mandag 5. september 2011

Jammen inni slatan da

HEI!


Trur eg begynner med ein sang:

(Her skulle eg hatt inn en video med 50cent og Olivia, som synger om CandyShop. De får berre søke den opp på Spotify eller på Youtube eller viss du er skikkelig kul, på iTunes og spele den i bakgrunnen. Igrunn skulle eg hatt sånn video-vindu med Play-knapp her. Men det fekk eg ikkje til. Så de får berre spele dykkar eigne sangar, sånne Youtube-sangar øverst i blogginnlegg er uansett fryktelig irriterande, og eg gidd aldri høyre på den foreslåtte sangen uansett, så då kan det faktisk vere det samme, for eg trur ikkje eg er den einaste.)

Så, over til noko meir viktig! Jarle. Jarle sa nemlig at eg skulle blogge litt om Jarle. Jarle er lillebroren til Jon. Jarle har bursdag i februar, trur Jon, og Jon trur Jarle er ca 20 år. Jarle har blondt hår. Jon og søskena har den ultimate variasjonen innanfor hår og augefarge. Det er to fargar, blondt og brunt hår, og to augefargar, brunt og blått. Og desse søskena har alle variasjonar. Så her:



Jarle er litt overraska, fordi han har nettopp oppdaga at han har en kinesarhatt i staden for hår.

Men, så litt info om Jarle: Jarle likar finske metal-sangararar, som synger på engelsk og har pene damer fremst på coveret. Og så likar han handballdamer, og skumle filmar som tek stad i middelalderen. Og så HAR HAN JAGGU MEG EN BLOGG!!!!

Så, nok om det. Om du ikkje er nøgd no, Jarle, skal eg sette fyr på kinesarhatten din. Eg veit kvar du bur!

No skal eg gjere som ho som eg er litt avstandsforelska i, Marthe, og skrive litt om meg sjølv, fordi det er faktisk det kulaste i heile verden. Neida.

- Når eg dusjar, så syng eg ikkje. Det blir liksom heilt feil! Når eg køyrer BIL derimot, då kan eg synge! Og shit så flink eg er! Dødsflink!

- Folk som snakkar engelsk eller skriv på engelsk uten at det er nokon grunn til det, gir meg lyst til å spy litt. Unntaket er sjølvsagt om du har eit kult sitat eller det er nokon utanlandske som skal forstå deg og slikt, men bortsett fra det, er det berre fryktelig, fryktelig, fryktelig irriterande. Slutt med det. NO!

- Eg høyrer meir på radio enn på CD'ar. Dette medfører at eg kan berre éin sang per artist, fordi eg veldig sjeldent sjekkar ut resten av materialet.

- I blant kan eg brette papirfuglar, men eg glemmer det fra gang til gang. Papirbåtar er eg derimot en racer på!

- Mine favorittseriar er Top Gear, Reaper, Grey's Anatomy, the Simpsons og My Name is Earl. Og Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Neida. Joda. Neida.

- Om eg tar på meg ei skinnjakke, ser det ut som eg har stjelt den fra morra mi. Eg klarar ikkje å pulle den off (Til mitt forsvar: Eg har aldri klart å finne eit godt norskt uttrykk for å klare å bruke noko/klare å ha på seg noko uvanlig og likevel sjå bra ut! BRB, no må eg gå og spy litt av meg sjølv!).

- ....Her er ei ny teikning:


Men veit de kva! For atte.. Eg har fått FISHEYE-KAMERA!

Så eh ja. Har eg vert i Tallinn. Det var megasuperkoselig, og eg skal publisere foto av dette seinare.

No må eg gå og ommøblere litt i bestikk-skuffa!

HADE!

3 kommentarer: