fredag 28. desember 2012

Clementine & Nerdpony: Dikt #2

Åndedraga stansar midlertidig
Skjelettet frå helvete

Gjennom lyspunkta stablar dobbeltgjengaren frå Moss seg framover,
til bensinstasjonen,
til rundkøyringa
og hotellet.

Forsiktig dansar vi forbi dørvakta
og kniser HALLELUJA i natta.

Clementine & Nerdpony: Dikt #1

Kvifor gløymer ingen at det burde skjedd?
Kvifor bruker vi kunstige lunger?

All mi laushud ristar livredd
over dommedagsprofetiane.

Likevel tenker du berre på morgondagen.

søndag 25. november 2012

Ikkje sei det til nokon, men..

Har du hemmelighetar? Sjølv liker eg å tru at eg ikkje har så mange. I hvertfall oppstår det sjeldent nye. Kanskje det er fordi eg har forandra meg sidan eg var liten. Gjer eg noko flaut no, så deler eg det heller med venner. Gjer eg noko eg ikkje heilt veit er ok, deler eg det med venner. Kjenner eg at det er en dårlig hemmelighet, så lukkar eg øynene og håpar magen vil roe seg. Dermed blir det ganske lite å halde hemmelig, heldigvis.

Er det på tide å dele? Eg må tenke meg om, faktisk. Kva hemmelighetar har eg? Og kva gjer det en hemmelighet? Er det rett og slett en hemmelighet fordi ingen har spurt om dette? Fordi temaet aldri er komt opp for ein dag? Er det en hemmelighet fordi du ikkje vil nokon skal finne ut av det, fordi ingen bør finne ut av det eller fordi ingen skal finne ut av det? Då trur eg vi har dekka hemmelighetsskalaen godt.

Har eg hemmelighetar, eller bare elementer av opplevelsar eg bare har fortalt til nokon eller ingen? Det er kanskje ikkje hemmelighetar, fordi noko har eg sagt til mange, men det er likevel ikkje det eg først seier til nye folk. Bedømm sjølv: Eg skjønte ikkje Monty Python før en to-tre år tilbake. Eg har sniklest meldingane dine. Du veit det ikkje enda, men vi burde gifte oss fordi du er så fabelaktig. Eg søker framleis deg opp på Facebook bare for å sjå på bilder av deg sjølv om det er fleire månadar sidan vi hadde noko med kvarandre å gjere og vi er ikkje meir enn svært, svært perifere bekjente. Du må slutte å vere sint no, vær så snill. Eg kan fleire DDE-tekstar enn det eg likar å innrømme. Sidan du dro, har eg ikkje sakna deg eit minutt ein gang. Eg huskar dessverre ingenting av den natta. Du såg virkelig ikkje bra ut med den sjølvklippa panneluggen. At du døde, var en lettelse, uansett kor vondt det gjorde der og då. Skulle ønske eg var like liten og nett i kroppen som deg. Sjølv om vi er gode vennar, føler eg av og til at vi er på kvar vår planet kjemimessig. Viss eg ser deg når eg er ute, fortar eg meg å late som samtalen eg har med dei eg sit med er altfor spennande til at eg vil snakke med deg. Eg er redd for å få dobbelthake, spesielt på bilder. Du er ikkje over han enda, enda du liker å sei det. Eg har hår på tærne.

PS:
http://norske-hemmeligheter.blogspot.no/
&
http://www.postsecret.com/

onsdag 14. november 2012

Cool story bro, why don't you write a blog about it?

Det er så utruleg mange ganger det passer megabra å sei nettopp det tittelen på dette innlegget seier! Når folk forteller noko, som bare ikkje har poeng i det HEILE tatt, og historia er eigentleg bare ei poengløs anekdote som ikkje gir meining. "Whaaaat?"

Så her er ei samling med cool stories, som absolutt ikkje burde skrivest blogg om:

Ei natt, sånn rett før eg sovna, var eg midt i mellom drømmeland og våken tilstand. Då var eg KJEMPEGOD til å køyre traktor med brøyteskuff. Skikkelig flink, eg visste nøyaktig korleis ein skulle køyre traktoren, hadde stålkontroll på rygging, måking av snø og generell køyring. Det var ein utruleg rar opplevelse, for eg har da på ingen måte peiling på traktorar. Merkelig opplevelse.

En gang eg satt på bussen, såg eg ein hund med tre bein. Den mangla eit frambein, trur eg, men sprang lykkelig avgårde. Den var kvit, og hadde hengeører. I blant lurer eg på korleis den mest gjennomsnittlige hunden ser ut. Hengeøyrer, ståøyrer, lang tynn hale, tjukk hårete, brun eller svart og kvit.

I eit forsøk på å google noko, skulle eg skrive google.com i adressefeltet. Dessverre glemte eg o-en i .com, som førte til at eg havna på den Kamerunske versjonen av Google. Når så auto-utfyllinga gjorde resten av jobben i framtidige søk, havna eg stadig vekk på google.cm. Særs lite praktisk.

Mine brødre og eg syntest Spyro var så gøy å spele på Playstation at då vi skulle i begravelsen til min bestefar, dreiv vi og spelte heilt fram til vi måtte dra. Hugsar enda at eg sat med tynne strømpebukser oppå det glatte trebordet vi hadde ståande, og lot den lille, lilla dragen løpe som bare det på grønne landskap.

I 6. klasse var eg med i radioquiz-show'et 5på. På spørsmål om kva kommune vi var i fra, svarte eg lynkjapt og fornøyd "Sogn og Fjordane!". Min veninne Turid måtte korrigere meg. Haaawkward.

Cool story, bro!

fredag 2. november 2012

Ting eg likar

Eg likar fredagar, fordi då er det snart laurdag.

Eg likar kaffi, det er kjempegodt!

Eg likar taco, sjølv om det er for 3-åringar i følge en god venn av meg.

Eg likar Katy Perry, Taylor Swift, Rival Sons og Blood Command fordi dei gjer meg glad.

Eg likar Hulen, fordi det er så spennande å jobbe med den plassen og alle folka der.

Eg likar jobben min for eg har så sjukt fine kollegaer.

Eg likar å drikke vin fordi vin er best og gjer meg litt gladsvimmel!

Eg likar hestar, for dei er så sterke og vakre og spring kjempefort!

Eg likar Silje fordi ho har bursdag snart, og fordi ho er så flink til å albatrosse.

Eg likar hylleblomstsaft fordi det kan eg drikke uansett tilstand!

Eg likar blått og grønt fordi det er dei finaste fargane i heile verden!

Eg likar laks fordi det smakar så vanvittig godt.

Eg likar Retro Spiderman fordi han er så sjukt tøff og likefram!

Og så likar eg mine brødre som brukar leiligheten min som hotell, men det gjer igrunn ingenting, fordi dei er brødrene mine og eg synest dei er best i heile verden. :)

torsdag 1. november 2012

Retro Spiderman, ilu, lol

Dette er så sjukt min humor! Herrefred!
































































Kjem sterkare tilbake neste gang! Neida! LOL what the fuck am I doing I don't even!

mandag 29. oktober 2012

Tenners gnissel

Eg går rundt med en følelse av at alt ikkje er heilt som det burde vere. En slags uforløst følelse, om at noko bør skje, noko har skjedd, og noko burde ikkje ha skjedd. Så er det krøll på tråden mellom meg og ei veninne, og eg veit ikkje kva eg kan gjere for å redde vennskapet. Eller om eg bør gjere meir, eller om eg bare skal vente (Og det gjer meg litt gal) eller bare. Dette blir vanvittig egosentrisk, så pinlig sjølvsentrert, og eg har vert ganske teit (Men ikkje SÅ teit, eller har eg gjort meg fortent til dette, eg klarar ikkje heilt bestemme meg og det er ikkje så enkelt å vite), men eg veit bare ikkje. Og det plager vettet av meg. Elefanter i rommet og ingen ser ut til å ha klart å få den ut derifra (Kva gjorde den i rommet i utgangspunktet? Skal den ikkje vere på savannen i Afrika og spise gaseller og trampe på løver?).

Veit du kva hovedstaden i Laos er? Eg aner ikkje. Men skulle ønske eg kunne svare på slikt på ståande fot. At eg hadde ein eller annan form for superkraft. Sykle på enhjulssykkel, snakke fransk, gå skikkelig ned i spagaten eller vere sabla flink til å fortelle kva hovedstaden i Laos, i Kenya og i Argentina heiter (Den siste trur eg at eg kan, Buenos Aires, yes?).

Viss du måtte velge mellom Argentina og Brazil, kvar ville du dratt? Det var en på Hulen som snakka om at Argentina var drømmeparadiset på jord. Snakkar dei spansk i Argentina? Trur eg må dra dit. Drikke vin, danse tango og ete biff heile dagen. Han som tattoverte hesten min var forresten ein argentinar. Han hadde kjempebart og vi klikka ikkje sånn kjempebra. Men no har eg ein konto som heiter "Tattovering!", så no er det på tide å spare som gal. Synd det er så mykje anna eg også vil ha. Ein ny mac (Sorry kjære svarte mac, men du er blitt snart 5 år, er litt i trassalderen og har, tross iherdig pynting med klistremerker, sett dine beidre dager), en ponni og en hund. Og kanskje en fulltidsjobb. Men det er ikkje lett med den vage utdanninga eg har. Skal du søke samordna opptak neste år? Søk noko fornuftig, herrefred. Lærar, lege, landmålar. Ingeniør, tannlege, fysioterapeut. Økonomi eller noko lurt.

Ville du overlevd en zombieapokalypse? Eg trur eg hadde dødd sånn innen fem minutt. Om eg då ikkje hadde vert heime og stått med en pinne og dytta ned alle zombiane som kom klatrandes.

Er visst tom for popcorn. Men eg har eit revolversmykke! Og det hjelp.

fredag 5. oktober 2012

TGIF!

Det går så FORT! Idag er siste dag heime, eg sit på kjøkkenet og hører på P3 og drikker kaffi og ler for meg sjølv. Det er fredag, og det er så masse bra her i verden!

Så her er det eg har ledd meg skakk av i løpet av frokosten idag! Dette er min humor! Det kan ingen ta fra meg!












Og såklart VERDENS BESTE SANG til slutt! TGIF!