fredag 30. desember 2011

Då Dagmar dro

"Dagmar" er eit navn eg kjem til å hugse, like godt som romjula 2011. For ein spesiell unntakssituasjon, for eit sammensurium av nye og hittil ukjente problemstillingar, og for ein ting å vere med på. Første juledag, i sekstida, då det blåste som verst, vart det plutselig stummande mørkt rundt oss, og det var det i over to døgn.

Mor, som var på kveldsvakt, beskriver det som ein av dei verste vaktene ho har vert på nokonsinne. Eldre utan straum har ikkje varslingsmulighetar om det skulle vere noko, det var ein del heimebesøk som blei vanskelige, og det var ikkje sikkert ho kom seg heim, på grunn av tre i vegane. Når det heile var over, viste ho meg eit bilete av ein kollega, som sat med haudelykt og fordelte tablettar. Ein må jo berre le litt, det ganske absurd heile situasjonen, men alt blir eit par hundre gangar meir tungvint..

To ord beskriver desse to dagane utan straum best: Varmt og mørkt. Kor korte dagane eigentleg er, er ekstra tydelig når den einaste formen for lys er via stearinlys og lommelykter. Ingen gatelykter, ingen lys frå Byrkjelo og Reed, kun sporadiske fjøsar som har fått tak i aggregat for å mjølke. Og for å holde varmen (Samt koke opp vatn til kaffi og grillpølser), fyrte vi som nokre heltar i peisen. Dessutan hadde alle fått superundertøy til jul, som vart hyppig brukt..

Eg fekk ein ganske rar følelse av at vi var hundre år tilbake i tid, uten straum, telefon, tv og Internett, samtidig som gutane (= Roffe lillebror, + mitt søskenbarns 2 barn, kjekke karar med elektrisitetsavhengighet på rundt 14-17 år) freste rundt i firhjuling, og bilar og traktorar er lett tilgjengelig. Maten måtte vi heller rasjonere litt på, koke pølser på ovnen og finne fram grillen, og skulle ein gi beskjedar, var det berre å ta på seg sko.

Då eg våkna 2. juledag, var dette synet utanfor soveromsvinduet.
Flaks den ikkje ramla andre vegen! I følge lillebror var dette treet utstlagsgivande for ein dominoeffekt som varte skogen på tvers.
I starten var vi sånn passe forvirra; Gikk på do uten å ta med nokon form for lys, skrudde av og på lyset i gammal vane og spøkte villt med "Kan ikkje du berre hete den litt i mikroen?" og "Joakim, kan ikkje du støvsuge litt her?". Desse vitsane døde heldigvis ut etter første natta, haha!

Etterkvart vart det kaldt på badet og hett i kjøleskapet, så maten måtte ut på trappa i ei stor kasse, frysaren var forbudt område (Halde på kulda, vettø!), og iPad'en var faktisk den greiaste formen for underholdning: Ludo på nettbrett fungerar supert når det er mørkt rundtom, fordi skjermen er lys og terningen forsvinn ikkje. Batteritida var også fabelaktig, som ikkje er feil når ladingsmulighetane er litt begrensa.

Jessica-strigling i lommelykt-lys.. Litt vanskelig å sjå om ein
treff alle plassane, men pytt pytt!
Dei som hadde det verst i det heile, var nok kyrne på gårdane rundtom. Nokre var midt i melkinga då straumen forsvann, og fekk ordna seg aggregat ganske tidleg, andre igjen håpte straumen skulle komme tilbake kjapt, og fekk ikkje tak i før seint på kvelden 2. juledag. Så det var ein del rauting i fjøsa, fortalte mamma, frå stakkars, mjølkesprengte kyr. Nokre av dei klarar å sleppe mjølka, slik at den renn ut av seg sjølv, medan andre klarer ikkje det, og har nok hatt temmelig ubehagelige dagar.. Då er ein berre nødt å stelle for dyra så best ein klarar. Og mjølke for hand var uaktuelt; Dette er ikkje noko kyrne er vande med, og forsøk hadde nok stressa dei meir enn nødvendig.

I løpet av 2. juledag kom vi på at det kanskje fantest eit aggregat oppe på den gamle hytta til besta. Eg & Joakim fann ut at vi fikk ta oss ein tur, og la i veg. Det er ein kort køyretur unna, og så er det ein bratt bakke opp. Og i våt snø, gjørme, uten anna lys en ei hodelykt og i lånte støvlar, sleit eg ganske hardt! Satt fast litt sånn innimellom, dvs heile tida, og hadde blodsmak i munnen etter drøye femten meter. Flaks eg er så trent!

Joakim, som er ein forholdsvis godt bygd fyr, viste seg å ha Legolas-tendenser. Ikkje berre formerlig sprang han oppover uten tydelige problem, men då eg såvidt hadde hytta i augesyn, var han allereie på vei ned til meg med eit blytungt aggregat på eine skuldera, og ei lita kanne med bensin i andre. Eg fekk æra av å bære bensinkanna, og lunta nedover i mitt eige tempo, sklei litt i snøen, tenkte at det var ikkje så verst likevel, og kom ned til ein Joakim som hadde lempa aggregatet inn i bilen, og var klar for å dra.

Radioen vart plutselig det store mediet; Tv-en var vekke (Og er det fortsatt), Internetten var long gone og avisene kom ikkje fram. Så vi plugga i batteriet, og skrudde på kvar heile time for å få siste nytt. Og så skrudde vi av; Måtte spare på batteria veit de! Og når nyhetene kom, var det andektig stillhet. Kvar var det verst? Vil vi få den att snart? Går det dagar? Timar?

Det var så pussig, det heile. Eine dagen vaska eg kjøleskapet berre for å ha noko å gjere, det vart strigling og møking hos hestane med lommelykter på, guttane hadde nok best av dette, det er jaggu meg sunt å kjede seg, sjølv om eg trur dei ikkje akkurat grein då strømmen kom tilbake. Vasking og slikt var sjølvsagt utsatt, vi måtte merke fatet vårt for å hindre av oppvasken hopa seg opp, og ein vart litt sløv når det kom til å gå med sko i gangen inne; Vi får ta og vaske når strømmen kjem!, tenkte i hvertfall eg, og vandra inn med skitne utesko.

Og tredje juledag, nesten på slaget to døgn etter at straumen hadde dratt, kom den pinameg tilbake!

"Dagmar" hadde laga nye og spennande elver i oppkøyrselen. Desse kvitta vi oss med ganske raskt! Dumme-Dagmar.

Dobbel trevelt! Kjipt.

Her er Jessica, Anita, Tilde, Sølvjo (Baki der) og meg på tur!
Ut på tur, aldri sur, og ingen dårlig vær berre dårlige klær osv osv osv!  Og ingen dårlige kamera, berre
fukt som legg seg på linsa og gjer skarphet oppskytt! Berre pingler har ting i fokus!
Skrytebilde? Eh ja. Kaldt og vått? Eh ja.


Stearinlys i vinduskarmen over senga. Primitivt og fint. Mest koselig, i grunn.

onsdag 21. desember 2011

Opp datering ned datering

Gaah, korleis klarer eg å skifte desse datoboblene sin farge? Brunt er kanskje min minst favorittiske farge.

Her er ein liste over mine favorittfarger, i nesten tilfeldig rekkefølge:
1) Blå
2) Grønn
3) Rosa
4) Lilla
5) Gul
6) Raud

Her er min liste over fargane eg liker minst i verden:
1) Orange
2) Brunt
3) Lakserosa

Jepp. Så: Kva meir har skjedd?


Dette er tyyypisk jul! Og lykka er størst når steinane er fraværande. Jaaah..
Eg har sett fyr verk e ri! Det var: Kult. 
















Lesesalsdøing del 1






Miss sitt på ting: Del 1 - Avis.
Lesesalsdøing del 2


Roffe er i Bergen og har funne sin egen handlevogn! Great sucess! :D

Favorittjente #1: Jessica!

Eg har tatt ferje, men hadde ikkje Internett, så eg kunne ikkje twitre om det. FAIL på meg da.

Det viser seg at eg har spådame-potensiale!


Favorittjente #2: Lipsen!

Miss sitter på ting: Del 2 - Laptop.

Eg har gjort ferdig alle eksamenar!

Møtt enda ein ny ven. HEI!

Miss har forsøkt seg på å legge saman kle. FAIL.

Vin gjer ekstra fin, spesielt med desse to diamantane!


Miss er sånn passe facinert av hagl. Heilt på treet spennande.

Eg har gitt blod, det var dødskult. Fekk desverre ikkje store arr å skryte av.

Dei har slengt opp lys på trea rundt Lille-Lunger'n! Dødsfint!

Eg har hatt retorikkfest. Partycat iz le tired. Very tired.

Julebord med sprudlevann. Anna blei så glad, så glad!

Og eg gikk HARD CORE og shotta øl.



I morgon skal eg heim! Det blir superherlig, og eg gledar meg mongomasse!

Sånn. Det var alt. Hade bra!



fredag 9. desember 2011

All I want for christmas..

I år ønsker eg meg.. Ingenting. Heilt seriøst!

For i år skal alle vennane mine berre få en sjokolade. Pengane eg ville brukt på julegave, skal heller gå til organisasjonar som jobbar for at verden skal bli betre, for barn, dyr, mennesker, regnskogen osv. Det er ikkje fordi eg er lat eller ikkje vil vennane mine vel, men fordi eg sjølv ser at eg har faktisk alt eg treng. Og eg trur alle mine vennar også har det dei behøver. Det dei ikkje behøver, men har lyst på, kan dei som regel kjøpe sjølv.

Så i år, sett pengar inn til ein av desse, i staden for å stresse med julegaver:

Røde Kors

- Dyrebeskyttelsen

- Regnskogfondet

- Leger uten grenser

- Redd barna

Så håper eg ingen blir skuffa over mangelen på julegaver i år. :)

tirsdag 6. desember 2011

Bloggrape på meg sjølv

Herregud, eg har ødelagt bloggen, LOL! Sorry! No ser den ut som noko Miss kunne teikna med venstre bakfot. Skal ta en gløtt på det, etter torsdag. For torsdag er det juleferie, i hvertfall frå UiB!

For øvrig har eg pynta til jul:


















Og idag var eg til tannlegen min! Han er: SUPERKUL! "Har du pussa tennene dine kvar dag no då?" "Tidvis!" svarte eg. "Har du elektrisk tannkost?" spurte han. "Jepp!" sa eg. "Brukar du den?" "Eg brukte den i går, men no er den tom for strøm.." Og DÅ fekk eg styggeblikket!!!

Vidare forklarte han at det ikkje gjorde så mykje for hans del om eg fekk hull og måtte borre, fordi då blei han rik! Men litt kjipt for meg. Og så måtte eg ikkje fortelle nokon kven som var tannlegen min i så fall, fordi det var dårleg reklame for han.

For øvrig har eg berre 3 visdomstenner, den fjerde finnest ikkje. SHIT COOL STORY BRO!

No må eg gå, hade bra!

fredag 2. desember 2011

Lazy pazy daizy bomb!





Advarsel! Dette er eit farleg innlegg for folk som leser til eksamen/ heime-eksamen eller andre viktige ting! Styr unna! Desse sidene kan nemlig fange merksemda di og halde på ho mange timar!

Glade Ting <- Eg er ikkje heilt sikker på kven ho er. Men bloggen hennar er så fin, at eg har lyst å tattovere leppene mine knallraude og gå med kjole.

Disney Ladies from Last Night <- En kombinasjon av Texts from Last Night & Disneyheltinner. Vanvittig, vanvittig, VANVITTIG morsomt! Eg får lyst å stikke ut og drikke meg kanakas i lag med dei skadde vennane mine på heile greia.

Tjuvlyssnat <- Ei svensk side der folk sender inn ting dei har overhørt i offentligheten. Svenskt er ikkje alltid like enkelt å lese, men om du tar deg tid, så er denne sida GULL!

Ulicam <- Dette er bloggen til Ulrika Kestere, ei jente eg gikk på folkehøgskule med, og som kanskje er ein av dei mest talentfulle teiknarane og fotografane eg veit om! Fantastisk dyktig, med en drømmande, romantisk, pastellfarga verden fanga både gjennom kamera og på papir.

Not Always Right <- Jobbar du i butikk? Eller i eit serviceyrke? Eller ikkje? Uansett vil du absolutt finne stor glede i å lese desse, og føle deg ca tjuetre hakk smartare etter at du har lest en fire-fem av desse. Heilt fantastisk!

Så, tilbake til heimeeksamen! Neida. Eg er visst ferdig med den no, eg! LOLOLOLOL!

torsdag 1. desember 2011

The Fabulous Four + The A-Team

(Eg måtte google 'fabulous' for å finne ut korleis det skrivest..)

Men her skjer det ting, gitt! For det første er eg blitt en del av The Fabulous Four, dei fire nye styremedlemmene som skal vere med og styre, stelle og bestemme på Hulen! André, Kaja, Espen & meg der altså, henholdsvis påtroppande ledar, vaktansvarlig, arrangementsansvarlig og PR-dude! Hellemåne!

























Det er ikkje heilt gått opp for meg enda, sjølv om det er over ei veke siden valget. Men i blant slår det inn, og då får eg litt angst, men heldigvis dobbelt så mykje "Herreguuuud eg gledar meg!!!!" og "Dette blir så sjukt bra!!!".

Tirsdag hadde vi første styremøte, med storstyre, dvs alle, både påtroppande, avtroppande og dei som blir til sommaren var med, og det var så kjekt! Spennande saker, gode diskusjonar og ikkje minst en superkul photoshoot og intervju med Backstage ;)

Are er jo min store mentor, eg er jo berre en liten padawan enn så lenge, så vi "The A-Team". Beidre blir det faktisk ikkje! Are skal heldigvis fortsette litt i PR etter at eg tar over roret, og om vi skal utrette mirakler? Trur det, ass! Gle-der-meg-mas-se!

I morgon har forøvrig Jon bursdag. Trur han skal få Miss. Siden den masekatta ikkje kan å holde smella. Vi fortalte ho i stad at kvar gang ho mjauar, så dør det en liten kattunge, uten at det la nokon nevneverdig dempar på volumet. Er glad i den j***** masekatta likevel, da.

No - Tilbake til heimeeksamen! Siste på ei god stund, sådan, blir jo ferdig med bacheloren i retorikk med fordjupning i medievitenskap no til jul! Sjukt spennande, sjukt skummelt & sjukt kult!