Og go: Miss er heilt lik Tampa, en fillekatte eg hadde for mange år tilbake. Det var derfor eg ville passe på ho, for det var jo Tampa i forkledning! Skal finne bilder en dag.
Min besteveninne døpyte ein gang ein kalv for Anna, fordi den alltid kasta bøtta si så langt den kunne, etter at ho var ferdig med mjølka. Anna fekk en kalv, som ho trampa ned så den døde, kalv nr 2 blei kalt opp etter mi veninne Mona (Monark), og kalv nr 3 blei abortert, og då blei Anna karbonader. Annas mor fekk for øvrig to kalvar til dei påfølgande åra, som blei oppkalla etter mine lillebrødre Joakim og Roffe.
En gang eg hadde ein dårleg dag, gikk eg til Nadia, onkels shetlandshoppe, for å søke trøst. Nadia svarte med å bite meg i leppa. Merr.
Tanta mi hadde eingang ein vakker Flatcoated Retriver, Gaius. Vi passa på han, og av en eller annan grunn likte han å ete ballongar. Desse kom ut att med fargar og alt, og var eit litt foruroligande syn.
Den samme Gaius hadde problem med at han stakk av frå hagen deira støtt og stadig. Men det slutta han med då vi passa han heime hos oss, og glemte heile bikkja ute då vi skulle ete middag. Gaius blei sikkert så overraska over å ha blitt forlatt, så han berre låg og venta i hagen, og stakk aldri av meir.
Ei anna tante av meg hadde ein gang ein hund som heitte Steffen. Før det var det hunden Truls som regjerte. Fantasifulle navn, det skal dei ha!
Som liten pleide eg å sitte på katta vi hadde. Den var ikkje sterilisert, og fekk kattungar over ein lav sko. Pappa påstod at sidan vi satt på dei, kom kattungane ut flate, og eg har eit vagt minne om at han held fram to flate, døde kattungar. Anar ikkje om det var kun eit imaginært bilde, eller om det faktisk var sant, vi satt iaffal aldri meir på den katta.
En gang i tida hadde vi 12 høner, 2 kaniner, 1 katt og 1 golden retriver som heitte Lucas. Kaninene skulle visstnok begge vere hannar. Det var dei aldeles ikkje.
Onkel har ein annan shettis, Ivrig. En dag eg var ute med han, rei eg på han. Plutselig gjorde han eit hopp, og meg uten sal ramla såklart av. Vel, det var drøye 60 cm, så ikkje hardt fall med andre ord. Ivrig løp heimover, eg etter, med angst om at onkels flotte hingst skulle stikke av. En tjue meter før stallen stoppa Ivrig opp, snudde seg og...
Ja, der var dei sju minutta ute.
Takk for meg!
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar