torsdag 1. desember 2011

The Fabulous Four + The A-Team

(Eg måtte google 'fabulous' for å finne ut korleis det skrivest..)

Men her skjer det ting, gitt! For det første er eg blitt en del av The Fabulous Four, dei fire nye styremedlemmene som skal vere med og styre, stelle og bestemme på Hulen! André, Kaja, Espen & meg der altså, henholdsvis påtroppande ledar, vaktansvarlig, arrangementsansvarlig og PR-dude! Hellemåne!

























Det er ikkje heilt gått opp for meg enda, sjølv om det er over ei veke siden valget. Men i blant slår det inn, og då får eg litt angst, men heldigvis dobbelt så mykje "Herreguuuud eg gledar meg!!!!" og "Dette blir så sjukt bra!!!".

Tirsdag hadde vi første styremøte, med storstyre, dvs alle, både påtroppande, avtroppande og dei som blir til sommaren var med, og det var så kjekt! Spennande saker, gode diskusjonar og ikkje minst en superkul photoshoot og intervju med Backstage ;)

Are er jo min store mentor, eg er jo berre en liten padawan enn så lenge, så vi "The A-Team". Beidre blir det faktisk ikkje! Are skal heldigvis fortsette litt i PR etter at eg tar over roret, og om vi skal utrette mirakler? Trur det, ass! Gle-der-meg-mas-se!

I morgon har forøvrig Jon bursdag. Trur han skal få Miss. Siden den masekatta ikkje kan å holde smella. Vi fortalte ho i stad at kvar gang ho mjauar, så dør det en liten kattunge, uten at det la nokon nevneverdig dempar på volumet. Er glad i den j***** masekatta likevel, da.

No - Tilbake til heimeeksamen! Siste på ei god stund, sådan, blir jo ferdig med bacheloren i retorikk med fordjupning i medievitenskap no til jul! Sjukt spennande, sjukt skummelt & sjukt kult!




0 kommentarer:

Legg inn en kommentar