ganske tøff.

I beste Baileysbloggingstil, passar det seg naturlig nok med eit høvelig bilde til å avrunde mail/blogg med. Dette er jo etter at kaffi og Baileys har begynt å gjere sitt inntog, og gjerne tatt over kontrollen på rettskriving og saklighet og slike detaljer som ofte har noko å sei for kvaliteten på slike ting.

HADE BRA!

Mvh Annah "Kanosjef" Sæthre (Ikkje avbilda under, takk og lov)(Neida)(Men seriøst, det er ikkje meg.)



fredag 14. september 2012

Øltest 2012!


Forrige gang eg testa øl, var en juleøltest for nokre år tilbake saman med Janne. Dette frista absolutt til gjentakelse, og no var det på høg tid med ein gjentakelse! Utvalget er ganske tilfeldig; Dei med kule etikettar, dei vi har lyst å prøve og det som såg fristande ut!

Deltakere var meg, Janne, Mathias og Jørgen, men eg fann ikkje poengarket til Jørgen, så han får ikkje sei si meining her, hi hi hi! Vi hadde skjema, med kriterier som etikett, duft/aroma, smak, ettersmak, kulhet, sluttsum og kommentar. Har tatt eit samandrag av desse, pga lister med tall blir grusomt kjedelig å lese på ;)

Spåterningen er en terning som skulle få spå kor bra øl’en gjorde det. Som ein uavhengig aktør. Den var ganske meggete. Trur ikkje terningen likar øl.

Så! Øl’en og cideren er anmeldt i kronologisk rekkefølge, derav dei saklige kommentarane.
Here goes!


Black Death: Island, 5,8%
Spåterningen: 3
Kommentarar: LOL! God med havre. Passer med havregrøt. Klein, men god smak. Lite piff!
Total poengscore:
Anna:18
Mathias: 28
Janne: 23



Anchor Steam Beer: USA, 4,8%
Spåterningen: 2
Kommentar: Kuuul flaske, retro etikett! Sjømannsøl, fin utenpå, men kjip inni..  Ettersmak som for mye øl.
Total poengscore:
Anna: 37
Mathias: 35
Janne: 32



Flying Dog In Heat Wheat: USA, 4,7%
Spåterningen: 2
Kommentar: Frisk (Bill. Merk: Utgått på dato)! NAM! Appelsin er best!I <3 bier="bier" eit="eit" etikett="etikett" p="p" wei="wei">
Total poengscore:
Anna: 41
Mathias: 39
Janne: 32



Framboise Boon: Belgia, 5%
Spåterningen: 3
Kommentar: BRINGEBÆRSAFT! I <3 drikke="" ekkel.="" ikkje="" opp.="" orka="" p="" ripssaft.="" saft.="">
Total poengscore:
Anna: 18
Mathias: 37
Janne: 15



Chili Triple: Danmark, 9,2%
Spåterningen: 2
Kommentar: Braille-skrift på flaska, det gir plusspoeng! Veldig søtt! Whaaaaat? Banan, marsipan, ekkel!
Total poengscore:
Anna: 18
Mathias: 20
Janne: 14


Erdinger Picantus: Tyskland, 7,3%
Spåterningen: 4
Kommentar: Cola, ølsmak! Mild. Fahren auf die Autobahn! God, men ikke hveteøl.
Total poengscore:
Anna: 27
Mathias: 26
Janne: 46



Miller Genuine Draft: USA, 4,7%
Spåterningen: 6
Kommentar: Svidd hår-smak! Smaker mindre enn Tuborg.. Kom igjen, ’a! Lukter svidd hår, smaker…. Rart!
Total poengscore:
Anna: 19
Mathias: 15
Janne: 16



Magners Irish Cider: Irland, 4,5%
Spåterningen: 3
Kommentar: Fare fare krigsmann? Cider er bæsj. Lukter litt rart, da!
Total poengscore:
Anna: 38
Mathias: 19
Janne: 47


Brew Dog Rip Tide: Skotland, 8%
Spåterningen: 1
Kommentar: (Orka ikkje drikke alt pga mett). Brrr Skotland!
Total poengscore:
Anna: 35
Mathias: 36
Janne: - (Var opptatt med å lakke negler, rakk ikkje anmelde)



Wyld Wood: England, 36%
Spåterningen: 3
Kommentar: Eple-te! BITSJ! Nam!
Total poengscore:
Anna: 36
Mathias: 4
Janne: 55

(GLEMTE Å TA BILDE! Her er ein teikning:

)

Absente Absinth: Frankrike, 55%
Spåterningen: 5
Kommentar: Sugar! Sugar! Burn! Suck on my poe poe! Namnamnamnam…!
Total poengscore:
Anna: 27
Mathias: 31
Janne: 54


Min personlige topp 3:
1) InHeat Wheat - 41 poeng
2) Magners - 38 poeng
3) Anchor Steam - 37 poeng

Min personlige bunn 3:
1) Chili Triple - 18 poeng
2) Framboise Boon - 18 poeng
3) Black Death - 18 poeng 

Damn straight!

tirsdag 11. september 2012

Hjernevask: 40 grader, ingen sentrifugering, tørkes flatt

HEI BLOGGEN!

Eg passer katte. Ho heiter Lilly, men du kjenner ho kanskje best som Feitedorris. Ho har eigen hashtag på Twitter, lider av kronisk PMS, og søv på toppen av kommoden min, oppå klea mine.

Feitedorris er ganske typisk katt. Ligg ho på rygg på golvet, kan du banne på at det er ei felle. Strekker du ned en sårbar hånd for å klø ho ligg på den svartkvite magen, og tenker "Så søt!" der ho ligg fredlig og glippar med augene mot deg, har du allerede gått på ein smell. Ca 14 sylskarpe klør står overraskande kjapt (Vekta til katta tatt i betraktning) i huda di, saman med eit sett tenner, optimalisert for å demontere smågnagere til ca tusen biter kjøttdeig.

Feitedorris kosar, som kattar flest, kun på eigne premisser.

Skal du på do? KOSETID! Skal du på jobb om fem minutt? KOSETID! Har du tatt på deg tynne strømpebukser? KOSETID MED KLØR! Då er du pent nødt til å vente til dyret har trukket klørne tilbake frivillig, ellers vil det koste deg dyrt. I purr you an offer you cannot refuse.

Feitedorris er også ganske pinglete. Står vinduet på gløtt, kan du trygt forlate huset i eit par timar, og komme tilbake til ein katt som ligg godt plassert på golvet og mjauar bebreidande til deg.

Akkurat no sitt ho fast i huda mi. Eg sit på golvet og skriv med ei hand, mens dyret ligg i fanget, og vekselsvik sleikar og tygger på handa mi. I dag tidlig låg ho på kommoden og malte. Gikk bort til ho, strauk litt på ho og fekk eit saftig bitt i nasa i retur. Why thank you!

Møkkakatt gies bort, passer meget bra til kollektiv (Sosial som bare det), der samtlige innbyggarar har følgande:
1) Ikkje katteallergi
2) Tatt stivkrampesprøyte
3) Nerver av stål

Neida. Feitedorris er ikkje til salgs. Ho skal nok tilbake til eigaren sin, om nokre vekers tid.


Og ellers! Eg har klipt meg! For første gang på ca 3 år. DET ER SÅ SJUKT DEILIG ågud.

Framleis PR-ansvarlig på Hulen, og det er ganske hyggelig. No har eg brukt dagen sålangt på følgande:
1) Drukke en kopp kaffi
2) Spist havregryn
3) Bestilt plakatar
4) Designa plakat og flyers til institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiers arrangement "Det sosiale språket: Hvorfor snakker folk som de gjør?" (Link her, trur det blir veldig interessant om du er interessert i språk og dialekter)
5) Prøvd meg fram på Hulens nye online gjesteliste-liste