Det var liksom ikkje planen, men så var eg ferdig på jobb, og så hadde eg drukke eit glass vin og så hadde eg jo faktisk kjøpt meg rockering, og så såg eg på litt Top Gear og så litt Big Bang og så vart bare denne merkelige lysta bare heilt enorm. Tilslutt tenkte eg "Pyttsann, tenk om eg dauar i morgon, då kan eg angre på at eg ikkje unna meg litt sjokolade." Og så knekte eg ut ni bitar, danderte dei fint på bordet, og lot ein og ein rulle rundt i munnen litt før eg tygde dei forsiktig sønder og sammen.
Ikkje at det er verdens undergang på nokon måte, folk eter jo sjokolade kvar dag, men for min del har det vert eit mål. Riktignok har vel både eg & andre stilt spørsmålsteikn ved kva definisjonen av snop er. "Chips, sjokolade og smågodt", har eg svara, og inkludert kake, heilt fram til mamma hadde bursdag, og då måtte eg jo faktisk berre smake den eg lagde såklart, korleis ellers kunne ein vite om det var ein suksess eller en fiasko som bare kunne hivast?
Men no er det skjerpings. Vi krysser av gårsdagen og later som ingenting, og no skal eg skrive oppgave som skal bli til ei 30 minutters tale, mens eg eter druer og om eg blir distrahert, er det rockering så lenge eg klarer.
Jepp. Det er en plan.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar