lørdag 14. mai 2011

Ostehøveljakt



Hei!

Eg er på jakt etter ostehøvelen min. Og mens eg leitar, tenkte eg at eg kunne skrive blogg! For det er jo faktisk ei stund sidan eg SKREIV noko her, synest eg å hugse. Mest bilder i det siste. Det blir kjedelig det også, i lengden! Så en superupdate her.

(LOL, ostehøveljakt avblåst. Den låg på bordet.)

Men det er ingen grunn til å slutte å skrive! I dag skulle eg ri igjen, faktisk! Det er ei stund sidan sist, eg rir jo på Øvre Eide iblant, ingen fast hest, men litt meir sånn no og då når eg får lånt meg en. Sist rei eg Tora, en utruleg bedagelig søndagstur, og eg rei barbak, som eg er veldig veldig glad i. Vi blei faktisk forbigått av en mann med barnevogn, så bedagelig var det. Eg skulle ri ho idag også, men då eg kom til stallen, var ho ferdig oppsalt og klar for å gå på en tre-firetimers tur saman med dei andre fjordingane. Tydeligvis hadde ho blitt utleid eller noko, og så hadde eg ikkje fått beskjed. Kjipt!

Koste litt med verdens koseligaste Sandung i staden, pelte meg heim, og, hald dykk fast - Sprang på tredemølle! LOL! Det er vel kanskje fleire veker siden sist, så etter en halvtime med greitt tempo, lata eg som eg hadde fått blemmer under føttene (Hadde visst en også) og kapitulerte ned til rask gåing.

Dette skal eg skryte av i heile dag + morgon!

In other news, Mathias, min kjære bestevenn er tilbake i Norge etter et par månadar i India! Litt tynnare, fremdeles med en solid overleppedusk og med en god dose internhumor som vi ikkje skjønnar. "Maddafagga!" liksom! Dødskoselig! Men trur du han ville vere med på Melodi Grand Prix-sjåing i kveld? Ååååneiddadu. Kjii-i-ipt. For det er planen! Haha! Berre å komme. Jon er i Vik, så det er fritt fram. Janne blir konfirmert, og det må jo feirast. Eg har sneke meg unna alt av konfirmasjonar i år, skyldar på eksamen. Det er litt sant, då. På torsdag hadde eg eksamen i Mevi102 (Ikkje 104, sorry Sara for at eg hardnakka meinte at 104 var metodefaget og at dei sikkert hadde bytta litt om på kodane siden du hadde faget (Dvs i fjor), sånn for morro skyld! Haha! Dumme-Anna.), det gikk OK+, så får vi sjå då.. Ommæh... Litt meir spent på eksamen i Ret206, det blir interessant ehehehe.

I tilleg blir eg & Jon snart naboar med Therese & Einar, det blir superdupert, faktisk! No har eg en plass eg skal sende Jon til når eg er lei av han. "Gå og plag Einar i staden!!!". Har lova å vere flyttehjelp, fordi eg er faktisk DØDSSTERK! Bare spør Jon! For i går var eg på Fretex, og fann endelig en grei stol til leiligheten. No more dansegolv, men det er i grunn heilt greitt. Den var bare 250, den knirkar litt når du setter deg i den og lener setet bakover, men best av alt - Den veier sånn ca 5 kilo, og eg bar den på hoveudet heile den lange, bratte, tunge, trange veien (heh) fra Fretex og til den første ytterdøra! Shiiiiiit!

Easy like sunday morning!

Aftenposten la ut en artikkel idag, der en fyr beskriver sine ti beste øyeblikk. Her er mine, sånn from the top of my head:
1) Å ri barbak på en hest som i likhet med deg har ingen behov for å stresse.
2) Følelsen av å endelig sette deg i sofaen og sjå utover en nyvaska og ryddig leilighet.
3) Når du får ete ein appelsin som er heilt perfekt.
4) Å våkne til sol og en kopp kaffi.
5) Adrenalinrushet når du sett utfor siste bakken i skitrekket og er litt usikker på om du vil klare å stoppe.
6) Oppdagelsen av eit nytt Pondusblad i butikken.
7) Når du finn ei bok som ser så spennande og bra ut at du nesten ikkje kan vente med å begynne på den.
8) Vorspillets aller første slurk av den aller første øl'en.
9) Følelsen av å levere inn den siste eksamenen for semesteret.
10) Når du møter ein hund som lograr ved synet og møtet med deg, sjølv om den aldri har sett deg før i heile sitt liv.

Og no er middagen klar!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar