søndag 12. februar 2012

Karma og slikt

Eg leste en gang i eit kinesisk horoskop, at 1987, det var harens år det, og haren er eit av dei dyra med mest lykke og flaks.

Kanskje det er derav begrepet "harefot" har utvikla seg, at alle vil ha ein del av denne lykka som haren sprer rundt seg, og som samlar seg opp i velbrukte potar etter ein lang vinter.

Men så tenkte eg, vidare sjølvsagt, ein er da ikkje hare for all tid

at ein gang så må dette jo ta slutt

for eg har jo hatt sjukt flaks, eg har jo hatt enorm lykke,

for på ståande (hare)fot kan eg jo berre nevne to ganger at eg virkelig har følt at universet køddar med meg, og at no er det faktisk slutt på all morro og glede

men til tross for dette landa eg jo

med beina ned

og øyrene opp

og hoppa vidare, rimelig ubeskymra, rimelig uskadd,

og det var 1) då pappa døde og 2) då eit tre-årig forhold tok brått slutt en vinterdag i 2012

Og TIL TROSS for alt dette

til tross for all denne død og fordervelse, sorg, tårer og leie opplevelsar

så har eg grått ferdig

eg har sørga nok, og fått det fort ut av systemet, fordi dette var jo ikkje noko som skulle vare (Og det visste harehjertet mitt langt nok innerst inne), at det ein gang skulle ta slutt

og faktisk var det ein enorm lettelse

ei etterlengta pause

då sjukepleiaren sa "han kjem til å dø i natt" og då eg fekk spørsmålet "elskar du meg egentlig?"

så visste eg jo svaret

og det var jo allereie tenkt men ikkje uttalt

Og kanskje det er der det ligg

djupt, innerst inne

så er det faktisk så utruleg personlig at det går nesten ikkje an å grave djupare

i mitt heller grunne hjerte

som likevel har så stor plass for alt eg igrunn ikkje skulle ønske kunne finne sin plass der

Men la gå

Eg har mine svakhetar

og styrker, men gudane veit kva

Og når nokon snakkar om karma

så teier eg stilt

For karma er visst som energi;

det tar aldri slutt, det skiftar berre fasong, frå ein versjon til ein annan

Så då pappa forlot verden, fekk kanskje noko anna hans liv, og då forholdet tok slutt, kunne energien samle seg og vende om

Og eg likar den tankegangen, den at ting aldri tar slutt

For igrunn er vi berre molekyrar, søte deg

og harer som meg & deg

har ingen grunn til å sitte stille

For ein gang er vi oppløyste og gløymt

Men det er heldigvis veldig

veldig

lenge til.


1 kommentarer:

  1. Dette her Annah. Det må du ta vare på. Det er veldig pent skrevet, og godt formulert. Klem fra Australia :)

    SvarSlett