fredag 2. desember 2011
Lazy pazy daizy bomb!
Advarsel! Dette er eit farleg innlegg for folk som leser til eksamen/ heime-eksamen eller andre viktige ting! Styr unna! Desse sidene kan nemlig fange merksemda di og halde på ho mange timar!
Glade Ting <- Eg er ikkje heilt sikker på kven ho er. Men bloggen hennar er så fin, at eg har lyst å tattovere leppene mine knallraude og gå med kjole.
Disney Ladies from Last Night <- En kombinasjon av Texts from Last Night & Disneyheltinner. Vanvittig, vanvittig, VANVITTIG morsomt! Eg får lyst å stikke ut og drikke meg kanakas i lag med dei skadde vennane mine på heile greia.
Tjuvlyssnat <- Ei svensk side der folk sender inn ting dei har overhørt i offentligheten. Svenskt er ikkje alltid like enkelt å lese, men om du tar deg tid, så er denne sida GULL!
Ulicam <- Dette er bloggen til Ulrika Kestere, ei jente eg gikk på folkehøgskule med, og som kanskje er ein av dei mest talentfulle teiknarane og fotografane eg veit om! Fantastisk dyktig, med en drømmande, romantisk, pastellfarga verden fanga både gjennom kamera og på papir.
Not Always Right <- Jobbar du i butikk? Eller i eit serviceyrke? Eller ikkje? Uansett vil du absolutt finne stor glede i å lese desse, og føle deg ca tjuetre hakk smartare etter at du har lest en fire-fem av desse. Heilt fantastisk!
Så, tilbake til heimeeksamen! Neida. Eg er visst ferdig med den no, eg! LOLOLOLOL!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Åh, takk for å bli nevnt med så fine ord!
SvarSlett