tirsdag 6. mars 2012

Dinosaur & Anna jobbar med PR

Her ein dag vettø (Idag faktisk), så kom Lille Dinosaur til meg og sa at han kjeda seg. Han meinte også at eg skulda han litt kvalitetstid, sidan han faktisk hadde vert ein viktig støttespelar då eg blei PR-ansvarlig.


Og det kunne eg jo ikkje nekte for, en dinosaur kan gjere underverker for sjølvtilliten. Så eg strikka eit lite skjerf til han, eg!

I prosessen kunne eg ikkje unngå å legge merke til at han hadde fryktelig hard hud på, vel, heile kroppen.



Så snill som eg er, sa eg at eg kunne gni han inn med litt kvalitetshudkrem.


Og han bare "Ditto!" og gjengjelde tjenesten. Før det begynte å bli kleint, foreslo eg at vi kunne leike gjømsel!

Men dinosaurar er ikkje så fryktelig gode til å gøyme seg. Spilte med i fem minutter for det om.

"ÅHERREGUD DIN RAKKER! ER DET DER DU HAR GØYMT DEG!? Hadde eg aldri trudd LOL!" Så måtte vi gjere litt PR-arbeid:


Men så begynte Lille Dinosaur å bli VEL eplekjekk:


Hulen-logoen trengte ein oppussing, sa han, men eg sa at det gjer den igrunn ikkje. Så Lille Dinosaur tok seg den frihet til å lage ei eigen annonse i staden:

Og eg bare..


"Kanskje vi skal ta lunsj?" sa eg, og gravde fram ei pære. Dette var Lille Dinosaur meget einig i.


Så spiste vi pære, og stemninga var storslagen, fram til eg sa "Hi hi, du har samme form som pæra, du!"


Sjekk, Lille Dinosaur er jo egentlig bare en pære med bein. Samme farge og greier! 




Men då vart Lille Dinosaur djupt fornærma og gikk



..Og bare "SNAKKES! ALDRI!" Og då fekk jo eg dårleg samvittighet..




Så eg forta meg å seie SORRY BORRY eg bare kødda, vettø!  



Og så fekk Lille Dinosaur resten av pæra.


Bortsett fra at eg ikkje såg forskjell på en dinosaur og ei pære, så eg spiste han! Snap!





Desverre var jo Lille Dinosaur full av hudkrem, så eg bare døde, eg!

























HADE BRA!

søndag 26. februar 2012

Teikne-søndag

Idag har eg fått vaffel. Og så blei det teikning!























onsdag 22. februar 2012

Cute: Overload




Eg klarte ikkje fleire enn 3, fordi då holdt eg på å dø av akutt diabetes!

Hade bra!

tirsdag 21. februar 2012

Super-Tirsdag (Med masse snikreklame & dødsfine bilder)!

Hei bloggen!

Haha, neida. Men hei.

Idag sa Illimar at eg hadde slikt eit spennande liv! Og så tenkte eg at "Ja, fy fasan!" "Ikkje rart du har blogg!" sa han. "Ja!" sa eg. "Det er jammen meg sant!"

For idag har eg gjort mykje spennande, skal de vite. Først våkna eg i ni-tida, og skrudde på radioen. "Miksteip" snakka om pussige kombinasjonar innanfor duettar, og så drakk eg kaffi og tygde i meg nokre brødskiver. I natt drømte eg at eg eigde en ganske stor hest, og den var litt rampete, men fordi eg var så streng når eg skulle renske hovane, blei den snill. Den var gul. Eg har lyst på ein gul hest.

Medan eg åt brødskiver, bestilte eg også tags til Razika-plakatane! For Møhlenpris-frøknene skal spille på Hulen 2. mars, og eg er vennlig innstilt (Sjekk snikreklamen, då! Håhå!).

Så dro eg på meg kåpa (Ikkje eskimo-jakka som tåler stiv kuling og tusen minusgrader, men den andre), og la i veg mot Verftet! Og veit de, de var jo faktisk SOL idag!!

!!!!!11

(Den skulle ha smilefjes, men eg har kødda det til med brushane i Photoshop, så ehehe. Det gikk ikkje.)


Og litt til !!!!!1. Så eg hadde på meg SOLBRILLER!

(Arkivbilete.)


Men desverre klarte eg ikkje å gå i sola, lol. For når eg først kom til ei gate der sola hadde klart å stikke seg fram, gikk eg alltid på feil side. Og sidan eg er Socially Awkward Penguin iblant, turte eg ikkje skifte side utelukkande for å gå i sola. Dessuten gikk det sikkert raskare å gå rett fram, så eh..

Uansett! Eg kom meg i hvertfall fram til Made (Snikreklame del II, sidan dei var så hyggelige), fekk med meg en drøss plakatar fra ein hyggelig ung dame, rulla dei saman til ein passe diger rull, lasta på meg, satte på hyggelig musikk (Hugsar ikkje kva i farta) og fekk plukka opp tags'a eg hadde bestilt tidlegare.

Espen har hatt dagvakt på Hulen idag, så fann ut at eg skulle ta turen innom. Mest fordi eg hadde skreve "Espen" på handa mi i går, men kunne ikkje hugse kvifor eg skulle hugse på han.

Eg fekk dødsmasse pengar fordi eg hadde betalt for karneval, og Espen avslørte at han er litt lat. Det kan forklare mykje, og gir mulighetar for følgande:

Yeeeeeah, dødsflinke i matte 2012!


Mvh Overskeid & Sæthre.


Vi fann eit bilde av kongen i mariusgensar (Espen blei royalist på flekken), og så fann vi det som ser ut til å bli våre nye leiketøy 1 og 2. Men herregud for eit valg: Stjerneforma eller blinkande?

Etter å ha hengt rundt litt, gikk eg til Apollon for å henge opp fleire Razika-plakatar og gå heimover for å lage middag. På vegen tenkte eg på mykje lurt, som f.eks.:
• At livet er for kort til å fjerne USB'ar safely, samt alltid vente på grønn mann
• At eg gikk midt i vegen pga er badass, bitches!
• At eg igrunn ikkje er så badass likevel, lol
• Og en gang teikna eg ei heilt absurd stamtavle for korleis avle fram ein prikkete hest med islandshest-gangartane, fjordhestmanen og enorm sprang-kapasitet
• At Bergen har mange fine fargar på husa sine
• Og at eg ikkje skal jobbe idag, gitt!

På vegen møtte eg også ein ruskete liten Jack Russel-terrier, den såg kjempetøff ut, og den tissa overalt! Og så jagde den duer utanfor Grieghallen!

Den grønne fuglen er ei due, hugsa nemlig ikkje korleis duer såg ut i farta, unntatt at dei er litt grønne rundt halsen. Og grå. Og så er den skikkelig sur, lol!


Den såg skikkelig glad ut! Hunden altså! Eg tenkte at vi burde bli vennar, for eg også synest det er gøy å springe gjennom dueflokkar!

Så begynte eg å tenke på kva hund eg kunne tenke meg, og fann igrunn ikkje ut så mykje. Jack Russel Terriar, Dachsar, Corgiar er jo alle dødsfine hundar, men dei er ganske små. Har igrunn lyst på en hund eg kan klappe litt jovialt på magen utan at den får åndenød fordi den er så liten.

Kanskje en Beagle hadde vert noko, og så likar eg jo kjempegodt pudlar, så lenge dei er nedklippa, då ser dei råfine ut. Eller en Bedlington Terrier, dei er litt same som pudlar. Fine med kort lugg (Sjå så fine da!).

Eventuelt nokre heilt andre. Nok om DET.

Då eg kom heim, kikka eg i frysaren. Og fann en PIZZA! Hohoho! Tusen takk, lillebror! Den blir for øvrig spart, pga frossenpizza er best dagen derpå. Nom nom nom.

No skal eg.. Lage fiskepinnar, trur eg!

OG DER HAR DU DAGEN MIN SÅ LANGT :D I kveld blir det styremøte på Hulen (<3), så det blir  enda meir spennande og hyggelig og interessant. Men det får eg skrive om i morgon. Eller kanskje ikkje. Høhø.

Les heller om Disney Ladies from Last Night. Eller om Texts from Bennett. Eller kanskje orginalen, Texts from Last Night. Mykje morsommare!

Haaaade braaaa!

søndag 12. februar 2012

Karma og slikt

Eg leste en gang i eit kinesisk horoskop, at 1987, det var harens år det, og haren er eit av dei dyra med mest lykke og flaks.

Kanskje det er derav begrepet "harefot" har utvikla seg, at alle vil ha ein del av denne lykka som haren sprer rundt seg, og som samlar seg opp i velbrukte potar etter ein lang vinter.

Men så tenkte eg, vidare sjølvsagt, ein er da ikkje hare for all tid

at ein gang så må dette jo ta slutt

for eg har jo hatt sjukt flaks, eg har jo hatt enorm lykke,

for på ståande (hare)fot kan eg jo berre nevne to ganger at eg virkelig har følt at universet køddar med meg, og at no er det faktisk slutt på all morro og glede

men til tross for dette landa eg jo

med beina ned

og øyrene opp

og hoppa vidare, rimelig ubeskymra, rimelig uskadd,

og det var 1) då pappa døde og 2) då eit tre-årig forhold tok brått slutt en vinterdag i 2012

Og TIL TROSS for alt dette

til tross for all denne død og fordervelse, sorg, tårer og leie opplevelsar

så har eg grått ferdig

eg har sørga nok, og fått det fort ut av systemet, fordi dette var jo ikkje noko som skulle vare (Og det visste harehjertet mitt langt nok innerst inne), at det ein gang skulle ta slutt

og faktisk var det ein enorm lettelse

ei etterlengta pause

då sjukepleiaren sa "han kjem til å dø i natt" og då eg fekk spørsmålet "elskar du meg egentlig?"

så visste eg jo svaret

og det var jo allereie tenkt men ikkje uttalt

Og kanskje det er der det ligg

djupt, innerst inne

så er det faktisk så utruleg personlig at det går nesten ikkje an å grave djupare

i mitt heller grunne hjerte

som likevel har så stor plass for alt eg igrunn ikkje skulle ønske kunne finne sin plass der

Men la gå

Eg har mine svakhetar

og styrker, men gudane veit kva

Og når nokon snakkar om karma

så teier eg stilt

For karma er visst som energi;

det tar aldri slutt, det skiftar berre fasong, frå ein versjon til ein annan

Så då pappa forlot verden, fekk kanskje noko anna hans liv, og då forholdet tok slutt, kunne energien samle seg og vende om

Og eg likar den tankegangen, den at ting aldri tar slutt

For igrunn er vi berre molekyrar, søte deg

og harer som meg & deg

har ingen grunn til å sitte stille

For ein gang er vi oppløyste og gløymt

Men det er heldigvis veldig

veldig

lenge til.


mandag 6. februar 2012

DJ Repeat

Live i P3-morgen sa det så fint idag, at når ho først likar ein sang, går den på repeat til ho er drittlei. DJ Repeat. Eg kjenner meg igjen! No er det desse 3 sangane som den musikalske delen av hjernebarken ikkje heilt klarar å fordøye ferdig, og vil gjerne høyre om igjen. Og om igjen. Og så bortetter.










Så eh ja. Det går litt på repeat, enn så lenge. :)

søndag 5. februar 2012

Boom, like that

Wham, og der!

Der satt eg plutselig aleine i leiligheten, og skjønte omtrent ikkje kva som hadde skjedd. Klokka var nesten to på natta, og ingen ville svare på mine telefonsamtaler. Mor plukka til slutt opp telefonen, og eg hulka inn kva som var skjedd, og fekk roa meg kraftig ned i løpet av den samtalen.

I grunn var det ikkje så veldig overraskande, forholdet hadde skranta lenge, og den gnisten som burde ha vert der, hadde nok dødd stille ut utan at vi hadde turt å fortelle den andre at den faktisk var død. Kanskje i redsel for kva som venta, redsel for bli såra, eller aller verst: Såre den andre.

Eg pustar lettare no, det gneg mindre i sjela, så eg har ingen tvil: Det var virkelig det riktige.

"I ended a relationship that wasn't meant to be -- something that deep down I knew all along, but disregarded for a number of reasons I'm still trying to understand." (Rohwen)

Det er kanskje ikkje så veldig mykje å sei. Faktisk. Rohwen sin setning summerer det opp så fint. Det var ikkje meininga at det skulle bli oss, og det er ikkje så mykje å gruble over. Så no.
Sjå framover.
Pust djupt.
Gi gass.

tirsdag 31. januar 2012

Opprydding

Det pågår en ganske intens opprydding både i hus, hode & data om dagen, og gammalt rusk dukkar opp. Dette, det er min humor, det. Det kan ingen ta fra meg! :)

søndag 22. januar 2012

Anekdoke-Anna forteller sjukt spennande historier om dyr

Innså plutselig at eg brukte halve laurdagen på å fortelle vilt spennande historier om dyr eg har møtt på, hilst på og klappa på, til alle som tilfeldigvis var i nærheten. Superfail. No skal eg bruke 7 minutt på å ramse ned alt hjernen min kan vri ut av seg om dyrehistorier, så skal eg slutte, eg lovar!

Og go: Miss er heilt lik Tampa, en fillekatte eg hadde for mange år tilbake. Det var derfor eg ville passe på ho, for det var jo Tampa i forkledning! Skal finne bilder en dag.

Min besteveninne døpyte ein gang ein kalv for Anna, fordi den alltid kasta bøtta si så langt den kunne, etter at ho var ferdig med mjølka. Anna fekk en kalv, som ho trampa ned så den døde, kalv nr 2 blei kalt opp etter mi veninne Mona (Monark), og kalv nr 3 blei abortert, og då blei Anna karbonader. Annas mor fekk for øvrig to kalvar til dei påfølgande åra, som blei oppkalla etter mine lillebrødre Joakim og Roffe.

En gang eg hadde ein dårleg dag, gikk eg til Nadia, onkels shetlandshoppe, for å søke trøst. Nadia svarte med å bite meg i leppa. Merr.

Tanta mi hadde eingang ein vakker Flatcoated Retriver, Gaius. Vi passa på han, og av en eller annan grunn likte han å ete ballongar. Desse kom ut att med fargar og alt, og var eit litt foruroligande syn.

Den samme Gaius hadde problem med at han stakk av frå hagen deira støtt og stadig. Men det slutta han med då vi passa han heime hos oss, og glemte heile bikkja ute då vi skulle ete middag. Gaius blei sikkert så overraska over å ha blitt forlatt, så han berre låg og venta i hagen, og stakk aldri av meir.

Ei anna tante av meg hadde ein gang ein hund som heitte Steffen. Før det var det hunden Truls som regjerte. Fantasifulle navn, det skal dei ha!

Som liten pleide eg å sitte på katta vi hadde. Den var ikkje sterilisert, og fekk kattungar over ein lav sko. Pappa påstod at sidan vi satt på dei, kom kattungane ut flate, og eg har eit vagt minne om at han held fram to flate, døde kattungar. Anar ikkje om det var kun eit imaginært bilde, eller om det faktisk var sant, vi satt iaffal aldri meir på den katta.

En gang i tida hadde vi 12 høner, 2 kaniner, 1 katt og 1 golden retriver som heitte Lucas. Kaninene skulle visstnok begge vere hannar. Det var dei aldeles ikkje.

Onkel har ein annan shettis, Ivrig. En dag eg var ute med han, rei eg på han. Plutselig gjorde han eit hopp, og meg uten sal ramla såklart av. Vel, det var drøye 60 cm, så ikkje hardt fall med andre ord. Ivrig løp heimover, eg etter, med angst om at onkels flotte hingst skulle stikke av. En tjue meter før stallen stoppa Ivrig opp, snudde seg og...

Ja, der var dei sju minutta ute.

Takk for meg!

lørdag 14. januar 2012

Guilty pleasure

Det er omtrent som å kroppe på eit kjempestort sår. Og det er så deilig når lokket er nesten tomt for klistrelappar.




Er det litt rart? Men eg trur ikkje eg er den einaste som har slike greier, lol. Må du også dusje alle shampoflaskene når du skal skylle den éine som har skum på seg? For at dei ikkje skal bli misunnelige? Er du også glad i tellekantar på håndklea? I så fall er du ikkje aleine! Håhå!