søndag 31. juli 2011

Er dette himmelen?

I det eg gikk inn døra, kjentes det ut som eg var blitt bedøvd. Ikkje slik at eg ville falle om, men slik at alt kjentest litt meir diffust, litt vagt, litt fjernt.

Tenk om dette er himmelen. Tenk om dette er himmelen? Bartenderen smiler, det er stort trykk i baren, han smiler likevel. En venn gir meg ein øl (Om du då har ein venn), og vi vinkar mot ansikt eg ikkje klarer å identifisere. Kvifor døde vi igrunn?

Overalt er det stadig nye koblingar; Ansikt som får navn, ansikt som eg har sett før, venner til venner. Mitt jordlige liv har prega mitt nye. Det er veldig mange ukjente. Og alle har ei historie, alle har ei fortelling. Ingen er blanke ark, alle kunne fortalt deg noko som du kanskje ikkje forventa.

Musikken er overdøvande, eg gledar meg litt til vi blir edru. Men blir vi nokonsinne det? Kvelden tegner ut til å gli meir og meir over i en miks av sanseinntrykk. Lys, lyd, varme. Kvifor døde vi igrunn?

Nokon har en blåveis, skal det vise noko? Er det no vi er på vårt vakraste? I køen merkar eg at eg kan vente. Lenge. Det er ingen hast, og eg brettar en båt av hundrelappen. Det var ikkje så farlig. Eg ville få mitt tidsnok. Så lenge min venn bartenderen ekspederte meg, kunne eg stå her i timesvis. Uten å egentlig oppfatte musikken, uten å egentlig vite kva eg ville ha. Ukjente folk svirrar foran; Veit dei om kva som har skjedd? Veit dei kvifor vi døde?

Kan nokon fortelle meg historia? Kvifor er vi her? Vil eg treffe igjen kjente no? Vil pappa vere her, eller besten? Onkel Oddvar? Er dette himmelen? Først når lysa begynn å blinke, klarar eg å samle haudet, tankane skikkelig, og bedøvelsen glir forsiktig av.

Vi er nok ikkje i himmelen, enda.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar