mandag 31. oktober 2011

Verktøykasser & intervju!


Eg & Roffe kjøpe oss verktøykasser på Clas Ohlson i forrige veke! Og vi har pynta dei heilt sjølve! True story!

Miss seier: Dødsawesome!

Men uansett! No har eg mykje å fortelle, gitt. For eg fekk jo eit intervju hos Nynorsk mediesenter i NRK i Førde! Dei har 5 nynorskpraktikantar inne kvar haust og vår, som gjennomgår eit kurs i journalistikk, ein skikkelig hestekur som dei sjølv seier det. Og her har altså eg søkt, som praktikant neste år.

Av 39 søkarar, vart 9 plukka inn på intervju, og trur de ikkje at eg var ein av dei! Veldig, veldig nøgd med å komme så langt, kanskje spesielt ettersom søknaden min starta med "Hallaien! Anna her! Eg er 24 år, har ikkje fått visdomstennene mine enno, og folk sei at eg lignar på mor mi." Den kunne slå begge veiar, merka eg.

Difor slo eg følge med min kjære lillebror Roffe som var i Bergen forrige helg, og reiste til Breim søndag morgon. Intervjuet var ikkje før tirsdagen, men det var veldig kjekt å få litt kvalitetstid heime med familien, hestane og dei skjønne, og litt masete, men akk så fantastiske nabokidsa. Det blei bunadsprøving, ridetur, en kikk på den japanske kunstfilmen Briller (En film der det i grunn ikkje skjedde så mykje, men likte stemninga i den. Terningkast 3.), gøyme-og-leite, drageflyging, kvalpekos, Odinkos og en liten smule skule. Men berre en liten en.

Merkar at eg virkelig skal flytte tilbake på landet, en dag.

Så på tirsdag var det å reise avgårde til Førde tidlig morgon, eg og mor, med bagasjen i baksetet og nervene til langt opp over skuldrane. Rett før eg skulle inn, var eg så nervøs, at eg ikkje kunne snakke, men berre klynka litt, og hadde i grunn mest lyst å gå min veg. Då var det berre å rette seg opp, puste djupt ein gang, ta på seg dei taktfaste, lange stega og vandre sjølvsikkert inn, med kofferten på slep.

Og så bar det i veg! Først med eit vanleg intervju, med sine spørsmål og problemstillingar, og så fekk eg ein time på meg. Då skulle eg ta ein språktest, sortere nyheter og lage eit intervju. Så var det i studio og gjennomføre alt.

På to timar var det heile over, og då var eg ganske gåen, gitt! Trur det heile gikk greit, har ingen store forhåpningar om å komme inn, og er strengt tatt veldig fornøyd med å komme så langt i det heile tatt! Kjekt å bli innkalt, og morsomt å få vere med på å gjere noko slikt.

No er det berre å vente og sjå. I går såg eg forresten Tintin og Enhjørningens hemmelighet! I 3D! Den var superawesome! Eg koste meg ihvertfall kjempemasse! Og no har eg iaffal lyst på en liten hund! :D

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar