Uansett! No funderer eg på om eg skal la neglene gro så langt det går an. Det kan bli sjukt spennande, spesielt siden eg føler meg slik:
Berre neglene er på rundt 2mm! Så det blir spennande, kanskje eg slår verdensrekorden etterkvart, for eg har veldig sterke negler! Faktisk kan eg nesten skru i skruar med tommelen! True story!
Og så har eg litt dårleg samvittighet, for at eg er en slappis-student. Skulle ønske eg var superstrukturert! Men i morgon! I morgon dykk! DÅ skal eg lese!
Har eg forresten fortalt at eg nesten kverka Miss? Det var eit uhell. Eg skulle ta på meg mine nye fine polkadott-støvlar med hælar, då eg dro så hardt for å få dei på meg, at eg missa balansen og ramla på ræva.. Oppå stakkars Miss. Herregud. Ho var dødelig fornærma, og lett skrekkslagen i minst 4 dagar.
Fekk heldigvis forsikringar om at kattar tåler mykje. Flaks! Og så skal eg passe Lilly! Dette er Lilly:
Men no seier Ola og Helene at ho har vokst i alle retningar. Så ho er ikkje en liten dott med hår lengre. Lurer på om dei kjem til å like kvarandre, ho og Miss. Satsar på det.
Tenk så kjipt om det blir dårleg stemning, da! Haha! Med kollegaane på besøk laurdag og greier, og to meggete kattebitsjer som ikkje tåler trynet på kvarandre. Skal berre passe ho i 10 dagar, så det går seg vel til.
Men eg håpar det går fint. Fordi då skal eg heilt seriøst skaffe meg ein katt til. Miss er på ein måte blitt Jon sin katt, mest på den måten at det er han som skal betale for ho (Vi har ikkje offisielt overtatt ho), og om det skulle bli slutt, får han beholde ho. Ellers betalar vi like mykje i utgifter på ho, heldigvis ikkje så mykje.
Ellers har eg fått meg ny sofa! Den er kanskje kulast i verden! Den har SJESELONG! Så no kan eg ligge og dra meg på sjeselongen, RR-style!
Men den har eg ikkje bilde av, fordi det er så rotete her! Haha! Jon skulle ha vors for seg sjølv + en bortkommen amerikaner lørdag, og så berre eksalerte det. Herregud. Heldigvis gikk alle tilslutt, unntatt meg og Mathias og Hanne. Håpar ikkje naboen blei veldig lei seg over at vi spelte Major Lazer på full guff. Eg har no teikna sofaen:
Den lilla var fri fantasi, eg har ikkje lilla veggar. Haha!
Men den er seriøst dødsgod. Dødsgod, I say! DØDSGOOOOOD!!!!111!1
Men uansett, det var jo ikkje DET eg skulle fortelle! No skal eg berre ete eit Mariekjeks først.
Mmh, den var god. Neida, det er jo Mariekjeks, dei smakar jo kanskje minst i heile verda! Haha! Kanskje eg burde krydra dei! Shit, eg skriv om så masse seriøst!
No kom eg på noko: En gang, mens eg gikk på barneskulen, så var eg kjempeforelska i ein gutt i klassa. Og så klarte lillebror og han å forbytte snøfjølene sine på Utvikfjellet! Dødslol! Då køyrte eg og pappa ned og bytta brett. Og så høyrte vi på Abba.
Det var ganske random, iblant lurere eg kvifor hjernen kastar slike minner etter deg.
Her har eg eit mariekjeks i munnen, men på tvers. Kvifor? Fordi eg er sprø. Og galen. Og heilt spesiell. Og noko for meg sjølv. I likhet med alle andre. HAH!
Så, kvar var eg?
I morgon skal eg bli flink. Og så skal eg lære Miss å synge andrestemma i Cee Lo Green sin "Forget you". Neida. Joda. Neida.
Takk for meg! Hadebra!
PS: Her er Miss:
Ho er ganske fin, igrunn!





0 kommentarer:
Legg inn en kommentar