torsdag 20. oktober 2011

Can't read, buzy chillin'



JAJAJAJAJAJA, FOLKENS! KLOKKA ER 10:49, DET ER EN TORSDAG OG EG SITT JAGGU FORSYNE MEG PÅ EIN LESESAL!

Nesten nettopp ferdig med forelesing, i Ret203, medieretorikk! Det er ganske kult, og idag lærte vi om debattar, og kva som gjer deg til ein god debattant.

Men så leste eg i Studvest at i Ghana er dei "buzy chillin'!", så no får vi sjå da.

Uansett! En dag leste eg på Internett at i staden for å prokastrinertrere, så skal du dele opp arbeidet i mindre bolker. Her er dagens bolk:

1) Sjekke Twitter
2) Koble til hodetelefonane
3) Skru volum på så lavt som mulig pga sosial angst for at folk skal høyre kva eg driv med
4) Åpne Word
5) Lagre dokumentet som "SUPERAWESOME EMNEOPPGAVE!"
6) På skrivebordet slik at eg får dårleg samvittighet når eg Eple+H alle programma mine
7) Skrive en disposisjon
8) LOL 4ever
9) Ikkje LOLle meir pga sosial angst
10) Skrive ein innleiing
11) Grine litt over at dette skal inn neste onsdag
12) Slutte å grine, pga sosial angst
13) Ta meg sammen
14) Gå ut fra Twitter
15) Kjøpe en kaffi
16) Glede meg til ROFFE kjem ikveld!
17) Lure på om eg luktar rart
18) Bestemme seg for at det gjer eg sikkert, men pga sosial angst, ikkje gjere noko med det.
19) Klippe ut bildet av Nicolai i Studvest og henge det på en random guttedo med telefonnummer under
20) Sende sms til Anna med eit tilfeldig valgt sitat av Akielland
22) Åpne Word-dokumentet og stirre på det i minst 30 sekund
23) Ta meg sammen, del 2
24) Innsjå at vannflaska mi er nesten tom
25) Ikkje gidde å gjere noko med det
26) Finne ut at eg manglar punkt 21
27) Ikkje gidde å gjere noko med det
28) Sjå litt debatt
29) Prøve å skriptere ned kva Jens, Siv og Kristin eigentleg seier, og om dei er truverdige, karismatiske og følger oppskrifta for å vere in god debattant
30) Innsjå at eg ikkje har sjekka Facebook på nesten 3 timar
31) Få megalyst til å sjekke Facebook
32) Gjere det, men sluttar raskt pga sosial angst over at eg berre facebookar på lesesal
33) Uansett ingen nye spennande notifications
34) Åpne Word-dokument
35) Gå heim i blodskam

Oi, no har eg heilt glemt at eg hadde seminar idag! FAIL. Uansett for seint å gå dit no. Dessuten er eg dødsflink i Infomevi 201. Best i klassen, nesten. Neida. He, he! Eg skjønnar igrunn ikkje mykje. Pytt sann!


11:22: Kaffien frå forelesinga har begynt å miste sin effekt. Eg blir svakare og svakare. Snart er det berre skinn og bein igjen av meg, som arkeologar skal grave forsiktig fram frå lesepulten datert anno domini 2011, og gravd ut fra glemselen i det herrens år 2583. Det blir karbon-c-42-datering, og snart havnar eg på eit museum, uverdig framstilt for alle som vil glo og peike og seie "Æsj!" medan dei sveipar rundt på golvet i sine flygestøvlar og luftgitarar. Eit lite skilt skal henvise kven eg er "Kvinne, 20-åra, funnet begravd under bøker, aviser, telefoner og vannflasker. 2011." Og eg har sikkert stivna i en litt rar posisjon, med kjeven på skakke og med merker etter tastatur og sikkel på kinnet. Hatar når det skjer.

11:30: Ubesvart anrop! Avsendar gir meg litt sommarfuglar! Oi oi oi!

11:50: ÆÆÆÆH!!!! Hahahaha! No klarar eg neppe konsentrere meg meire her!! Har jo søkt NRK Nynorsk mediesenter, og idag fekk eg telefon om at eg skal komme på intervju! Neste tirsdag! SJUKT! HAHA! Det er jo superawesome! Shit banditt!

12:36: Framleis litt skjelven. Men må jo jobbe vidare. Ikkje bli heilt starstuck av meg sjølv. Såh! Kor langt er eg komt? 290 ord? Fabelaktig. Viktig med ros. Når eg har skrive 400 ord, kan eg feire med en Fox!

13:32: 703 ord! Snap! Effektiv! Jess! Og lunsj om 30 min. Då blir det Fox, kan du tru! Kanskje til og med to!

13:43: Romle, romle. Håpar ikkje heile lesesalen hatar meg no. LOL.
Følgande punkt gjenstår: 15, 19, 20 og 35. Så mykje går etter planen, gitt! Fabelaktig! Dette er dagens beste tips til alle prokrastrinatrorar! Gratulerer, og lykke til!

Men no trur eg at eg gir meg. Det dabba litt ut liksom. Men avslutter med eit bilete av meg som har gjort lytteklokkene om til briller:


Det er ikkje frå idag, men eg har same øyredobbar! Cool story, bro!

Haaaaade bra!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar