tirsdag 21. februar 2012

Super-Tirsdag (Med masse snikreklame & dødsfine bilder)!

Hei bloggen!

Haha, neida. Men hei.

Idag sa Illimar at eg hadde slikt eit spennande liv! Og så tenkte eg at "Ja, fy fasan!" "Ikkje rart du har blogg!" sa han. "Ja!" sa eg. "Det er jammen meg sant!"

For idag har eg gjort mykje spennande, skal de vite. Først våkna eg i ni-tida, og skrudde på radioen. "Miksteip" snakka om pussige kombinasjonar innanfor duettar, og så drakk eg kaffi og tygde i meg nokre brødskiver. I natt drømte eg at eg eigde en ganske stor hest, og den var litt rampete, men fordi eg var så streng når eg skulle renske hovane, blei den snill. Den var gul. Eg har lyst på ein gul hest.

Medan eg åt brødskiver, bestilte eg også tags til Razika-plakatane! For Møhlenpris-frøknene skal spille på Hulen 2. mars, og eg er vennlig innstilt (Sjekk snikreklamen, då! Håhå!).

Så dro eg på meg kåpa (Ikkje eskimo-jakka som tåler stiv kuling og tusen minusgrader, men den andre), og la i veg mot Verftet! Og veit de, de var jo faktisk SOL idag!!

!!!!!11

(Den skulle ha smilefjes, men eg har kødda det til med brushane i Photoshop, så ehehe. Det gikk ikkje.)


Og litt til !!!!!1. Så eg hadde på meg SOLBRILLER!

(Arkivbilete.)


Men desverre klarte eg ikkje å gå i sola, lol. For når eg først kom til ei gate der sola hadde klart å stikke seg fram, gikk eg alltid på feil side. Og sidan eg er Socially Awkward Penguin iblant, turte eg ikkje skifte side utelukkande for å gå i sola. Dessuten gikk det sikkert raskare å gå rett fram, så eh..

Uansett! Eg kom meg i hvertfall fram til Made (Snikreklame del II, sidan dei var så hyggelige), fekk med meg en drøss plakatar fra ein hyggelig ung dame, rulla dei saman til ein passe diger rull, lasta på meg, satte på hyggelig musikk (Hugsar ikkje kva i farta) og fekk plukka opp tags'a eg hadde bestilt tidlegare.

Espen har hatt dagvakt på Hulen idag, så fann ut at eg skulle ta turen innom. Mest fordi eg hadde skreve "Espen" på handa mi i går, men kunne ikkje hugse kvifor eg skulle hugse på han.

Eg fekk dødsmasse pengar fordi eg hadde betalt for karneval, og Espen avslørte at han er litt lat. Det kan forklare mykje, og gir mulighetar for følgande:

Yeeeeeah, dødsflinke i matte 2012!


Mvh Overskeid & Sæthre.


Vi fann eit bilde av kongen i mariusgensar (Espen blei royalist på flekken), og så fann vi det som ser ut til å bli våre nye leiketøy 1 og 2. Men herregud for eit valg: Stjerneforma eller blinkande?

Etter å ha hengt rundt litt, gikk eg til Apollon for å henge opp fleire Razika-plakatar og gå heimover for å lage middag. På vegen tenkte eg på mykje lurt, som f.eks.:
• At livet er for kort til å fjerne USB'ar safely, samt alltid vente på grønn mann
• At eg gikk midt i vegen pga er badass, bitches!
• At eg igrunn ikkje er så badass likevel, lol
• Og en gang teikna eg ei heilt absurd stamtavle for korleis avle fram ein prikkete hest med islandshest-gangartane, fjordhestmanen og enorm sprang-kapasitet
• At Bergen har mange fine fargar på husa sine
• Og at eg ikkje skal jobbe idag, gitt!

På vegen møtte eg også ein ruskete liten Jack Russel-terrier, den såg kjempetøff ut, og den tissa overalt! Og så jagde den duer utanfor Grieghallen!

Den grønne fuglen er ei due, hugsa nemlig ikkje korleis duer såg ut i farta, unntatt at dei er litt grønne rundt halsen. Og grå. Og så er den skikkelig sur, lol!


Den såg skikkelig glad ut! Hunden altså! Eg tenkte at vi burde bli vennar, for eg også synest det er gøy å springe gjennom dueflokkar!

Så begynte eg å tenke på kva hund eg kunne tenke meg, og fann igrunn ikkje ut så mykje. Jack Russel Terriar, Dachsar, Corgiar er jo alle dødsfine hundar, men dei er ganske små. Har igrunn lyst på en hund eg kan klappe litt jovialt på magen utan at den får åndenød fordi den er så liten.

Kanskje en Beagle hadde vert noko, og så likar eg jo kjempegodt pudlar, så lenge dei er nedklippa, då ser dei råfine ut. Eller en Bedlington Terrier, dei er litt same som pudlar. Fine med kort lugg (Sjå så fine da!).

Eventuelt nokre heilt andre. Nok om DET.

Då eg kom heim, kikka eg i frysaren. Og fann en PIZZA! Hohoho! Tusen takk, lillebror! Den blir for øvrig spart, pga frossenpizza er best dagen derpå. Nom nom nom.

No skal eg.. Lage fiskepinnar, trur eg!

OG DER HAR DU DAGEN MIN SÅ LANGT :D I kveld blir det styremøte på Hulen (<3), så det blir  enda meir spennande og hyggelig og interessant. Men det får eg skrive om i morgon. Eller kanskje ikkje. Høhø.

Les heller om Disney Ladies from Last Night. Eller om Texts from Bennett. Eller kanskje orginalen, Texts from Last Night. Mykje morsommare!

Haaaade braaaa!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar